Styret trossa rektor og vedtok fire fakultet
Styret ved Høgskulen på Vestlandet har i dag trossa rektor Berit Rokne si innstilling, og gått for fire fakultet, heller en tre.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
(Saka er oppdatert klokka 14.40)
Møtet starta i går, og held fram i dag. Det melder På Høyden.
Saka om leiing og fagleg organisering blir truleg den vanskelegaste på møtet: Foreslår tre fakultet trass kritikk
Flertall for fire fakultet
Styret ved Høgskulen på Vestlandet vedtok ein organisasjonsstruktur med fire fakultet.
– Resultatet kan bli eit bittebittelite fakultet. Det er ikkje sikkert at nokon andre vil gå inn i det fakultetet.
Åtvaringa kom frå rektor ved Høgskulen på Vestlandet, Berit Rokne, like før avrøystinga om fakultetsstrukturen for den nye høgskulen.
Sju av elleve styremedlem gjekk inn for fire fakultet, i staden for tre, som rektor tilrådde.
Dei fire siste styremedlemmene – Arvid Hallén, Sissel Johansson Brenna, Christine Øye og Marit Ubbe – røysta for tre fakultet.
Dermed fekk rektor styret mot seg på det mest omstridte punktet for HVL. Fungerande styreleiar Kari Kjenndalen røyste for fire fakultet, mens fast styreleiar Arvid Hallén ville ha tre fakultet.
På førehand hadde rektor Rokne fortalt at det er snakk om kring 100 tilsette som blir samla i det fjerde fakultetet, mens dei resterande 1700 tilsette blir fordelt på tre profesjonsfakultet med utgangspunkt i helse- og velferdsfag, læring og undervisningsfag, og teknologi, ingeniør- og naturfag.
Dette er forslaget Yttri fekk fleirtal for:
«Styret vedtek ein organisasjonsmodell med fire fakultet. Det fjerde fakultetet skal romme økonomisk-administrative fag, nautikk og samfunnsfag. Rektor får fullmakt til å invitere andre fagmiljø med i dette fakultetet.»
Albrigtsen, Birkeland, Fredheim, Kjenndalen, Riisøen, Skauge og Yttri røysta for forslaget.
Dagsorden for møtet:
- O-002/17 16.02 Styret si rolle, rammer for kvalitetssystemet
- 011/17 16.02 Fagleg plattform, profil og strategi
- 012/17 16.02 Fagleg leiing og organisering
- 013/17 16.02 Rekruttering av leiarar, nivå 1 og 2
- 014/17 16.02 Delprosjekt administrativ organisering
- 015/17 16.02 Tilsetting av studentombod (u. off. jf. offl. §25.1)
- Eventuelt
Sjå styremøtet direkte her:
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)
Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!