universitetet i Bergen
Stemte for å oppnemna seg sjølv som styremedlem
To av dei som Universitetet i Bergen ønskjer som eksterne styremedlemmer, var sjølve med på å fatta vedtak om at dei skal stå på ønskelista.

Når universitetsstyret har møte 17. juni, skal det mellom anna drøfta habilitet.
— Det er eg som har bede om saka, seier studentrepresentant Victor Botnevik.
Saka har tittelen «rutine for behandling av habilitetsspørsmål».
— Eg er glad for at universitetsstyret sine rutinar for habilitet no skal harmonisera med forvaltningslova sine eigne, seier Botnevik.
Habilitet har vore tema ved fleire høve ved Universitetet i Bergen (UiB) dei siste åra. Tematikken vart sist aktualisert i styremøtet i mars. Då skulle styret vedta kven det ønskjer seg som eksterne styremedlemmer for neste fireårsperiode.
Som Khrono har skrive før, ønskjer UiB seg både Herlof Nilssen, Shirin Öberg og Vincent Mrimba inn i styret i neste fireårsperiode. Dei har allereie site i styret i fire år; Nilssen og Öberg som faste representantar og Mrimba som vara.
Protokollen for styremøtet i mars viser at både Nilssen og Mrimba var til stades då vedtaket vart fatta. I protokollen heiter det at «rektor får fullmakt til å supplere listen med forslag på eksterne styremedlemmer».
Styremøtet tysdag kan du sjå direkte her frå klokka 10.
Bad om vurdering
Eit styremedlem ved ein høgskule eller eit universitet får ei godtgjering på 77.800 kroner i året. I tillegg får ein ein sum for møta ein faktisk er med på (sjå faktaboks).
Varamedlemmer, som Vincent Mrimba no er, og er føreslege å vera i fire år til, får ikkje grunngodtgjeringa, berre pengar for møta dei stiller på.
— Då styret drøfta nye saka om eksterne styremedlemmer vart det teke opp om me skulle forlata møtet eller ikkje, men fekk beskjed om at det ikkje var nødvendig. Men eg bidrog ikkje i debatten i saka, seier Mrimba til Khrono.
Botnevik seier til Khrono at for han er det openbert at styremedlemmer ikkje kan utnemna seg sjølv, og han bad om ei vurdering av saka.
Skal gå ut
Botnevik var òg kritisk til saka om at UiB hadde betalt advokatrekningane til rektor Margareth Hagen i saka som handla om Hagen og styrevervet i Trond Mohn Stiftelse. Her sa Hagen seg inhabil og gjekk ut. Men prorektor Pinar Heggernes var til stades i møterommet medan det vart drøfta om ho var inhabil.
Konklusjonen var at det var ho ikkje.
I saka som styret no får på bordet, kjem det fram at ein ikkje skal gjera som Heggernes gjorde: Ein skal gå ut når habilitet vert drøfta.
I saksframstillinga heiter det at: «Styremedlemmer som reiser spørsmål om egen habilitet skal orientere styret om grunnen til dette og svare på eventuelle spørsmål fra øvrige styremedlemmer. Styremedlemmet fratrer deretter møtet og skal, dersom møtet er lukket, forlate møterommet. Styret vurderer og avgjør habilitetsspørsmål i henhold til forvaltningsloven».

Skal gi beskjed
Det er forvaltningslova som seier kven som er habile og ikkje. Der heiter det mellom anna at ein er «ugild når andre særegne forhold foreligger som er egnet til å svekke tilliten til hans upartiskhet; blant annet skal legges vekt på om avgjørelsen i saken kan innebære særlig fordel, tap eller ulempe for ham selv eller noen som han har nær personlig tilknytning til».
Khrono har spurt rektor og styreleiar Margareth Hagen om kvifor styret meiner at ein er habil til å røysta over om ein sjølv skal stå på lista som vert sendt til Kunnskapsdepartementet.
Ho svarer i ein sms at spørsmålet om dei eksterne styremedlemmene var inhabile i å vera med å handsama saka kom opp. «De eksterne medlemmene som hadde stilt seg til rådighet for gjenoppnevning vurderte seg ikke å være inhabil, men tilbød seg å fratre behandlingen av saken. Styret fant det ikke nødvendig at de eksterne medlemene fratrådte under behandling av saken. For øvrig behandlet styret i denne saken en bruttoliste til KD over mulige kandidater», skriv Hagen.
I protokollen frå møtet 8. mai kjem det fram at det i neste møte skal koma ei sak om habilitet.
