Penger til jul: Rektor Svein Stølen kan feire med ein velfortjent skvett akevitt etter at Universitetet i Oslo har fått tilslag på heile 89 av 350 forskingsprosjekt Forskingsrådet har delt ut pengar til. Biletet er frå ei reportasje frå eit rakfisklag for to år sidan. Foto: Siri Øverland Eriksen

Storeslem til Universitetet i Oslo — får suverent mest pengar frå Forskingsrådet

Forskingspengar. Over 870 millionar kroner går til forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo. Neste institusjon på lista får under halvparten så mykje pengar. Sjå alle totalbeløpa her.

Publisert Sist oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Sjå oversikt over totalbeløp og tal prosjekt som fekk tilslag ved alle institusjonane nedst i saka)

Forskingsrådet deler ut tidenes største pott til forsking i desse dagar. Potten ligg på heile 3,3 milliardar kroner.

Vi har gjort det bra før, men i år synes det som om det er enno bedre enn før. Vi har mange gode forskartalent og sterk innsats over heile fjøla.

Svein Stølen

Nesten 3000 søknader tikka inn til fristen den 10. april. Omtrent 350 prosjekt slapp gjennom nålauget og er sikra finansiering i tre til seks år.

Universitetet i Oslo fekk tilslag på heile 89 prosjekt, fordelt på 62 forskarprosjekt, 25 unge forskartalent og 2 mobilitetsstipend. Til saman hentar universitetet heile 873 millionar kroner til forsking.

— Vi har gjort det bra før, men i år synes det som om det er enno bedre enn før. Vi har mange gode forskartalent og sterk innsats over heile fjøla. Dette er jo grunnen til at vi er så høgt rangert som vi er, seier ein fornøgd Svein Stølen, som må vurdere å opne akevittflaska nokre dagar før julaftan.

Neste universitet på lista, NTNU, fekk tilslag på under halvparten så mange, med sine 43 prosjekt og 425 millionar kroner. Prorektor for forsking, Bjarne Foss, har denne kommentaren om tildelingane til NTNU.

— Vi er godt fornøgde med tildelingane vi har fått gjennom FRIPRO-ordninga. Elles treng eg å få ei betre oversikt over den porteføljen vi har fått tildelt før eg kan seie noko meir, seier Foss.

Per Martin Norheim-Martinsen er viserektor for forsking og utvikling ved OsloMet. Foto: OsloMet

OsloMet — storbyuniversitetet er tredje universitet på lista og har henta inn 186 millionar kroner fordelt på 18 prosjekt.

— Det er ekstremt hyggeleg å sjå at vi dreg i land så mange prosjekt. Og det er gøy at vi konkurrerer med dei gamle universiteta som ofte stikk av med dei store pottane, seier viserektor for forsking og utvikling ved OsloMet, Per Martin Norheim-Martinsen, som trur at fleire champagnekorker går i taket i dag.

— Dette er resultatet av målretta arbeid med desse søknadane over tid og eit felles løft, legg Norheim-Martinsen til.

Tøff konkurranse om midla

2,4 milliarder vart lyst ut med felles frist den 10. april i år gjennom ordninga for banebrytande forsking, kjent som FRIPRO og til saman 21 andre program.

Trass i at Forskingsrådet seinare auka rammene for både FRIPRO og dei øvrige programma, med høvesvis 550 millionar og 300 millionar kroner, så har det vore tøff konkurranse om midla.

– I år låg det ann til at kun 6 prosent av søknadene fekk tilslag. Forsterkinga i støtta auker tilslaget til 10 prosent og gir oss moglegheit til å finansiere fleire av dei beste prosjekta på ein arena der vi normalt må avslå mange svært gode søknader, seier John-Arne Røttingen, administrerande direktør i Forskingsrådet.

Eit stort apparat har vore i sving for å vurdere kvaliteten på søknadane, både i og utanfor Forskingsrådet. Dei har handplukka 750 internasjonale fagekspertar til å vere med på å vurdere søknadane.

Søknadsbehandlinga er ikkje endeleg avslutta. Som følgje av ekstra løyver til banebryteánde forsking og utfordringsdriven humaniora kan inntil 20 søknader til bli innvilga. Her er lista over dei prosjekta som så langt har fått tilslag:

(Oppdatert kl 15.47 med kommentarar frå prorektor ved NTNU, Bjarne Foss og viserektor ved OsloMet, Per Martin Norheim-Martinsen)

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS