formidling

Student får ansvaret for smittevern på NRKs sommersatsning

Ingrid skal vera smittevernansvarleg, Hans ser fram til å fotografera fuglar. Og Birger, han gler seg mest til å kjøpa ullgarn på Shetland når akademikarar og studentar vert med på sommarsatsinga til NRK.

Birger Berge (til venstre) og Hans Munthe-Kaas går om bord i Statsraad Lemkuhl i sommar, men ikkje i Bergen.
Publisert Oppdatert

Her kan du verta medseglar, skreiv NRK i februar.

Bil er byta ut med båt, og årets store sommarsatsing frå statskanalen er Sommerskuta. Statsraad Lemkuhl seglar frå Havøysund i nord og heilt til Skjærhalden i Oslofjorden og deretter attende til Arendal - og Arendalsuka.

Ingrid Arnesen kom inn på paramedisin ved UiS. Ho bestemte seg før 113-serien på NRK, men utsette studieplassen eitt år og reiste heller i militæret først.

Mange melde seg til å vera med. Og om bord skal det no mellom anna vera fleire studentar, ein matematikkprofessor som er glad i fuglar og ein historikar og Holbergpris-tilsett som lagar eigne strikkeoppskrifter.

Student skal ha smittevernansvar

Ingrid Arnesen er ikkje førstereisjente. Ho er ferdig med første året av bachelorgrad i paramedisin ved Universitetet i Stavanger, men var på seglas med Statsraaden då ho var i Forsvaret. Då var ho sanitetssoldat om bord, no skal ho vera smittevernsansvarleg.

— Eg er veldig spent. Sidan det er ein pandemi, skal ein ha ein dedikert smittevernansvarleg ombord, som skal følgja ekstra med på smittetiltaka, seier Arnesen.

Det vert strengare rutinar enn vanleg, med mykje spriting og testing av mannskapet med jamne mellomrom.

— Så må ein prøva å halda den avstanden ein kan, seier Arnesen.

Det er ein lege om bord, og saman med han kjem ho òg til å kunne gi helsehjelp.

— No er me jo aldri langt frå land. Men me har ein sjukelugar om bord, og der vil me kunne gi prehospital hjelp om nokon treng det.

Arnesen skal vera smittevernansvarleg to veker, og så vanleg medseglar to veker til. Når ho så går i land, er skipet kome til Bergen.

Formidlar gjerne

Ingrid Arnesen er allereie om bord, for å gjera seg kjent. Båten seglar frå Nordkapp, men i Havøysund kjem dei første medseglarane om bord 6. og 7.juli. Blant dei er Hans Munthe-Kaas. Han er matematikkprofessor ved Universitetet i Bergen (UiB).

LES VIDERE ETTER ANNONSEN

FÅ NYHETER PÅ MOBILEN
Last ned Khrono-appen!

Download on the App Store Tilgjengelig på Google Play

— Eg er litt fascinert av jordomsegling, seier Munthe-Kaas.

Det er nemleg det Statsraad Lehmkuhl skal i gang med etter noregsturneen, og også der kunne ein melda seg som medseglar. Men ein seglas jorda rundt tek naturleg nok noko tid. Difor vert det i staden seks veker på seglbåt for professoren.

— Eg er svært interessert i fuglar, og i fotografering. Eg håpar å få tatt mange fuglefoto undervegs, seier Munthe-Kaas.

Han har òg ein plan om å få laga ei sak om norskekysten i ettertid.

— Eg har gitt NRK ei liste med tema eg kan snakka om, både innan matematikk, fysikk og naturvitskap.

Men medseglarane er i utgangspunktet ikkje med fordi dei skal vera med på TV, dei skal vera med og drifta båten. I vaktlag på tre skal dei mellom anna stå utkikk - og dei tøffaste kan få klatra i riggen.

— Men det er jo morosamt om eg får seia noko, seier Munthe-Kaas, som er oppteken av formidling, og mellom anna har laga teikningane av labyrinten som er ved Lønningen lystgard i Bergen - eit hus UiB eig.

Hans Munthe-Kaas (til venstre) tek seks veker om bord. Men han må jobba litt; professoren leiar ein SFF-søknad som er komen til andre runde hos Forskingsrådet. Birger Berge skal vera med i tre veker.

Skal strikka seg frå Bodø

Birger Berge går ombord i Bodø, og skal vera om bord dei tre vekene det tek før båten er i Kristiansand. Det han gler seg mest til, er turen til Shetland. Frå Askvoll tek båten ein tur til øya i vest. Men førebels er det uvisst om seglarane får gå i land.

— Det håpar eg. Shetland har stolte strikketradisjonar, seier Berge.

Han er tilsett i Holbergpris-sekretariatet ved Universitetet i Bergen, har mastergrad i historie, men det er strikkinga han brukte til å selja seg inn. I 2019 ga han ut si eiga bok med strikkeoppskrifter, og han har 40 000 følgjarar på Instagram.

— Kva strikketøy skal du ta med deg?

— Det veit eg ikkje heilt, det må vera noko som tek liten plass. Kanskje ein genser eller eit teppe, seier Berge, og fortel om tynn, fin ull frå Shetland han håpar å få med seg heim.

Spent på vêret

Både studenten, professoren og seniorkonsulenten har segla noko før. Men dei er likevel spente på korleis det vert å vera ombord så lenge, og leva så tett. Og kor mange sett ullundertøy treng ein eigentleg når ein skal vera på seglbåt i vekevis om sommaren?

— Vêret er ein ukjent faktor, humrar Berge.

— Eg trur me berre må rekna med at me kjem til å verta sjøsjuke, legg Munthe-Kaas til.

UiB si internavis På Høyden skreiv først om Berge og Munthe-Kaas.

Powered by Labrador CMS