I den saka som styret altså no skal handsama, er saksgangen i habilitetssaker sagt å skulle vera som følgjer:
- Styremedlemmer skal sjølv så tidleg som mogleg før styremøtet gå gjennom saksliste og saksdokument og sjølv vurdera om det er saker ein kan vera inhabil i
- Dersom ein meiner ein er inhabil, skal ein melda dette til styret sitt sekretariat så tidleg som mogleg før møtet. Rektor og universitetsdirektør skal orienterast
- Styreleiar skal så, under sak om godkjenning av innkalling og saksliste, orientera om eventuelle habilitesavgjerdsler som er tekne før møtet, og i tillegg spørja om nokon har habilitetsspørsmål i nokre av sakene.
- Styremedlemmer som reiser spørsmål om eigen habilitet skal orientera styret om grunnen og svara på eventuelle spørsmål frå andre styremedlemmer. Så skal ein få frå møtebordet, og dersom møtet er lukka, skal ein forlata møterommet. Styret vurderer og avgjer habilitetsspørsmål
- Det skal gå fram i protokollen kva medlemmer som vart vurdert og i kva saker
Saker fleire stader
I saka om advokatrekningane sa prorektor Heggernes at ho og rektor ikkje var nære eller hadde omgang med kvarandre utanom arbeidsplassen. Difor meinte ho sjølv at ho var habil. Også universitetsdirektør Tore Tungodden sin habilitet vart vurdert, men heller ikkje han vart funnen inhabil.
Men det er ikkje berre ved Universitetet i Bergen at habilitet vert drøfta.
Som Khrono nyleg har skrive, var rektor Klaus Mohn sin habilitet tema då Universitetet i Stavanger drøfta flytting av eit institutt frå eit fakultet til eit anna. Ved Høgskulen i Volda vart styremedlem Bjørn Gunnar Tafjord funnen inhabil fordi han òg er tillitsvald i Forskerforbundet og leverte eit varsel mot dåverande høgskuledirektør. Det same hadde Volda-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim gjort, så han vart òg funnen inhabil i saka om oppseiing av direktøren.
Siste møte i perioden
Styremøtet 17. juni er det siste i denne fireårsperioden. Frå august er både ny prorektor og fleire nye styremedlemmer på plass.
Dette skal drøftast på siste møte:
- S 48/25 V-sak Godkjenning av innkalling og saksliste
- S 49/25 V-sak Godkjenning av protokoll fra møte i universitetsstyret8.5.2025
- S 50/25 O-sak Økonomirapport per 1. tertial 2025
- S 51/25 O-sak Regnskap for Universitetet i Bergen første tertial 2025
- S 52/25 O-sak Riksrevisjonens beretning 2024
- S 53/25 O-sak Status for oppfølging av UiBs strategi 2023—2030
- S 54/25 V-sak Tilpasning av regler med bakgrunn i ny UH-forskrift — utdanningsfaglig kompetanse og opprykk
- S 55/25 V-sak Rutine for behandling av habilitetsspørsmål
- S 56/25 V-sak Endring av vedtekter om kjønnsbalanse i styret for L. Meltzers Universitetsstiftelse og Fond og Legater ved UIB
- S 57/25 V-sak Oppnevning av medlemmer til nemnd for studentsaker og endring av reglement
- S 58/25 V-sak Oppnevning av eksterne medlemmer til fakultetsstyrene for perioden 1.8.2025-31.7.2029
- S 59/25 O-sak Orienteringssaker
- S 60/25 V-sak Ekstraerverv i 10 %-åremålsstilling som førsteamanuensis (undervisningskoordinator) for tre år ved OFNEC-senteret i Caen uten utlysing — Unntatt offentlighet
- S 61/25 V-sak Ekstraerverv i 20 %-åremålsstilling på tre år som førsteamanuensis ihavteknologi ved institutt for fysikk og teknologi — ansettelse uten forutgående utlysing — Unntatt offentlighet
- S 62/25O-sak Universitetsledelsen informerer
- Eventuelt
Nylige artikler
Europa satser på livsvitenskap – Norge må ikke bli stående igjen
Fikk tommel ned for ny jusutdanning
Gir snart ut ny populærvitenskapelig bok: Noen må ta jobben med å se helheten
Innstilt som ny Ansa-president
Kaotisk kontor — helt til sensuren kommer
Mest leste artikler
Vi drukner i verdiløse publikasjoner
Fakultetsdirektøren fyrte løs mot LinkedIn. Nå raser debatten
Klamt og kleint på LinkedIn
Reagerer på framstilling av mannlige studenter:— Hersketeknikk
30 grader på kontoret. — Nå gir jeg opp