Tage Båtsvik, direktør på Høgskulen på Vestlandet er nøgd med søkjarane. Foto: Tor Fastad

No legg dei tilsett-kabal på Høgskulen på Vestlandet

Kabal i vest. 33 kvinner og 19 menn har søkt på mellomleiarstillingar ved Høgskulen på Vestlandet. Her kan du sjå kven.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskulen på Vestlandet er i ferd med å tilsetje leiarar ved fakultet og avdelingar. Berre interne kan søkje, og til nokre av stillingane er det berre éin søkjar.

Basert på søkjartala kan det likevel bli godt med kvinner blant dei nye leiarane på den samanslåtte høgskulen: 33 av søkjarane er kvinner, mens 19 er menn.

Talet på søkjarar varierer mellom 1 og 8. Til to av stillingane var det berre ein søkjar, mens til fem stillingar var det to søkjarar.

Ingen skal måtte flytte

Organisasjonsdirektør Tage Båtsvik er glad over at høgskulen no får fylt leiarstillingane.

— Vi er nøgde med søkjartilfanget, og det er kvalifikasjonsprinsippet som gjelder.

I fusjonsplattforma låg det fast at stillingane skulle utlysast internt, med mindre det var særlege grunnar for å hente inn ekstern kompetanse.

Det er og slått fast som prinsipp at dei som blir tilsette som leiarar skal kunne jobbe der dei ønskjer, då ingen tilsette skal måtte flytte som ei følgje av fusjonen.

— Først og fremst er dette ein tryggleik for at folk ikkje skal måtte flytte. Vi har mange stillingar og funksjonar vi kan utlyse heilt uavhengig av geografi, seier Båtsvik.

Klar i løpet av få veker

Det finst og jobbar der nokre søkjarar har fortrinnsrett til stillingane, til dømes dersom personen allereie har den same stillinga, eller ei stilling som liknar.

— Det er fullt trøkk med interjvu desse vekene, så håper vi at størstedelen skal vere på plass inn mot 1. juni, seier Båtsvik.

Les også:

17 har søkt toppjobber på HVL

Reint kvinnerektorat på Vestlandet

Samla styret i vest for administrasjonsmodell

Anne Lone Hovland opplyser at dersom det er søkjarar med fortrinnsrett til stillingane vert det i første omgang gjennomført fortrinnsrettskonkurranse mellom desse søkjarane. Elles vert det gjennomført intervju og tilsetting etter normale prosedyrar for tilsetting.

Desse har søkt administrative leiarstillingar på HVL:

Administrasjonssjef ved Fakultet for helse- og sosialvitskap:

  • Karl Henrik Svensson
  • Trude Engebretsen
  • Liv Synnøve Bøyum
  • Kristen Stæger-Breisnes
  • Reni Herland
  • Cecilie Thaule Løvlid

Studieadministrativ leiar ved Fakultet for helse- og sosialvitskap:

  • Jannicke Holmseth Bukve
  • Cecilie Thaule
  • Kristin Senneset
  • Kristen Stæger-Breisnes
  • Kjell Magnar Helland

Administrasjonssjef ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett:

  • Tone Reistad
  • Reni Herland

Studieadministrativ leiar ved fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett:

  • Solfrid Kjoberg
  • Håvard Ulstein
  • Eli Hilde Borsholm
  • Kirsti Møller Bruland
  • Kjell Magnar Helland

Administrasjonssjef ved Fakultet for økonomi og samfunnsvitskap:

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • Karl Henrik Svensson
  • Gro Nesheim
  • Trude Engebretsen
  • Liv Synnøve Bøyum
  • Tone Reistad
  • Reni Herland
  • Kristin Reiso Lawther

Administrasjonssjef ved Fakultet for ingeniør og naturfag:

  • Karl Henrik Svensson
  • Henning Norheim

Avdelingsleiar for Avdeling for Forsking, innovasjon og internasjonalisering:

  • Eirin Fausa Pettersen

Nestleiar for Avdeling for forsking, innovasjon og internasjonalisering:

  • Elin Kvaale

Avdelingsleiar for Avdeling for bibliotek:

  • Astrid Sandnes
  • Turid Bogetvedt Hitland

Avdelingsleiar for Avdeling for utdanningskvalitet:

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • Cecilie Thaule Løvlid
  • Solfrid Kjoberg
  • Kristin Senneset
  • Bente Sønsthagen
  • Tone Skjerdal

Avdelingsleiar for Avdeling for studieadministrasjon:

  • Espen Fosse
  • Solfrid Kjoberg
  • Arnstein Menes
  • Unni Beite Rognvin
  • Kjell Magnar Helland

Avdelingsleiar for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt:

  • Nina Samnøy
  • Svein Ove Eikenes
  • Kristin Reiso Lawther
  • Helge Olsen

Nestleiar for Avdeling for kommunikasjon og samfunnskontakt:

  • Nina Samnøy
  • Svein Ove Eikenes
  • Kristin Reiso Lawther
  • Helge Olsen

Avdelingsleiar for HR-avdelinga (ikkje endeleg namnsett):

  • Wenche Fjørtoft
  • Ida Heggholmen
  • Håvard Skibenes

Nestleiar for HR-avdelinga (ikkje endeleg namnsett):

  • Anne Marit Morken
  • Lillian Olsen
  • Ida Heggholmen
  • Wenche Fjørtoft
  • Liv Synnøve Bøyum
  • Håvard Skibenes
  • Kristina Sande

Avdelingsleiar for Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering (ikkje endeleg namnsett):

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • Wiggo Hustad
  • Trude Engebretsen
  • Paul Glenn
  • Knut Vindenes

Nestleiar for Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering (ikkje endeleg namnsett):

  • Knut Erling Øien
  • Idar Flemmen

Avdelingsleiar for Avdeling for økonomi:

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • Trude Engebretsen
  • Håvard Skibenes
  • Jan Ove Henriksen

Nestleiar for Avdeling for økonomi:

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • Kristine Tangen
  • Ellen England
  • Kirsten Bakken
  • Håvard Skibenes

Avdelingsleiar for arealforvaltning, drift og utvikling:

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • Endre Laastad
  • Hans Erik Lundberg
  • Håvard Skibenes

Einingsleiar for areal og drift – Sogn og Fjordane:

  • Karianne Brøndbo Bergheim
  • John Ove Berge
  • Håvard Skibenes
  • Kristin Loftesnes

Einingsleiar for areal og drift – Stord/Haugesund:

  • Hans Erik Lundberg

Her finn du fleire Khrono-saker om Høgskulen på Vestlandet

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS