Plagiert og imitert

Studenten stal arbeidet hans. Så kopierte han klede, tatoveringar, kroppsspråk, og stilte på konferanse

Matt Lodder er ein av få kunsthistorikarar som har tatoveringar som spesialfelt. Det hindra ikkje ein amerikansk student i å lure til seg materiale, kopiere nettsider, instagramkonto og til slutt heile personen. Her er Lodder på kunstutstilling med 100 silikonarmar utstilt på The National Maritime Museum i Falmoth, Cornwall. .
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

— Eg er ikkje blitt paranoid, og eg kjenner på ansvar for å dele kunnskapen min. Men eg må innrømme at guarden er litt høgare oppe enn før. Det var temmeleg vilt, seier Matt Lodder i Zoom-intervju med Khrono.

Historia blei først gjort kjent av Lodder sjølv på Twitter for ei tid tilbake.

Lodder er kunsthistorikar ved Universitetet i Essex i England, med tatoveringar som spesialitet. Ikkje det enklaste stoffet å rane til seg utan å bli fanga av radaren, skulle ein tru.

— Det er eit mysterium. Folk som kopierer andre, gjer det fordi dei manglar tid eller evner, eller begge deler. Men denne fyren brukte nesten meir tid på å kopiere enn om han skulle gjort jobben sjølv! Truleg var det meir som ein sport for han, og sannsynlegvis ein sjukleg sport, seier Lodder.

Det gjekk to år frå dei første, tilsynelatande heilt vanlege, e-postane dukka opp i Lodders postkasse til han ante ugler i mosen.

«Hei, eg er ein amerikansk ...»

«Hi there, I am American student journalist who is writing an article on the world of tattoos for my very exclusive school magazine ...».

E-posten var, skulle det seinare vise seg, signert med falskt namn, og studenten som stod bak hadde også sendt e-post til andre i det same fagfeltet, og nære kollegaer av Lodder.

— Først var det forvirrande, så skrekkeleg, fortel Matt Lodder.

Etter kvart kom det fleire e-postar, med spørsmål om tilgang til artiklar og materiale. E-postane var sende frå ulike kontoar, med ulike namn og signaturar.

— Eg får e-postar frå folk heile tida, frå barneskuleelevar til doktorgradsstudentar og journalistar. Eg kjenner på ei plikt til å svare på spørsmåla dei har om det eg jobbar med. Så det var ingenting unormalt i at desse e-postane kom. Den einaste måtte vere at den første e-posten frå denne personen var litt freidig i tonen.

Lodder svarte villig vekk.

Det var først då ein kollega tok kontakt, at mange av e-postane han hadde fått kom i eit nytt lys.

Kollegaen hadde oppdaga eit litt pussig brukarnamn som hadde likt eit innlegg på instagram-kontoen hennar om tatoveringshistorie. Då ho søkte opp brukaren, oppdaga ho at heile kontoen hennar var blitt kopiert og no var i bruk under eit anna namn.

Det skulle vise seg at denne personen i lang tid kopiert og tatt i bruk langt meir enn instagram-kontoen hennar.

Falske namn og identitetar

— Vi fann gradvis meir og meir. Først var det forvirrande, deretter irriterande, så underleg. Og til slutt skrekkeleg, fortel Lodder.

Då Lodder og kollegaen studerte den falske kontoen nærare, fann dei større og mindre bitar av både hans og hennar arbeid, klipt og limt, her og der. For å prøve å finne ut meir om kven fyren kunne vere, googla dei rundt.

Dei fann ei nettside, som i hovudsak også var ein kopi av kollegaens nettside, med biografi og det heile komplett plagiert — og med eit stort bilde.

Der hadde han kledd seg ut for heilt tydeleg å likne på Lodder.

Rart i alt det rare, var at mannen brukte sitt eige, verkelege namn på dei plagierte nettsidene. Snart fann dei ut at namnet hans stemte med namnet til ein student på eit amerikansk universitet.

Han hadde laga seg ein profil på academia.edu, eit amerikansk sosialt nettverk for akademikarar. Også her brukte han sitt eigentlege namn. Men alt innhaldet var klipt rett ut av Matt Lodders profil på den same nettstaden.

No blei det lett å legge saman to og to.

Lodder forstod at eit heilt lass av e-postar som både han og kollegaen hans hadde mottatt gjennom fleire år, var signerte med ulike falske namn og identitetar. For eksempel brukte personen mora sin identitet på eit tidspunkt, og fekk Lodder til å tru at ho var ein ph.d.-student med interesse for tatoveringshistorie.

