Krangel om fakultet i vest

PublisertOnsdag, 15. februar 2017 - 17:34-OppdatertTorsdag, 16. februar 2017 - 15:31
Dei såkalla disiplinfaga, som naturfag, samfunnsfag og økonomi- og administrasjon, vil helst vere organisert i eit eige, fjerde fakultet på Høgskulen på Vestlandet, men rektor Berit Rokne innstiller på berre tre fakultet. Disiplinfaga på campus Sogndal (biletet) har markert motstand mot ei organisering i tre fakultet frå før fusjonen blei vedtatt.
Fusjon. Ei styringsgruppe foreslår å organisere Høgskulen på Vestlandet i tre fakultet, etter profesjonsmodellen. Men fleire er kritiske til forslaget.

(Oppdatering: Styret trossa rektor - vedtok fire fakultet)

— Eg er ikkje overraska, men veldig skuffa. Me som representerer økonomi og administrasjon på alle dei tre nærregionane har hatt ei samling, og eit klar fleirtal ønsker eit fjerde fakultet.

Det seier Heidi Bjørstad, som fram til nyttår var instituttleiar ved Institutt for økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Bergen (HiB), til På Høyden.

Organisert rundt profesjonsfaga

Reaksjonen kjem etter at ei styringsgruppe har foreslått å dele den nye høgskulen inn i tre fakultet, gruppert rundt dei store profesjonsfaga lærar, ingeniør og sjukepleiar. Om forslaget blir vedtatt i styret må ein del andre fag, som økonomi og administrasjon, realfag og samfunnsvitskaplege fag, pressast inn på eit av dei tre fakulteta, mens dei helst ville vore på eit fjerde fakultet.

— Me meiner at økonomi, administrasjon og leiing er fagområde som er veldig aktuelle og relevante for alle verksemdene ved høgskulen, ikkje berre ingeniørutdanningane. Difor trur me at me vil tena HVL betre om me står aleine, og ikkje knytt opp mot ei bestemt profesjonsutdanning, seier Bjørstad til På Høyden.

— Overraskande og dristig

Økonomi- og samfunnsfagmiljøet i Sogndal ønsker òg eit fjerde fakultet, noko det var mykje diskusjon om då fusjonsplattforma blei vedtatt.

Oddbjørn Bukve (biletet), som er professor i organisasjon og leiing, er òg kritisk til at ei anna gruppe, som har hatt ansvar for å foreslå ein overordna, fagleg profil for heile høgskulen, har endra talet på profilområde frå fire til tre.

— Eg synest det er overraskande og til og med dristig at ei gruppe som prosjektgruppa for fagleg profil vel å gjera fullstendig kuvending utan at ein har sendt det ut på høyring.

— Manglar fagleg grunnlag

Styret ved HVL har i tidlegare styremøte vore uvisse på om det ville vere mest tenleg med tre eller fire fakultet.

— Me var ikkje fornøgde med at gruppa for fagleg organisering føreslo tre fakultet, men styret ba på møtet i januar gruppa om å levere ei fullstendig utgreiing av fire fakultet. Det var stor optimisme etter det, seier Bukve.

At dei to gruppene, som kvar for seg skulle sjå på fagleg profil og fagleg organisering, til slutt begge kjem til talet tre, synest han er overraskande.

— Det ser ut som det er rein maktbruk som ligg til grunn her. Det er ikkje faglege omsyn som ligg til grunn for det som er gjort, seier han.

Innstillinga til styret overlet til rektor å gå i dialog med disiplinmiljøa om kva fakultet dei skal plasserast i. Dei såkalla «disiplinfaga» omfattar mellom anna studium innan naturfag, samfunnsfag og økonomi- og administrasjon. Å plassere økonomifaga saman med ingeniørutdanningane er ei muleg løysing.

— Valsar over Sogndal

Men berre tre fakultet er inga god løysing, meiner Bukve.

— Det vil vera å valsa over sentrale fagområde. Særleg å valsa over studiestaden Sogndal, som er avhengig av desse fagområda. Dette vil totalt øydelegga motivasjonen, seier Bukve.

Han viser òg til at då fagtilsette på dei tre økonomisk-administrative utdanningane i Sogndal, Bergen og Haugesund møttest til seminar, var dei samstemte i at dei ønska eit fjerde fakultet.

— Men ein peikar på at ein ønsker fakultet av lik størrelse?

— Det er ein banalitet, det er store forskjellar på fakultet på universiteta over alt. Det ser ut til at dei har tenkt å stykka opp samfunnsfagmiljøa, og putta dei inn i dei ulike profesjonsavdelingane.

