Fritt fram for Uber ved Universitetet i Bergen
Tilsette ved Universitetet i København har fått melding om å slutte å bruke transport-appen Uber. I Norge har Uber blitt meld til politiet, og leiinga ved UiB vurderer om tilsette skal få køyre Uber på statens rekning også i framtida.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Ved Universitetet i København får ikkje dei tilsette lenger refundert reisa, dersom turen er køyrt av Uber. Det skriv Universitetsavisen.dk, ifølge På Høyden.
Den nye regelen ved Københavns universitet vart gjeldande 1. desember.
Bakgrunnen for avgjerda er ein dom i danske Landsretten 18. november. Her blei ein dom frå Københavns byrett stadfesta.
Ifølge dommer er seks danske Uber-sjåførar dømde til ulovlig piratdrosjeverksemd.
Tidlegare denne månaden meldte NTB at den danske påtalemyndigheita vil legge ned påstand om bot på om lag 30 000 danske kroner per køyretur som er formidla via Uber-appen.
Gjennom rutinemessig bilagskontroll er vi kjent med at Uber vert brukt av UiB-tilsette særleg i samband med bruk av taxi i utlandet
Per Arne Foshaug
Saka mot det nederlandske selskapet som formidlar bilar med sjåfør via ein app, vert no utvida, opplyser politiet i København til NTB.
UiB: Vil vurdere nye retningsliner
Også i Norge er verksemda til selskapet Uber omdiskutert. Om tilsette ved Universitetet i Bergen også i framtida vil kunne bruke Uber når dei er ute på tenestereiser, er ikkje klart.
Ifølge økonomidirektør Per Arne Foshaug vil UiB gjere ei vudering av kor vidt det er behov for nye retningsliner for bruk av tenester som Uber.
— Temaet er aktualisert i samband med ein dom i Drammen tingrett og ei avgjerd i Borgarting lagmannsrett, seier økonomidirektør Per Arne Foshaug.
Han er kjend med at UiB-tilsette bruker Uber når dei er ute og reiser.
— Gjennom rutinemessig bilagskontroll er vi kjent med at Uber vert brukt av UiB-tilsette særleg i samband med bruk av taxi i utlandet, seier Per Arne Foshaug.
— Kan UiB-tilsette få refundert taxiturar gjort via Uber?
— Betaling til Uber skjer frå den enkelte tilsette og blir refundert gjennom reiserekning eller som personrefusjon. Uber er dermed ikkje registrert som eigen leverandør, og universitetet har ikkje ein samla oversikt over bruken.
Uber meldt til politiet
Førre veke meldte Norges Taxiforbund selskapet Uber til politiet i Oslo. Dei meldte både enkeltsjåførar, Uber Norge, Uber International og Uber Technologies for brot på Yrkestransportlova.
— Det er grunn til å tru at Uber medverkar og legg til rette for kriminell verksemd, og vi håpar politiet kan etterforske dette, seier Øystein Trevland, styreleiar i Norges Taxiforbund ifølge NRK.
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!