Mens talet på studentar har auka heilt fram til i år, har ein del institusjonar allereie i fleire år merka ein nedgang i studentar som har møtt fram for å studere. Foto: Fanny Bu

Fleire institusjonar har hatt færre møtande studentar i fleire år

Tilstandsrapport. Søkartala til høgare utdanning har vore stigande i fleire år. Men tal frå Tilstandsrapport for høgare utdanning viser at ein del institusjonar har hatt færre frammøtte studentar i lang tid.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Universitetet i Oslo, OsloMet, Universitetet i Sørøst-Norge, Universitetet i Agder, Høgskulen på Vestlandet, Nord Universitet og Universitetet i Stavanger har alle opplevd den same tendensen:

Fakta

Sentrale faktafunn i Tilstandsrapporten 2019

Selv om årets søkertall viste en liten nedgang, har trenden de siste årene vært at stadig flere søker seg til høyere utdanning.

Tallet på studieplasser ikke har økt tilsvarende, er konkurransen om studieplassene blitt sterkere. Siden 2013 har antallet kvalifiserte søkere per studieplass økt fra 1,8 til 2,1 i snitt.

Totalt var det i 2018 registrert 278.334 studenter ved høyere utdanningsinstitusjoner i Norge.

Kvinnelige studenter utgjør et klart flertall med 59,1 prosent, men andelen mannlige studenter er noe høyere nå enn for ti år siden.

Aldri før har så mange disputert for doktorgraden i Norge. 1 564 doktorgrader ble avlagt i fjor, like mange av kvinner som av menn. Utenlandske statsborgere sto for 658 av disse, det høyeste tallet noen gang. Det utgjør 42 prosent av doktorgradene, opp tre prosentpoeng fra året før.

Andelen med førstestillingskompetanse på universiteter og høgskoler har økt fra 67 til 74 prosent.

Antall studiepoeng per faglig årsverk gått ned, ettersom antallet faglig ansatte har økt mer enn det samlede antall studiepoeng.

Antall publiseringspoeng per faglige ansatt har gått noe opp de siste årene, og mest ved de private institusjonene.

Andelen artikler som er publisert med en form for åpen tilgang, fortsatte å øke i 2018 og er nå på 68,9 prosent. I 2016 var andelen på 51,5 prosent.

Kilde: Tilstandsrapporten for høyere utdanning 2019, Diku

Trass i at det fram til og med 2018 var ei auke i talet på søkarar til høgare utdanning, har færre studentar møtt fram ved studiestart hos dei. Nedgangen byrja allereie i 2015 og 2016.

Dette kjem fram i vedlegga til Tilstandsrapport for høgare utdanning 2019.

Mange årsaker

Ved OsloMet merkar prorektor Nina Waaler òg at rekrutteringa svingar blant ulike profesjonar. I toppåret 2015 møtte 5159 studentar til studiestart. I 2018 var det berre 4779 som møtte for å byrje studentlivet ved institusjonen.

Dette er komplekst, og det er mange årsaker til svingningane.

Nina Waaler

— Dette er komplekst, og det er mange årsaker til svingningane. Det kan skuldast endringar i arbeidslivet, eller saker som har vore framme i media om kor sannsynleg det er at ein får jobb eller ikkje, seier ho til Khrono.

Ho er klar over nedgangen, men ikkje uroleg.

— Dersom det er færre søkarar til eit studieprogram med veldig mange søkarar er det ikkje sikkert at det har noko å seie. Men om ein ikkje få fylt opp plassane er det noko anna. Dersom plassar på eit studieprogram hamnar på restetorget år etter år er det noko ein må ta på alvor, seier ho.

Søkinga til sjukepleiarutdanninga gjekk med over 18 prosent i år.

— Men vi har så mange søkarar til det studiet, så det får ikkje særlege konsekvensar for oss, seier Waaler.

Opp og ned lengst i nord

UiT - Norges arktiske universitet har den mest ujamne utviklinga, med store variasjonar etter 2015. I 2016 møtte nær 900 fleire studentar til studiestart samanlikna med året før, men det skuldast at tala frå høgskulane som då blei infusjonerte ikkje var samanliknbare med UiT sine.

— Vi kan ha ei litt hakkete utvikling fordi vi har samlingsbaserte studium, som ikkje startar kvart år. I 2019 har vi gått litt ned i talet på søkarar, men før det har vi hatt 25 prosents vekst over fem år, fortel Wenche Jakobsen, som er prorektor for utdanning og kvalitet ved UiT.

Og det er ikkje berre i Tromsø dei veks: Alle campusane til UiT aukar.

— Vi har til dømes fått økonomiutdanning i Alta, og fleire studieplassar til sjukepleie i Finnmark.

Prorektoren trur ikkje konkurransen om ungdomskulla blir lettare i åra som kjem:

— Vi må arbeide hardt for framleis å ha dei gode søkartala, ettersom ungdomskulla går litt ned. Og så får vi sjå korleis det går framover. Men noko blir vel vridd over mot etter- og vidareutdanning, seier Jakobsen.

Færre tilbod etter skjerpa krav i Oslo

Ved Universitetet i Oslo har dei gått inn i tala, for å sjå korfor drøyt 400 færre studentar møtte til studiestart i 2018, samanlikna med 2016.

— Tala gjeld kun lavare grads studium, kor UiO har gitt noko færre tilbod dei siste åra. I det store og heile er det snakk om små avvik når tala vi har er så store. Totalt i 2018 ga UiO 10.829 søkarar tilbod om studieplass, og 11.198 tilbod i 2017, skriv avdelingsdirektør Hanne Ekeli ved avdeling for studieadministrasjon.

Nedgangen i talet på studentar på lavare grad i 2018 kjem for det meste av at det blir gitt færre tilbod på einskilde studium i realfag, og då særleg årseining i realfag. Der har det vore færre kvalifiserte søkarar, truleg på grunn av dei skjerpa opptakskrava frå hausten 2018.

Uproblematisk med mange kvalifiserte

NTNU, Høgskolen i Innlandet og Høgskolen i Østfold er derimot blant vinnarane, som stort sett har vakse kvart år fram til 2018.

— På mange studium har vi eit stort tal kvalifiserte søkarar, og vi har i stor grad lukka studium. Då er det konkurranse om å komme inn, og det kan truleg bety mykje for om ein klarer å fylle plassane, seier Anne Borg, som er prorektor for utdanning ved NTNU.

Institusjonen har òg vore flinke med å treffe i opptaket:

— Vi bruker erfaringsdata for å avgjere kor mykje vi skal overbooke i talet på tilbod om studieplass. Den metodikken fungerer for å få fylt opp plassane, seier ho.

Etter at høgskulane i Sør-Trøndelag, Ålesund og Gjøvik blei fusjonert inn i NTNU går dei no gjennom rutinene på nytt, for dei fire institusjonane overbooka ikkje på same måte.

— Det varierer for oss òg, om du ser på talet på søkarar på ulike studieprogram. Vi har til dømes hatt ein stor auke innanfor IKT-området, der vi har eit stort tilbod. Men som fleire andre institusjonar slit vi med talet på søkarar til språkfaga våre, forklarer Borg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS