Studiestart
Tommel opp for vidare fadderveke i Bergen
Bergen kommune kom med tydelige signal om at fadderveka i Bergen bør halde fram, opplyser rektor. Neste veke opnar kommunen også for drop in-vaksinering.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Alle utdanningsinstitusjonane i Bergen tok onsdag ettermiddag ein felles fot i bakken med kommunen, på fadderveka sin tredje dag, etter blant anna fleire medieoppslag om tilstanden i Nygårdsparken.
— Eg oppfatta at kommunen er støttande til at vi alle held fram med faddervekene, fordi ein gjennom organisert aktivitet har bedre kontroll på smittevern enn om studentane ikkje har eit tilbod. Kommunen signaliserte også at det er mykje bedre at aktiviteten skjer utandørs enn innandørs, seier rektor ved Universitetet i Bergen (UiB), Margareth Hagen.
Utfordra kommunen
UiB-rektoren opplyser at dei har sett opp 14 telt på campus kor studentane kan opphalde seg, både for å spreie studentane, men også avlaste resten av byen.
Sjølv uttalte ho til Bergensavisen onsdag morgon at ho var skuffa over synet som møtte ho i Nygårdsparken i dag tidleg.
— Kva som skjer utanfor våre område og vårt organiserte opplegg har vi ikkje kontroll over. Difor utfordra vi kommunen til å sette inn tiltak mot støy og søppel, seier Hagen.
Har testa 3000
UiB-rektoren meiner det har vore ein trygg start på fadderveka, mykje grunna dugnadsinnsatsen til fleire tilsette og faddervaktene, som ho meiner gjer eit stort arbeid.
— Vi har hurtigtesta 3000 studentar så langt, og berre tre har testa positivt. Vi legg inn masse krefter for at studentane skal ha ei god og trygg fadderveke, seier Hagen, som sjølv har bytta ut Arendalsveka med faddervakt i Bergen sentrum.
Det ho sjølv har opplevd på si ferd som faddervakt gjer rektoren glad.
— Eg synst fadderane og studentane gjer ein kjempejobb. Bergen er ein studentby og det er utruleg fint å sjå alle tilbake i byen. Det gir energi, seier Hagen.
Drop in-vaksinering
Onsdag ettermiddag kunne også helsebyråd i Bergen, Beate Husa, informere om at det allereie neste veke blir vaksine-drop in for studentar.
Måndag til onsdag kan alle studentar som ikkje er folkeregistrerte i Bergen kommune møte opp og ta koronavaksine på Sentralbadet.
— Vi har sett av 5400 vaksinedoser til studentar, sa Husa under ein pressekonferanse.
Alle studentar som er folkeregistrerte i Bergen kommune vil også kunne ta vaksine på drop in-time neste veke.
Nyeste artikler
I juni settes Norsk vitenarkiv i gang, hvis alt går etter planen
Tredje disputas på 14 måneder: — Et løft for samisk akademia
Den globale økonomien er i endring. Klasserommene våre må holde tritt
Ble avkrevd 190.000 kroner midt i semesteret. Måtte avbryte studiet
Ved Nord universitet peker mange piler oppover
Mest lest
«Ment som en spøk», sa søkeren. Universitetet svarte med utestengelse i ett år
Ragnhild Hennum er ny rektor ved Universitetet i Oslo
Disse to jobber gjerne til de blir 72, hvis Stortinget rekker å bestemme seg
Tidligere studentleder tilstår underslag av 1,1 millioner kroner
Trump tar nesten tjue milliardar frå to universitet