— Lang og inkluderande sakshandsaming

Rektor Berit Rokne (biletet) ønskjer berre kort å kommentere saka, som skal opp på styremøtet denne veka. Det startar i kveld, men saka om organisering kjem truleg først opp i morgon.

 — Spørsmåla om fagleg profil og fagleg organisering av Høgskulen på Vestlandet har vore gjennom ei lang og inkluderande sakshandsaming. På grunnlag av dei tilrådingane som er komme ut av den prosessen, har eg, som rektor ved høgskulen, formulert dei forslaga til vedtak som styret skal ta stilling til. Kva som skjer vidare i desse prosessane, kan eg ikkje seie noko om før styret har fatta vedtak, seier Rokne.

 

Har vurdert fagflytting

Prorektor Bjørg Selvik (biletet) har leia styringsgruppa i prosjektet for fagleg organisering. Ho har dette å seie om korfor innstillinga har enda opp med tre fakultet:

— Det er ei heilheitsvurdering. Sjølvsagt betyr størrelse noko, men også fagelg styrke. Eit fakultet skal kunna vera så sterkt at det har portefølje på utdanningssida, både på bachelor- og masternivå, og det skal kunna bæra ein ph.d. Det er det viktigaste. Me har også sett på om det er andre fagmiljø som kunna passa inn i eit fjerde fakultet for å få god nok størrelse på det, men det vil fort bli unaturlege konstruksjonar, og at dei faga ein eventuelt kan diskutera å flytta eigentleg høyrer betre heime ein annan plass.

Dei har òg vurdert å flytte fag ut av dei tre profesjonsfakulteta.

— Me har vurdert om ein kunne ha flytta sosialfaga til eit fjerde fakultet etter ønske om det på førre styremøte. Men det er mange argument som talar mot det. Ein ting er kva faga sjølv ønsker, men her spelar også nasjonale føringar inn, og me meiner det vil svekka eit helsefagleg fakultet å ta sosialfaga ut av det.

— Må få tydeleg plass

Selvik meiner likevel at alle faga blir like viktige, sjølv om dei ikkje blir organiserte som eigne fakultet.

— Eg tenker at disiplinfaga har ein rolle i HVL, både med tanke på utdanninga dei sjølv forvaltar, men også inn mot dei andre utdanningane. Det finst disiplinmiljø som er knytt opp til profesjonsutdanningane, til dømes helse og utdanning. Me må laga ein understruktur i fakulteta igjen, der dei får ein tydeleg plass.

Dersom styret følger innstillinga vil det bli opp til rektor å ta prosessen vidare for å finne det best mulege plasseringa av disiplinfaga.

— Eg vil tru at det blir diskusjon i styret rundt dette, men eg håpar at det blir tre fakultet. Eg forstår eg at folk jobbar på til siste slutt, men eg skulle ønske at ein ser at ein gjev disiplinfaga nok rom i ordninga med tre fakultet. 

— Må vere rett for framtida

Heidi Bjørstad håpar derimot at styret vil høyre på innvendingane, og gå for fire fakultet.

— Det er håp i hengande snøre, vil eg seia. Eg er spent, og håper dei ser fornufta i det. Det blir feil og knyta leiingsmiljø til bestemte profesjonsutdanningar. I Sogn og Fjordane har dei vore ei sjølvstendig eining lenge, medan Bergen og Stord/Haugesund har vore saman med ingeniørutdanningane frå gamalt av. Men det betyr ikkje at sjølv om det har vore slik før så er det rett for framtida.

Ved å melde deg på vil du jevnlig få nyhetsbrev fra Khrono på epost.

Tips oss gjerne om aktuelle saker på tips@khrono.no.

Vennlig hilsen Tove Lie,
ansvarlig redaktør, Khrono

Nyhetsbrev

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Fra seksjonene

Siste

Debatt

Karriere

Campus

Samfunn

Mest lest

Debatt

Meninger · Sluttavtale. Oddgeir Osland, leder for Senter for Profesjonsstudier (SPS) har sendt Khrono en epost med sine kommentarer til Langeland-saken. De følger her: 
Meninger · Trakassering. Skulle tro vi levde på 1800-tallet, men det er altså 2017. Jeg må gni meg i øynene, skriver førsteamanuensis Tony Burner i dette innlegget om debatten rundt professor Nils Rune Langelands meldinger. 
Meninger · Trakassering. Kvar er landets universitets- og høgskulerektorar når det gjeld seksuell trakassering? Har dei gitt seg sjølve munnkorg for å passe på omdømmet sitt, spør redaktør i Khrono, Tove Lie. 

Karriere

Campus

Samfunn