Sommar i Khrono

Strümke: «KI vil gjere dei dårlege dårlegare og dei gode betre»

Dersom du har god kontroll på eit felt og er i stand til å vurdere ulike perspektiv, kan generativ KI by på alt frå nye idear til sekretærhjelp, meiner Inga Strümke.

Inga Strümke
Ingen gode råd til Oddmun Hoel frå Inga Strümke: — Eg kan KI og fysikk; ikkje politikk.
Publisert Oppdatert
Fakta

Sommar i Khrono

Inga Strümke mottar diplom og gratulasjon fra Khronos redaktør Tove Lie, og er Årets navn i akademia

I sommar kan du bli kjend med ulike folk som er knytte til universitets- og høgskuleverda.

Khrono har stilt alle dei same spørsmåla om jobb, kvardag og framtida.

  • I dag møter du Inga Strümke. Ho er fyrsteamanuensis ved Institutt for datateknologi og informatikk ved NTNU. i 2023 vart Strüke kåra til Årets namn i akademia

— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? Eventuelt korleis? 

— Eg merkar absolutt at det er tilsetjingsstopp her og der, og eg har kollegaer som fortel at dei tidleg i karrieren verken har forskingsmidlar eller ph.d.-studentar. Det er ikkje berre demotiverande, men potensielt veldig øydeleggjande for den framtidige «kunnskapsøkonomien» i Noreg. Samstundes kjem eg frå teoretisk fysikk og partikkelfysikk, så det er lite som skremmer meg på den økonomiske fronten lenger. Eg kjenner partikkelfysikarar med h-indeks dei fleste av oss berre kan drøyme om og dessutan internasjonal prosjektleiarerfaring, og som aldri har så mykje som lukta på fast tilsetjing i akademia.

— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet?

— På absolutt ingen måte. Eg trivst veldig godt ved NTNU, og eg tenkjer at ein må halde ut motgang òg. Dessutan er rettleiing av masterstudentar noko av det beste med jobben min, og dei trenger eg ikkje lønsmidlar for å rekruttere.

Ingen gode råd

— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?

— Beklagar, her vert det blankt frå meg. Eg kan KI og fysikk; ikkje politikk. 

— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit? 

— Vi må verte flinkare til å ta vare på kvarandre og byggje miljø som tek vare på menneske. Insentivstrukturen i akademia er perfekt for å byggje sterke individ med tjukk hud, men eg meiner at vi i større grad treng sterke grupper som forskar saman og publiserer saman. Då meiner eg ikkje at vi må senke ambisjonane eller «ta med alle som vil» uavhengig av evner, men heller at den beste måten å hjelpe folk til å utvikle evnene sine, er ved å gje dei tryggleik og gode støttespelarar.

— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering - og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia? 

— Eg trur det underliggjande problemet er at mastergrad i aukande grad har blitt noko ein har på CV-en, framfor noko ein tek for å fordjupa seg i eit felt ein brenn for og for å utvikle seg. Om motivasjonen bak masteroppgåver er å berre få levert noko som vert godkjent, vil det vere freistande å jukse. Om motivasjonen derimot er personleg og fagleg utvikling, vil juksing vere lite attraktivt. Med inntoget av generativ KI kjem det til å verte stadig vanskelegare å avdekkja juks, så eg trur vi gjer lurt i å starte i andre enden, nemleg motivasjonen bak å ta ein grad.

Dei gode blir beter

— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?

— Eg trur at KI kjem til å gjere dei dårlege dårlegare, og dei gode betre. Om du ikkje har peiling og brukar generativ KI, er det lett å la seg lure til å tru at du har forstått noko du i realiteten ikkje har arbeidd godt nok med. Har du alt god kontroll på feltet og er i stand til å vurdere ulike perspektiv, kan generativ KI by på alt frå nye idear til sekretærhjelp.

5 kjappe:

1. Vald eller tilsett rektor?
— Anar ikkje.

2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
– Ja takk, munnleg, men lukke til med å skalere det til fleire hundre studentar.

3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
– Svalbard, lett.

4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
– Alt med føremål. Protest er fritt og kreativt, men nokre gonger må ein berre forstå at ein ikkje veit best sjølv.

5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?
– Petter Bøckmann. Eg tippar han ser skilnaden mellom giftig fisk og fisk som kan etast, og kan hjelpe å byggje flåte. ... og så tek eg gjerne med min nye ph.d.-student, som har nokre alvorleg kule idear.

Powered by Labrador CMS