Risikovurdering
«Stor usikkerhet» om studentane vil til Nesna
Nord universitet fryktar mangel på søkarar kan stikke kjeppar i hjula for lærarutdanning på Nesna.
Det er «knyttet stor usikkerhet til hvor godt lærerutdanningen på Nesna vil rekruttere», heiter det i saksframlegget til universitetsstyret ved Nord universitet, som skal behandle saka onsdag.
Snuoperasjonen for lærarutdanninga på Nesna er i full gang etter at regjeringa instruerte Nord universitetet til full retrett i den planlagde nedlegginga av studiestaden på Helgeland. Dei nett- og samlingsbaserte grunnskule- og barnehagelærarutdanningane er alt lyst ut med start frå hausten 2022.
«Den største risikoen vurderes å være lav rekruttering av studenter», ifølgje ei analysegruppe som skal «foreta en risikovurdering av reetableringen av driften».
Risikovurderinga er ikkje ferdig, men gruppa konkluderer alt no med at det «er knyttet stor usikkerhet til hvor godt lærerutdanningene på Nesna vil rekruttere over tid». Målet er at dei to studia innan lærarutdanninga skal tiltrekke seg 20 studentar årleg. For barnehagelærarutdanninga er lista lagt på 30 studentar årleg.
Skal reklamere for Nesna
Også manglande rekruttering til vitskapelege stillingar med førstekompetanse blir peikt på som ein «betydelig risiko». Vurderinga er at det er særskilt krevjande å finne folk til å jobbe «der vi har små miljø frå før».
Ifølgje kommunikasjonssjef Andreas Førde kjem Nesna til å bli prioritert i marknadsføringa av Nords studietilbod i tida framover.
— Vi er også i dialog med kommunane på Helgeland for å få drahjelp i arbeidet. Vi fokuserer på å oppsøke skulane meir aktivt og prøve å treffe potensielle studentar, seier han.
For å sikre den faglege kvaliteten er det ifølgje Nord nødvendig å auke talet på vitskapeleg tilsette med 20 stillingar. I tillegg er det lagt opp til 15 ekstra årsverk til administrasjon og drift. På Nesna er det i dag 53 årsverk. Med planlagd auke vil det bli om lag 88 tilsette på Nesna. Nord-rektor, Hanne Solheim Hansen, har i Khrono omtalt satsinga som «ambisiøs» og «realistisk».
Blir dyrare
Nedlegginga av lærarutdanninga på Nesna var del av ein større plan for å endre strukturen ved universitetet: Målet med å legge ned var mellom anna å samle fagmiljøa innan lærarutdanning på campusane i Bodø og på Levanger. Tilsette frå Bodø og Levanger skulle forsyne satsinga på lærarutdanning i Mo i Rana med lærekrefter.
Fordi det no er lagt opp til at undervisninga på Nesna skal gjerast av personale med Nesna som base, blir det derfor dyrare å drive lærarutdanning for Nord universitet enn det planen var.
I tillegg til dei uklare økonomiske utsiktene, blir det i risikovurderinga peikt på faren for at forskinga skal lide:
«Hvis vi ikke får tak i tilstrekkelig antall vitenskapelig ansatte, vil det kunne føre til stor belastning på ansatte ved fakultetet og mindre forsking», meiner analysegruppa som har sett på fallgruvene for gjennopprettinga på Nesna.