Det er kome inn 17 interne søknader til seks toppjobbar ved Høgskulen på Vestlandet. Arbeidsoppgåvene er mange i ein organisasjon som berre så vidt er slått saman. Foto: Tor H. Monsen

17 har søkt toppjobbar på Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet har fått eit rektorat med kun kvinner. På neste leiingsnivå er det seks kvinnelege og elleve mannlege søkarar.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Det hastar å få tilsett ny leiing ved Høgskulen på Vestlandet, og allereie 11. mai skal det tilsetjast fire dekanar og to direktørar ved institusjonen, skriv På Høyden.

Stillingane har berre vore utlyste internt, og mange leiarar frå dei opprinnelege tre høgskulane ønskjer seg posisjonar i den nye organisasjonen.

— Store utfordringar

Randi Skår (biletet) er i dag dekan ved Avdeling for helsefag i Førde. No søkjer ho utfordringa som dekan for nytt fakultet for helse- og sosialfaga.

— Helse- og sosialfaga er inne i ein veldig spennande utvikling. Det er store utfordringar knytt til faga framover, og for meg er det særs interessant å kunne vere med og utvikle helsetenestene vidare i velferdssamfunnet vårt.

Dekanstillinga for helse- og sosialfaga er dessutan den mest populære av dei utlyste jobbane, med fire søkarar frå både Bergen, Førde og Stord/Haugesund.

Vil binde saman fagmiljøa

Dekan for det nye fakultetet for økonomisk-administrative fag, nautikk og samfunnsfag er det to personer som kan tenke seg å leie.

Anne Isabelle Robbestad (biletet) er i dag dekan ved Avdeling for tekniske, økonomiske og maritime fag i Haugesund, men søker nå utfordringa som dekan på det såkalla fjerde fakultetet på HVL.

— Eg er allereie dekan for nokre av dei same faga, med ca. 90 tilsette, og det er om lag same storleik som det nye fakultetet, med rundt 120 tilsette, seier Robbestad, som har bakgrunn frå økonomi og administrasjon.

— Eg har ti års undervisningserfaring innan bedriftsøkonomi, økonomistyring og strategi. Det siste året har eg jobba mykje med nautikk, der det skjer veldig mykje. Og vi har så smått byrja å sjå på synergiane vi kan få mellom faga på det nye fakultetet, samt ingeniørmiljøa.

Ho har stor tru på ei samling av ulike fagmiljø i eit nytt fakultet.

— Kvart av miljøa innan økonomi og administrasjon har sine sterke sider. I Haugesund er vi til dømes flinke innanfor nautikk, og til å involvere næringslivet. I Bergen er dei gode på innovasjon, og nivået på studentane er veldig høgt. I Sogndal har dei samfunnsfaga og gode tilbod kring leiing i offentleg sektor. Det blir spennande å binde dette saman.

Mannleg lærardekan

Dekan for det nye fakultetet for lærarutdanningar, idrett og kulturfag blir truleg ein mann, for denne stillinga er det berre to mannlege søkarar, Knut Steinar Engelsen og Asle Holthe som har søkt.

Stillinga som organisasjonsdirektør ligg òg an til å bli ein mann, for ingen av dei tre søkarane er kvinner. To menn og ei kvinne søker stillinga som direktør for økonomi og arealforvaltning.

Til den siste dekanstillinga, på det nye fakultetet for ingeniør- og naturfag, er det tre søkarar. Ein av dei er Geir Anton Johansen (bildet), som i dag er dekan på Avdeling for ingeniør- og økonomifag i Bergen. Han søkte og på stillinga som rektor, og var ein av dei tre som var med heilt til siste runde.

— Sjølv om eg søkte på rektorstillinga har det heile tida vore denne som har vore mest interessant, seier Johansen.

Han har vore aktiv i TeknoVest, eit nettverk for teknologiutdanning og forsking på Vestlandet, i ei årrekkje.

— Eg har stor interesse for å få til noko på Vestlandet, seier Johansen, som òg synest det er viktig å få eit tett samarbeid med økonomifaga på HVL

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS