Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm ved Universitetet i Bergen. Foto: Silje Katrine Robinson

Ny rekord i eksterne midlar på UiB

Bergen. I 2017 fekk Universitetet i Bergen inn 936,5 millionar kroner i bidrags- og oppdragsaktivitet. Det er ny rekord.

Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Me nærmar oss ein milliard kroner i eksterne midlar, sa ein nøgd rektor Dag Rune Olsen i torsdagens styremøte, ifølge På Høyden.

Styret handsama økonomirapporten der ein såg heile 2017 under eitt. Den viser at UiB kan overføra 208,9 millionar kroner til 2018. Dette er meir enn ein overførte frå 2016, men likevel noko under budsjett.

— Økonomien er generelt litt prega av at me valte å utsetja sal av nokre bygg, sa universitetsdirektør Kjell Bernstrøm.

Utsett sal

Økonomien er generelt litt prega av at me valte å utsetja sal av nokre bygg

Kjell Bernstrøm

Det er særleg salet av Vektertorget som viser att i økonomien. Takst på bygget er 70 millioner kroner. Planen er å selja bygget i 2018.

— Eigedomsavdelinga har mellom anna brukt 20 millionar kroner på Årstadveien 17. Dette var pengar som skulle koma frå salet av Vektertorget, sa Bernstrøm.

Årstadveien 17 er det gamle odontologibygget, som skal verta ein del av den nye helseklynga på Årstadvollen.

Eigedomsavdelinga har òg brukt ti millionar kroner på sikring. Midlar vart omdisponerte etter innbrotet på universitetsmuseet. Det informerte Bernstrøm om då han presenterte forslaget til årsrapport, som skal sendast til Kunnskapsdepartementet.

— Me må nok innrømma at me ikkje har vore gode nok på sikring. No opplyser museumsdirektøren at 80 prosent av dei stolne gjenstandane er komne attende, sa Bernstrøm.

Underskot ved to fakultet

Sjølv om UiB totalt sett går med overskot, er det sprik mellom fakulteta. Både Det humanistiske og Det juridiske fakultetet har slite med økonomien dei siste åra. No viser tala at det er betring å spora. HF gjekk inn i 2017 med eit underskot på 18,5 millionar kroner. Den negative overføringa til 2018 er 10,2 millionar kroner.

Det juridiske fakultetet gjekk inn i 2017 med eit negativt resultat på 12,8 millionar kroner, og budsjetterte med at dette skulle auka i løpet av året. Det gjorde det, men underskotet vart ikkje så stort som frykta. Likevel tok fakultetet med seg eit underskot på 15,3 millionar kroner. BOA-inntektene vart lågare enn budsjettert ved begge fakulteta, men avviket var størst hos juristane.

På motsett side fekk Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet eit overskot på 35,9 millionar kroner i 2017. Dette var mellom anna knytta til toppfinansiering av ERC-prosjekt, og dei eksterne inntektene var òg høgare enn venta. Det medisinske fakultetet fekk òg inn meir eksterne inntekter enn dei hadde budsjettert med. Fakultetet gjekk inn i 2017 med ei overføring frå året før, og enda 2017 med over 45 millionar i pluss. Fakultet for kunst, musikk og design tok med seg 27,3 millionar kroner inn i 2018. Det samfunnsvitskapelege fakultetet, Det psykologiske fakultetet og Universitetsmuseet har alle òg positive resultat i 2017, medan Universitetsbiblioteket gjekk litt i minus.

Vil ikkje overføra for mykje

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm er oppteken av at overføringane frå år til år ikkje skal vera for store. Dette er noko som òg har fått mediemerksemd, mellom anna har det vore skrive om at NTNU og UiA har hatt store summar på bok. Det er òg knytt politisk merksemd til overføringane.

— Eg ser ikkje på vår overføring til 2018 som unormalt høg. Dette er noko som naturleg vil svinga litt over tid, sa Bernstrøm.

Universitetsstyret vedtok at dei einingane som har eit overskot som er meir enn tre prosent, denne gongen skal få ha kontroll på desse pengane sjølve. Tidlegare har det vorte vedtatt at overskot på meir enn tre prosent skal gå inn i den sentrale UiB-potten.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS