Styreleiar på HVL, Arvid Hallén, meinte det var viktig å få eit vedtak i saka om organisering. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Fekk samla styret i vest om ny organisasjon

Organisering. Trass motstand frå dei tillitsvalde og delte meiningar om ei rekke felt, fekk Arvid Hallén styret ved Høgskulen på Vestlandet til å vedta ny organisering av administrasjonen.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På førehand hadde dei tillitsvalde sendt brev til styremedlemmene og gitt uttrykk for misnøye med ein del punkt. Dei ønska mellom anna ei anna organisering på dei fem campusane til HVL, og ei større oppdeling av funksjonane til administrasjonen.

Dei tillitsvalde har òg tidlegare vore misnøgde med måten dei er tatt med på råd om viktige avgjerder ved den fusjonerte høgskulen.

Ingen flytting eller oppseiingar

Fleire i styret tok òg til orde for at ein del strategisk viktige område måtte synleggjerast meir: Etter- og vidareutdanning burde kanskje vere ei eiga eining, og forsking og internasjonalisering burde splittast opp under to leiarar.

Ein ting er sikkert, og det er at dette vedtaket må gjerast i dag. Eg synest forslaget ser gjennomarbeidd ut.

Arvid Hallén

— Ingen skal flytte, og ingen skal miste jobben. Det er eit positivt utgangspunkt for organiseringa, sa rektor Berit Rokne i innleiinga til saka.

HVL har kring 600 administrativt tilsette, og 1.000 faglege.

— Det som ligg på bordet speglar på ingen måte forventningane mange tilsette har hatt. Det handlar mellom anna om geografien og dei mange avdelingane, som gjer det heile komplisert. Eg saknar òg nyansar her: Kva er utfordringane, og kva er fordelane, slik det er foreslått, sa Marit Ubbe, som representerer dei administrativt tilsette i styret.

Justerte forslag

HVL-styret har hatt ei rekke vanskelege diskusjonar om organisering, der det ofte har vore ein motsetnad mellom leiinga sine ønskje om å ikkje ha for mange einingar, mens andre tilsette har vore opptekne av å synleggjere viktige fagområde.

Styreleiar Arvid Hallén la press på styret for å få til eit vedtak torsdag:

— Ein ting er sikkert, og det er at dette vedtaket må gjerast i dag. Eg synest forslaget ser gjennomarbeidd ut. Først kjem boksologien, og deretter skal ein få dette til å bli operativt. Og så kan ein korrigere dersom ein ser at dette ikkje fungerer, sa Hallén.

Etter ein lengre diskusjon fekk han styret med på eit noko justert forslag, der styret ba om at det blei gjort ei risikovurdering av om organisasjonsmodellen mellom anna ville sikre heilskapleg campusutvikling, og elles tok omsyn til innvendingane som har blitt reist.

— Dette er ein kolossalt viktig augneblink i historia til HVL. Vi får no på plass ei organisering som er komplett, sa Hallén.

FAKTA

Høgskulen på Vestlandet (HVL) ble etablert 1.januar 2017 etter at høgskolene i Stord/Haugesund, Sogn og Fjordane og Bergen ble slått sammen og har 16.000 studenter.

Navn på engelsk: Western Norway University of Applied Sciences (HVL)

Ansatt rektor er Berit Rokne.

Høgskolen har fem ulike studiesteder:

  • Bergen
  • Førde
  • Haugesund
  • Sogndal
  • Stord

Skolen har som mål om å bli universitet tidligst 2023.

Høgskulen på Vestlandet har nynorsk som arbeidsspråk.

Kilde: hvl.no

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS