Øyvind Alexander Ordemann (t.v.), Markus Lilleheil (leiar) og Bemnet Meselu (nestleiar) sit alle i styret for Studenttinget i Molde, som no har fatta førstegangsvedtak om å melde seg ut av NSO. Foto: Arild J. Waagbø

Studenttinget i Molde vil melde seg ut av NSO — meiner organisasjonen gløymer medlemslaga

Utmelding. Studenttinget ved Høgskulen i Molde har samrøystes fatta førstegongsvedtak om å melde seg ut av Norsk studentorganisasjon (NSO).

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Alle dei 14 studenttingsmedlemmane som møtte opp på møtet onsdag, gjekk samrøystes inn for å melde Studenttinget ved Høgskulen i Molde ut av Norsk studentorganisasjon (NSO).

Forslaget kom på dagsorden allereie i april, då ein student bad Studenttinget fatte vedtak om utmelding. Den gong vart vedtakssaka utsett og den nye leiaren i styret for Studenttinget, Markus Lilleheil, valde å utsetje ho enno litt lenger, slik at nye medlemmar først skulle bli betre kjende med NSO.

Gjekk mot styret si innstilling

Likevel valde eit samrøystes Studentting å fatte eit såkalla førstegongsvedtak om å melde seg ut av NSO. Dette trass i at styret si innstilling var at Molde-studentane framleis skulle vere NSO-medlemmar.

Styreleiar Markus Lilleheil seier det vart mykje diskusjon då vedtaket skulle fattast. Men han trekk fram ei hovudårsak til at Moldestudentane ynskte utmelding:

— Dei opplever at NSO har for lite fokus på sine medlemslag og for mykje fokus på lobbyverksemd opp mot Stortinget. Fleire meiner ein vil ha betre nytte av å bruke pengane som har gått til kontingent her lokalt, seier Lilleheil til Khrono.

Studenttinget ved høgskulen betalar inn om lag 100 000 kroner i året i medlemskontingent til NSO, ifølgje Panorama. Pengane kjem gjennom ein liten sum i semesteravgifta til studentane. Slik fungerar finansieringa ved alle høgare utdanningsinstitusjonar i Noreg.

Kritiske til NSO-resolusjon

Fleire av logistikkstudentane i Studenttinget uttrykte også misnøye med ein av resolusjonane NSO fatta i vår om at «statleg finansiering av petroleumsforsking som ikkje kan sameinast med Noreg sine klimaforpliktingar må ta slutt», skriv Panorama. Mange meinte ein slik politikk vil råke forskinga ved Høgskulen i Molde.

Det må likevel eit andregongsvedtak til før ei utmelding kan finne stad. Og det er det Studenttinget i neste periode som skal fatte — i august neste år.

— Studenttinget sender med dette eit sterkt signal til NSO som eg håper dei vil ta seriøst. Vi har vore i dialog med dei, og eg oppfattar at dei tek dette på alvor. Når det er på tide å røyste over dette igjen i august, så kan det jo hende at problema er retta opp i, seier Lilleheil til Khrono.

Første utmeldingsvedtak sidan 2013

Då NSO framleis var ein ung organisasjon, var det mykje misnøye i fleire medlemslag rundt omkring i landet. Spesielt etter det fleire vil kalle eit skandale-landsmøte i 2013. Fleire medlemslag vurderte den gong utmelding, og Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen fatta etterkvart eit førstegongsvedtak om utmelding.

Ein konflikt som ofte har kome opp på NSO sine landsmøte, har våre om NSO først og fremst skal drive kursing og medlemspleie eller vere ein lobbyorganisasjon som driv med interessepolitikk.

Ingen har tidlegare gått så langt som å melde seg ut av NSO. Dette er likevel første gang sidan 2013 at eit av medlemslaga i NSO no startar ein utmeldingsprosess.

Leiar i NSO, Marte Øien, syns det er leit at studentane i Molde ikkje ønskjer å vere medlem av organisasjonen. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Leiar i NSO, Marte Øien, syns det er leit at Studenttinget i Molde opplever at dei ikkje får nok ut av medlemskapet sitt.

— Dei seinare åra har fleire medlemslag diskutert utmelding og det er sunt at vi har ein slik kultur, at dei har eit bevisst forhold til sitt medlemskap i NSO. Eg syns det er leit at Studenttinget i Molde har hamna på denne konklusjonen, seier Øien til Khrono.

Ønskjer at medlemslaga skal kome med innspel til retningsval

Øien nemner at dei har sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærare på styring og medverknad i NSO. Gruppa skal legge fram ein rapport om arbeidet under sentralstyremøtet i NSO den 6.-7. desember.

— Den skal også opp på landsmøtet til våren. Då håper vi at studentane frå Molde og alle dei andre medlemslaga våre kjem med innspel kring retningsvalet NSO skal ta. Eg håper NSO kjem styrkt ut av dette, seier Øien.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS