Ny jobb

Tre nye institutt­leiarar tilsette i Stavanger

To interne og ein ekstern tiltrer i åremålsstillingane den 1. august.

Kjetil Vikhamar Thengs (t.v.), Morten Heide og Anita Berge blir alle nye instituttleiarar ved Universitetet i Stavanger frå august av.
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Styret ved Universitetet i Stavanger (UiS) har tilsett tre nye instituttleiarar. To under styremøtet i førre veke og ein i møtet i februar.

Alle tre tiltrer åremålsstillingane som instituttleiarar den 1. august.

Kjetil Vikhamar Thengs er tilsett som instituttleiar ved Institutt for kultur- og språkvitenskap fram til august 2024.

Han er i dag førsteamanuensis i engelsk språkvitskap ved instituttet og har doktorgrad i mellomengelsk, også frå UiS.

— Eg ønskjer å bidra til å vidareutvikle instituttet i ei positiv retning, både fagleg og sosialt, for tilsette og studentar, seier Thengs til Khrono.

Han nemner at fakultetet og universitetet er midt inne i ein prosess med å lage ny strategi, og at det er prosessar som han ønskjer å ta del i.

— Eg trur eg har noko å bidra med og det er ein av grunnane til at eg søkte på stillinga, seier Thengs.

Han har vore tilknytt universitetet og instituttet sidan 2008, som forskingsassistent, phd-stipendiat, postdoktor og førsteamanuensis.

Thengs tek med det over stafettpinnen etter noverande fungerande instituttleiar Ingrid Nielsen. Han får med det ansvaret for kring 70 tilsette og 1200 studentar, opplyser universitetet.

I tillegg til språk og kulturfag, har instituttet ansvar for UiS si lektorutdanning for trinn 8-13 og praktisk-pedagogisk utdanning.

Frå utanriksdepartementet til UiS

Ved Norsk hotellhøgskule (NHS), som er ein del av Det samfunnsvitskapelege fakultetet, har universitetsstyret tilsett Morten Heide som instituttleiar.

Han kjem frå jobben som seniorrådgjevar i Utanriksdepartementet, men har tidlegare mellom anna vore førsteamanuensis i tjenestemarkedsføring ved hotellhøgskulen. Han er utdanna ved Noregs handelshøgskule med ein dr.oecon, opplyser universitetet.

Heide tek over etter Trude Furunes, som har instituttleiar-rolla fram til 1. august.

— Eg synst det blir veldig hyggeleg å kome tilbake til Universitetet i Stavanger og gler meg til å byrje som instituttleiar ved NHS frå 1. august, skriv Heide i ein SMS til Khrono.

Heide får ansvaret for kring 30 tilsette og 550 studentar, ved eit institutt som har verdas nest eldste hotell- og reiselivsutdanning. Sidan 1912 har NHS utdanna hotelleiarar og leiarar innanfor reiseliv og servicesektoren, opplyser universitetet.

Fagmiljøet er unikt og er det fremste forskings- og kompetansesenter innanfor sine fagområde i Norden, skriv teamleder i HR-avdelinga, May Merete Tjessem Opdal, i ein e-post.

Får ansvaret for 60 tilsette

Også Institutt for barnehagelærerutdanning får ny leiar frå den 1. august. I februar tilsette universitetsstyret Anita Berge i stillinga.

Berge er i dag fast tilsett som førsteamanuensis i pedagogikk ved instituttet.

— Eg har jobba med barnehagelærarutdanning i 25 år og når denne stillinga vart ledig så tenkte eg at dette var ei spennande moglegheit til å få vere med å vidareutvikle utdanninga, seier Berge til Khrono.

Ho meiner det har skjedd mykje på barnehagefeltet, både med tanke på utdanning og forsking, og gler seg til å ta fatt på leiarrolla.

— Det blir jo ein ekstra faktor med desse koronatilstandane, så eg har ikkje fått tenkt så mykje på hausten. Men eg kjenner eg gler og er spent på å overta i august, seier Berge.

Instituttet Berge skal leie frå august av har ei sentral rolle i eitt av to nasjonale Senter for barnehageforsking (FILIORUM) som Forskingsrådet utnemnte i 2017, skriv Opdal i e-posten.

Berge tek over roret etter fungerande instituttleiar Anne Kristine Solberg Runestad, og vil få ansvaret for omlag 60 tilsette og 700 studentar.

Instituttleiarstilling kunngjort på ny

universitetsstyremøtet førre veke skulle styret eigentleg også tilsette leiar for Institutt for medie- og samfunnsfag. Men vedkommande som styret tilsette, tok ikkje imot tilbodet, opplyser Opdal.

Stillinga vil difor bli kunngjort på ny så snart som råd.

Powered by Labrador CMS