medisinutdanning

Strid om medisinutdanning held fram

16 ordførarar frå kommunane rundt Stavanger støttar medisinutdanning ved Universitetet i Stavanger. Ordførarar i og rundt Haugesund kjem til motsett konklusjon.

Det nye sjukehuset på Ullandhaug i Stavanger skal ha omlag tusen kvadratmeter til medisinutdanning. Spørsmålet er om det er UiB eller UiS - eller begge - som skal utdanna medisinstudentar i byen.
Det nye sjukehuset på Ullandhaug i Stavanger skal ha omlag tusen kvadratmeter til medisinutdanning. Spørsmålet er om det er UiB eller UiS - eller begge - som skal utdanna medisinstudentar i byen.
Publisert Oppdatert

«Vi oppfatter ikke at medisinerutdanningen er monopolisert, i og med at det foregår på 4 forskjellige steder i Norge: Nord-Norge, Midt-Norge, Vestlandet og Østlandet, tilsvarende de fire Helseregionene. Tvert imot ser Regionrådet for Haugalandet Universitetet i Bergen sin modell, «Vestlandslegen», som en desentralisert modell de tre siste årene. Det betyr at både Førde, Haugesund og Stavanger får medisinerstudenter i tre år. For oss er det motsatt av monopolisering».

Dette skriv Haugaland Vekst i eit brev til Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun.

Det handlar om medisinutdanning på Vestlandet, og om det er Universitetet i Bergen (UiB) eller Universitetet i Stavanger (UiS) som skal utdanna legar på Vestlandet. Debatten gjekk i Khrono i sommar, og førre veke var saka oppe til handsaming i styret ved Stavanger universitetssjukehus (SUS).

Kva får Helse Fonna igjen?

Haugesundsordførar Arne-Christian Mohn meiner modellen Vestlandslegen er god.
Haugesundsordførar Arne-Christian Mohn meiner modellen Vestlandslegen er god.

Haugaland Vekst er regionrådet for Haugalandet, og omfattar kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Tysvær, Utsira og Vindafjord. Saman med ordførarane i Sveio, Suldal, Etne og Sauda har dei ti kommunane no svara på oppropet frå 16 ordførarar i Stavanger-regionen. Stavanger Aftenblad har sitert ei pressemelding frå ordførar Nordtun, der ho seier at det ikkje berre handlar om sjølve medisinstudiet, men like mykje om ringverknadane det vil gi, både for Rogaland og Noreg som nasjon.

Men kommunane nord i Rogaland støttar ikkje dette oppropet. Dei skriv i brevet at UiS ikkje legg opp til noko samarbeid med Fonna-regionen i sin modell. Helse Fonna omfattar mellom anna sjukehusa i Haugesund, Odda og på Stord, samt Valen psykiatriske sjukehus i Kvinnherad.

— Legeforeininga i Rogaland arrangerte eit møte, der temaet var kva Helse Fonna kan få ut av eit samarbeid. Universitetet i Stavanger sin representant sa at dei forventa at Fonna støtta dei. Universitetet i Bergen hadde ein flott presentasjon, der dei legg opp til både eit akademisk nettverk, akademiske stillingar og at det skal koma studentar.

Det seier Arne-Christian Mohn, ordførar i Haugesund (Ap) og sjølv kirurg. Han er òg leiar for regionrådet.

Modellen frå UiB vert kalla «Vestlandslegen». Der skal studentar frå UiB ta dei siste åra av medisinutdanninga fleire stadar på Vestlandet. Først ut er nettopp Stavanger, men det er òg planar om å utdanna legar i Førde og Haugesund. Universitetet i Stavanger har ei ordning der dei først ønskjer å henta heim studentar frå utlandet og la dei ta dei siste tre åra i Stavanger. Men UiS ønskjer å på sikt ha eit eige seksårig studium i medisin, og kunna få rett til å dela ut grada cand.med. I første omgang vil dei henta heim studentar frå neste haust, noko Stavanger universitetssjukehus (SUS) seier vert for tidleg.

Fastlegar til kommunane

— Det er vanskeleg å støtta eit anna forslag når me kan få medisinutdanning i byen, seier Mohn.

Han seier at for kommunane rundt Haugesund er det moglegheita til å få fleire fastlegar som er gulrota.

— Fastlegedekninga på Haugalandet er tilfredsstillande no, men det er vanskeleg å rekruttera. Ved å vera med på «Vestlandslegen» vil kommunane få mange studentar i praksis, som dei seinare kan rekruttera, seier Mohn.

Han meiner at det for studentane kan vera ein fordel å vera utplassert ved eit mindre sjukehus, fordi ein då får vera med på meir, og ein får gjera meir av det Mohn kallar dei vanlege tinga.

— Sjeldne diagnosar møter ein på universitetssjukehusa, seier han.

Han fortel at han sjølv jobba fire år som lege i Tromsø. Der har ein ein liknande modell som UiB no legg opp til, med eit samarbeid med Bodø.

— Eg studerte i Oslo, og der hadde ein samarbeid mellom anna med sjukehusa Aker og Lørenskog — som òg gav eit anna innblikk, seier Mohn.

Grimstad-utvalet

I botnen for konflikten om medisinutdanning på Vestlandet ligg rapporten frå Grimstad-utvalet. Utvalet meiner at talet på studieplassar i medisin bør aukast. Tre av medlemmene meiner det er universiteta som i dag utdannar legar, som òg i framtida skal ha rett til å tildela grad, og fleirtalet i utvalet tilrår at campusløysinga i Stavanger baserer seg på at ei gruppe medisinstudentar vert tekne opp ved og gjennomfører dei første studieåra ved UiB.

