Tilbyr telefonsamtaler og følgjer opp elevar
Grunna koronasmitta måtte Torgunn Vattøy Keilen (24) vende snuten heim frå Warszawa i Polen, der ho til dagleg studerer, skriv Bergens Tidende.
Heime i Bergen har ho engasjert seg i Facebook-gruppene for koronahjelp. Keilen tilbyr seg å snakke med framande menneskje som er uroa for tida som kjem, eller av andre grunnar treng nokon å snakke med.
— Eg er i karantene allereie, så eg kan like gjerne bruke det til noko fornuftig, seier psykologistudenten
Ei anna som tilbyr hjelp over nettet er Sara Berge Økland (25), lektorstudent ved Universitetet i Bergen.
— Det er ei utfordring for mange skular å få det nye systemet opp å gå. Vi ønskjer å vere tilgjengeleg for dei som treng det, seier Økland.
(Joar Hystad / Khrono)