Studentersamfundet i Trondheim

Studentane spytta inn 35 mill. i Studentersamfundet. Vil no ha staten med på spleiselaget

Det er på høg tid med ei utviding av Studentersamfundet i Trondheim, meiner leiaren. No håper ho at Kunnskapdepartementet vil støtte byggeprosjektet.

Leiar for Studentersamfundet i Trondheim, Karen Mjør, opplyser at prosjektet om å utvide Studentersamfundet med heile 4100 kvadratmeter er svært nære å vere fullfinansiert.
Leiar for Studentersamfundet i Trondheim, Karen Mjør, opplyser at prosjektet om å utvide Studentersamfundet med heile 4100 kvadratmeter er svært nære å vere fullfinansiert.
Publisert Oppdatert

— Denne hausten har vist oss kor viktig det er med møteplassar. Mange studentar har følt seg einsame og utanfor, og dette kan vere eit tiltak for generasjonar av studentar som kjem.

Det seier leiaren av Studentersamfundet i Trondheim, Karen Mjør.

Tysdag vart det klart at studentane gir heile 35 millionar kroner til utvidinga av Studentersamfundet. Det syner eit vedtak i Velferdstinget i Gjøvik, Ålesund og Trondheim.

Frå før av har byggeprosjektet fått støtte både frå Trondheim kommune, studentsamskipnaden og NTNU.

No håper både Mjør og leiar for Velferdstinget, Kenneth Stange, at dette vil motivere NTNU til å auke sitt bidrag, som per i dag ligg på 30 millionar kroner.

Studentersamfundet har hyra inn Eggen arkitekter som har teikna korleis utvidinga av bygget vil sjå ut.
Studentersamfundet har hyra inn Eggen arkitekter som har teikna korleis utvidinga av bygget vil sjå ut.

Har ønska å bygge ut sidan 1953

I tillegg ønskjer dei å få Kunnskapsdepartementet (KD) med på spleiselaget.

— Vi er veldig nære fullfinansiering av prosjektet. Vi har rundt 120 millionar kroner, og må opp til 165 millionar for at prosjektet er fullfinansiert. Vi planlegg byggestart i november neste år og håper no at KD vil hive seg med. Det ser lovande ut, seier Mjør.

Studentersamfundet-leiaren meiner det er på høg tid med ei utviding av det ikoniske bygget, som vart sett opp i år 1929.

Heilt sidan 1953 har ein ønska å bygge ut, ifølgje Mjør, og med om lag 40 000 studentar i trønderbyen vil ei utviding vere viktig.

Planen er å utvide bygget bakover mot Gløshaugen med heile 4100 nye kvadratmeter.

Ifølgje Mjør vil det auke kapasiteten publikummarar frå 2500 til kring 4000.

— Vi har kome godt i gang. Skisseprosjektet kom i gang allereie i september, og i januar vil vi fremje forslag om å starte på forprosjektet. Så tek vi sikte på å legge prosjektet ut på anbod i april eller mai, slik at ein er klar til byggestart i november neste år. Det fordrar at vi får forsikring om at pengar vil kome, seier ein håpefull Mjør.

— Ein ønskjer alltid å gi pengar, men det har vore viktig for oss at ikkje studentane skal ta heile rekninga sjølve, seier leiaren for Velferdstinget, Kenneth Stange.
— Ein ønskjer alltid å gi pengar, men det har vore viktig for oss at ikkje studentane skal ta heile rekninga sjølve, seier leiaren for Velferdstinget, Kenneth Stange.

Stor vilje blant studentane

Leiaren for Velferdstinget, Kenneth Stange, seier det var brei semje i tinget då saka var oppe til vedtak i tysdag.

— Det var stor vilje til å gi pengar og også studentane som sit rundt bordet frå Gjøvik og Ålesund argumenterte for prosjektet. Det er fordi eg trur dei ser kor viktig Studentersamfundet er, seier Stange.

Ifølgje Velferdstingsleiaren er dette eit betydeleg bidrag til eit så konkret prosjekt. Han trur ikkje det nokon gong har skjedd tidlegare.

Men han avslører at det har vore litt fram og tilbake med beløpet Velferdstinget skulle spytte inn.

— Ein ønskjer alltid å gi pengar, men det har vore viktig for oss at ikkje studentane skal ta heile rekninga sjølve, men at NTNU og KD skal kome på ballen, seier Stange.

Han seier at pengane som Velferdstinget no har spytta inn stammar frå semesteravgifta til studentane, og at bidraget ikkje vil gå utover andre tilbod til studentane.

Stange har no ei oppmoding både til NTNU og KD:

— Semesteravgifta er pengar rett frå studentane si eiga lomme. No har dei vist kor mykje dette betyr for dei, til og med studentane som ikkje har direkte tilknyting til Studentersamfundet i Trondheim. Eg håper NTNU og KD ser ein verdi i det. Samfundet er definitivt ein av grunnane til at Trondheim er Noregs beste studentby og er dermed med på å drage studentar til byen, seier Stange.

Kan be Stortinget om støtte

Statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Aase Marthe Horrigmo (H), meiner at Studentersamfunna utan tvil spelar ei viktig rolle.

— Dei er viktige samlingspunkt både for faglege og sosiale arrangement og er eit viktig bidrag for å gjere studietida god, skriv Horrigmo i ein e-post.

Likevel svarer statssekretæren slik på oppmodinga frå Mjør og Stange:

— Kunnskapsdepartementet har ingen ordningar innanfor sitt budsjett for å dekke enkeltprosjekt som dette. Det Kunnskapsdepartementet gir av pengar over statsbudsjettet til studentvelferd er gjennom studentsamskipnadane og landsomfattande studentorganisasjonar, ikkje lokale initiativ som for eksempel studentersamfunn.

Horrigmo meiner difor at studentane eventuelt må gå til Stortinget for å be om støtte.

— Det betyr i så fall at Stortinget aktivt må løyve pengar til slike formål, eller at regjeringa i seinare budsjettrunder legg inn eigne midlar til dette. Det er ikkje lagt inn i regjeringa sitt forslag til statsbudsjett for neste år som no er til behandling i Stortinget, skriv Horrigmo.

NTNU har ikkje svart på Khrono sine førespurnader enno.

(Saka er oppdatert 25.11 kl. 20.23 med kommentarar frå statssekretær Aase Marthe Horrigmo i Kunnskapsdepartementet)

Powered by Labrador CMS