Universitetssjukehuset i Stavanger har skrive under ein intensjonsavtale med UiB om vestlandslege-prosjektet.

UiS-rektor Klaus Mohn seier han er klar over at kommunane nord i Rogaland ikkje er like begeistra for ideen om medisinutdanning ved UiS som ein er lenger sør i fylket.
UiS-rektor Klaus Mohn seier han er klar over at kommunane nord i Rogaland ikkje er like begeistra for ideen om medisinutdanning ved UiS som ein er lenger sør i fylket.

— Meiningane er delte i nordfylket, seier rektor ved Universitetet i Stavanger, Klaus Mohn.

Han seier at UiS har hatt god kontakt med leiinga i Helse Fonna.

— Dei kom med eit balansert framlegg til høyringsuttale, som vart gjort om på i styret, seier Mohn, og viser til rapporten frå Grimstad-utvalet. I innspelet frå Helse Fonna heiter det at helseføretaket helst ser at samarbeidet med UiB held fram.

— Har de planar om samarbeid med Helse Fonna?

— Dersom me får gjennomslag for planane våre kjem me til å trenga fleire praksisplassar. Då er Helse Fonna aktuelt, seier rektor Mohn.

Han seier at UiS hadde håpa at nordfylket hadde støtta universitetet sine ambisjonar.

— Men me hadde ikkje forventa det. Me er godt kjende med at det er ein annan stemning nord for Boknafjorden, sier Mohn, og legg til:

— Me er svært glade for at både fylkesordføraren og 15 ordførarar støttar oss.

Støtte frå Ap

Fakta

Medlemmer av Grimstad-utvalget

Medlemmer av Grimstad-utvalget

(Foto: Tor Nielsen, NTNU)

  • Hilde Grimstad, (leder) professor i allmennmedisin og atferdsmedisin, NTNU

Medlemmer:

  • Steinar Hunskår, prodekan for utdanning, Det medisinske fakultet, UiB
  • Geir Sverre Braut, professor II, UiS
  • Elisabeth Farbu, klinikksjef, SUS
  • Karin Straume, fagdirektør, Helsedirektoratet
  • Jeppe Emmersen, Vice Dean Education, Faculty of Medicine, Aalborg University

I tillegg til at lokalpolitikarane engasjerer seg i saka, er det fleire rogalandspolitikarar som ønskjer seg medisinutdanning i Stavanger. Næringsminister Iselin Nybø har lenge engasjert seg, skriv Stavanger Aftenblad, men ønskjer ikkje å seia noko om det kjem til å stå noko om medisinutdanning i statsbudsjettet, som vert lagt fram neste veke.

Arbeiderpartiet sin nestleiar Hadia Tajik seier til Aftenbladet at partiet støttar ein modell der 70 studentar gjennomfører tre år av medisinstudiet ved UiB og dei tre siste åra ved UiS. Dersom studieprogrammet tilfredsstiller dei faglege krava, meiner Ap at UiS bør få gradsrett til dei tre kliniske åra.

SUS vil ha både UiB og UiS med på laget. Men:

— Samarbeid med andre universitet er noko me eventuelt må koma attende til. I så fall er det viktig at samarbeidet er balansert og det føreset gradsrett på begge sider, har UiS-rektor Klaus Mohn sagt til Aftenbladet.

Sjukehuset er forseinka

Som Khrono har skrive, meiner administrerande direktør for Stavanger universitetssjukehus, Helle Schøyen, at det er for tidleg med medisinstudentar frå UiS i 2021. I saksframstillinga til styremøtet peika ho mellom anna på at ein må bruka neste år til mellom anna å utvikla naudsynte planar.

Nyleg kom i tillegg meldinga om at bygginga av nytt sjukehus i Stavanger kan verta eit år forseinka. Stavanger Aftenblad skriv at det i forslaget til statsbudsjett vil koma pengar til eit lån, slik at SUS kan byggja det såkalla E-bygget samstundes med resten av sjukehuset. E-bygget skal mellom anna innehalda alle laboratorium, CT, MR og tungt teknisk utstyr, og er det dyraste bygget ved sjukehuset.

Schøyen seier at samarbeidet med UiB, der dei første medisinstudentane skal koma til Stavanger i 2024, vil gå som planlagt.

Vil ha trepartssamarbeid

Sjukehusstyret handsama altså to saker om medisinutdanning i møtet 21. september.

I ei av dei to sakene er vedtaket at styret tek utgreiinga om klinisk medisinutdannig ved UiS til vitande. I den andre saka er vedtaket at administrerande direktør får fullmakt til å inngå ein intensjonsavtale med UiS. Der er det nokre underpunkt:

  • «Ved en ev. tildeling av et medisinstudium og studieplasser ved UIS, må oppstart og opptrapping hensynta en felles konsekvensutredning knyttet til ansatte, arealer, økonomi og drift, jf styresak 56/20.
  • At de medisinske fagmiljøene i Stavangerregionen eterhvert blir en medvirker til hele studieløpet for medisinstudenter gjennom et trepartsamarbeid mellom SUS, UIS og uIB
  • UIS og UIB må avklare sine roller og samarbeidspunkter, jf. tidligere vedtak om trepartssamarbeid
  • Intensjonsavtale skal følges av detaljert samarbeidsavtale som skal fremlegges styret til godkjennelse»
Powered by Labrador CMS