HiOA får påpakk av Språkrådet for manglande tilbod på nynorsk eksamenssett. Foto: Skjalg Bøhmer Vold
HiOA får påpakk av Språkrådet for manglande tilbod på nynorsk eksamenssett. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Nynorsk-stryk til HiOA

Språkrådet er ikkje imponert over eksamenspraksisen ved HiOA. Mens somme ikkje får eksamensoppgåva på nynorsk i det heile, må andre seie ifrå på nytt om dei vil ha eksamenssettet på nynorsk.

Publisert Oppdatert

«Sidan kurset er forelese på bokmål og av omsyn til risikoen for misforståingar i bruk av faguttrykk omsetjast ikkje eksamen i Bedriftsøkonomi til nynorsk».

Dette var svaret ein student fekk då ho klaga på målforma på eksamen.

Har rett på eksamen på eiga skriftmål

I eit brev til Høgskolen i Oslo og Akershus (HiOA) skriv Språkrådet at undervisningsspråket på førelesningane ikkje påverkar studentane sin rett til å få eksamen i eiga målform. Dei ber om tilbakemelding frå HiOA på korleis dei vil sikre språkrettane til studentane. I tillegg er dei ikkje nøgde med rapporteringa til høgskulen:

«Samtidig minner me om at Høgskolen i Oslo og Akershus ikkje har levert nokon rapport om korleis de generelt vekslar mellom målformene dei siste åra, trass fleire purringar. Det ventar me at de gjer for 2015.»

Bokmål og nynorsk er likestilte skriftsspråk og høgskulen er forplikta gjennom mållova til å tilby eksamen på begge målformar. Høgskulen kan ikkje omgå dette kravet.

Anita Tøien Johansen

Det skal ikkje vere vanskeligare for nynorskbrukarar enn for bokmålsbrukarar å få eksamensteksten i eigen målform.

Kristin Solbjør

Det skal ikkje vere vanskelegare for nynorskbrukarar enn for bokmålsbrukarar å få eksamensteksten i eigen målform.

Kristin Solbjør

Sjå heile brevet her

Studentombod Anita Tøien Johansen (bilete under) støtter opp om brevet frå Språkrådet.

— Bokmål og nynorsk er likestilte skriftspråk og høgskulen er forplikta gjennom mållova til å tilby eksamen på begge målformer. Høgskulen kan ikkje omgå dette kravet, seier ho.

Seksjonssjef i Språkrådet, Kristin Solbjør, fortel at studentar har forskriftsfesta rett til eksamen på den målforma dei sjølve ønskjer.

— Dessverre ser vi at enkelte læresteder ikkje tilbyr eksamen i begge målformer, sjølv om studentane ønskjer det og har krav på det.

HiOA beklagar

Studiedirektør på HiOA, Marianne Brattland, seier til Khrono at høgskulen beklagar at ikkje alle studentar har fått det dei har krav på her.

— Vi er forplikta gjennom mållova til å tilby eksamen på begge målformer. Vi går gjennom rutinane våre der dette har skjedd denne gongen, seier Brattland.

Ifølgje Målungdommen er problemet på norske høgskular og universitet så stort at dei no har opna ein eigen klageportal. Leiar i Målungdommen, Synnøve Marie Sætre, meiner det berre er gjennom å klage at studiestadane byrjar å ta problemet på alvor.

— Det er viktig å klage når dei språklege rettane du har ikkje vert oppfylte, understrekar ho i ei pressemelding.

Gjer det krunglete å få nynorskeksamen

For dei fleste studentar er det nok å melde ifrå i Studentweb kva målform ein brukar. Teknologistudentane på Fakultet for teknologi, kunst og design (TKD) på HiOA derimot må dette semesteret varsle studieadministrasjonen om alle eksamenar dei ønskjer nynorsk eksamenssett på.

— Vi har erfaring med at mange ikkje ønskjer oppgåvesettet på nynorsk likevel på eksamensdagen, sjølv om dei har huka av for det i studentweb, seier Siri Høgseth, fungerande seksjonssjef ved Fakultet for teknologi, kunst og design.

Ho understrekar at dei veit at nynorskstudentar har krav på eksamen på si målform, og at dei òg vil lage det til dei som ønskjer. Likevel er det ifølgje ho svært få dette gjeld.

— Dykk har jo allereie gjennom studentweb info,  er dette ein måte å gamble på at folk ikkje seier ifrå slik at dykk ikkje treng å lage eit eksamenssett til?

— Om alle vel eksamenssett på bokmål når ein har laga eit på nynorsk er det bortkasta tid. Vi har sett mange gonger at heile klasser har valt bokmålsteksta.

Ordninga er ny frå i haust og Høgseth fortel at dei fortløpande kjem til å vurdere korleis ordninga fungerer og om ein eventuelt kan gjere noko annleis.

Har rett på begge

Verken eksamenskontoret eller studentobod Anita Tøien Johansen har høyrt om praksisen, men Tøien Johansen påpeiker at ifølgje mållova er nynorsk og bokmål likeverdige målformer som skal vere jamstelte.

— Det er ikkje riktig å pålegge studentane noko ekstra for å få eksamen på den eine eller andre målforma, seier Tøien Johansen.

Kristin Solbjør i Språkrådet meiner det er uheldig om studentane må gje særskilt melding om at dei vil ha eksamen på nynorsk.

— Det skal ikkje vere vanskelegare for nynorskbrukarar enn for bokmålsbrukarar å få eksamensteksten i eigen målform, seier ho. 

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS