tilsetjing
Styret ved UiB diskuterer Olsen si vidare rolle
Universitetsstyret ved Universitetet i Bergen diskuterer no om Dag Rune Olsen framleis bør vera rektor, etter at han har takka ja til stilling som rektor i Tromsø.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
— Det er ikkje berre rett og rimeleg, men òg naudsynt, at mi rolle og om det kan verta interessekonflikter vert drøfta.
Det sa Dag Rune Olsen før han fekk universitetsstyret med seg på å lukka møtet.
Som Khrono har skrive, har Olsen takka ja til stilling som rektor ved Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet, frå 1.august neste år. Han sit som valt rektor ved UiB fram til same dato.
Torsdag sa Olsen til Khrono at han vil diskutera saka med styret. Forskerforbundet på UiB har vore tydeleg på at dei meiner det er ryddigast at Olsen går av som rektor med det same.
— Sjølv om det er eg som skal bestemma om eg skal stå ut perioden eller tre til side, vil det styret gir av råd vera gjeldande for mi avgjerdsle. Det er viktig å lytta til deet høgste organet ved UiB, sa Olsen i innleiinga til styremøtet.
Både Olsen og Kjell Bernstrøm, som har siste dag som universitetsdirektør ved UiB, sa seg inhabile i sakshandsaminga.
Nylige artikler
Svenskene faller. Norge holder stø kurs, men ett universitet har gitt opp
«Vi kan ikke bare stå sammen»
Nytt styre bør rekruttere ny rektor
Her er Aps medlemmer av utdanningskomiteen
Generell kjønnskvotering i Forskningsrådet skal fases ut
Mest leste artikler
Får ikke sykepenger fordi hun var ekstern sensor
I harnisk over at universitetet innfører låste soner på campusene
Bjarne (69) vert pensjonist for at Simon (33) skal få jobb
Ho opplevde noko mange opplever: Å få avhandlinga i retur
Doktorgradene under lupen. Flere skeptiske til «arbeidsrelevans»