I jakta på bitane i puslespelet kom Lodder og kollegaen hans over stadig fleire bilder der mannen var kledd ut som Lodder — med akkurat same sort briller, klede — og på hendene tatoveringar identiske til Lodders.

Ein dag grov dei fram ein liten videosnutt på Instagram.

— Det var den som really freaked me out, seier Lodder.

— Bisart

Videosnutten viser ein person som held foredrag om tatoveringar. Det skal ha vore ein studentkonferanse, og personen les og presenterer noko Lodder skreiv til ein utstillingskatalog.

Personen er kledd som Matt Lodder. Har same brillene. Kleda. Til og med faktene er innstuderte.

— Det er ikkje det at eg har monopol på svarte briller, tatoveringar, blå skjorter og feitt hår, ler Lodder.

— Men i denne konteksten er det sjølvsagt bisart. For nokre dagar sidan kommenterte fleire venner noko eg ikkje har lagt merke til sjølv: Han presenterer akkurat som eg ville gjort, han har kroppspråket mitt og snakkar på same måte som meg.

Då Lodder først tok kontakt med universitetet i USA der dobbeltgjengaren var student, før omfanget var kjent, var reaksjonen først at det måtte ha skjedd ein mindre dramatisk feil. Dette var ein svært oppegåande student, meinte dei, han ville nok rette opp den uheldige feilen.

Manuset som Lodder opphavleg skreiv til eit magasin, vart av plagiatøren utstyrt med eigne fotnotar.

Lodder ler igjen, det har han gjort mykje, mest på den vantru måten.

— Dei trudde fyren var eit geni. Han tok til og med bryet med å legge fotnotar til ein magasinartikkel eg har skrive, som han brukte til ei innlevering til masteroppgåva si. Karakteren? Den beste dei nokon gong hadde gitt! Han lurte tydelegvis alle rundt seg trill rundt. Ein av rettleiarane hans skreiv i e-post til meg at studenten til overmål var invitert til å snakke på London Tattoo Convention, så her måtte alt vere i orden. «Eh, nei», måtte eg innvende, «det er eg som er invitert».

Sporlaust borte

Då den usannsynlege sanninga slo inn på universitetet, gjekk ting fort. Det blei gjort ein grundig gjennomgang av alt studenten hadde gjort. Han blei utvist og fekk naturlegvis aldri nokon mastergrad. Lodder seier han sjølv blei følgt godt opp frå både universitetet i USA og sitt eige.

Lodder fekk ein e-post frå han som prøvde å vere Lodder, med ei slags unnskyldning.

Deretter kunne Lodder observere at han skifta ut bildet på Facebook-profilen sin til ein illustrasjon frå ei litauisk barnebok om ein gris som skiftar identitet.

Sidan har han vore sporlaust borte.

— Eg har hatt 12-13 000 retweets. Fleire millionar har sett historia. Eg har fått enormt mange reaksjonar. Men til dags dato har ikkje ein einaste person kome til meg og sagt at dei kjenner eller har sett denne personen. Ingen har sagt at «han kjenner eg igjen frå universitetet», «dette er han som stod på bensinstasjonen nede i gata», ingenting!

Ta heller ein som er større enn meg og har publisert meir om du absolutt skal plagiere, fleipar Matt Lodder

Lodders historie er også formidla av BBC og magasinet Vice.

— Eg tviler ikkje på at han driv på fortsatt. Sånne blir vel enten milliardær, politikar eller endar med å bli bura inne, seier han.

Grundig oppvask

Den britiske kunsthistorikaren og kollegaen melde aldri saka til politiet. Plagiatet er ikkje lovstridig, men eit brot på akademiske reglar og normer. Lodder er fornøgd med at det vart gjort ein grundig oppvask på universitetet i USA, og saka har ikkje hatt vidare skadeverknader for arbeidet hans.

Lodder understrekar at både hans eige universitet og universitetet i USA stilte opp for han og gjorde det dei kunne i situasjonen som oppstod. På eit tidspunkt var det usikkert kva personen faktisk var kapabel til, og om han kunne vere i stand til å ramme Lodder eller kollegaer på andre måtar enn det som alt var gjort.

— Mange har spurt meg kva ein kan lære av ei slik historie. Svaret mitt er, I don't know.

Lodder seier han håpar ingen andre blir utsett for det same som han har blitt.

— Men, fleipar han, om ein absolutt skal rappe identiteten til nokon, anbefalar eg å velje nokon andre enn meg. Ikkje er eg veldig profilert, ikkje har eg publisert særleg mykje. Eg ville ikkje valt meg om eg hadde planar om å gjere det veldig stort.

Powered by Labrador CMS