språk

Språkforskar: Nynorsk kan verta meir marginalisert

Få verksemder nyttar nynorsk. Fråvære av nynorsk er ei form for symbolsk ekskludering, seier språkforskar Guro Refsum Sanden.

Norsk ordbok er eit stort verk - på nynorsk. Men korleis går det med nynorskbruken i samfunnet?
Publisert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Språkforskar Guro Refsum Sanden jobbar ved Göteborgs Universitet. Ho har gjort ein analyse av dei 500 norske verksemdene som låg øvst på tidsskiftet Kapital si liste over avkasting i 2015: Kva skriftspråk brukar desse verksemdene når dei skal skriva årsrapportar?

Svaret er ganske eintydig: 81 prosent av verksemdene nyttar norsk, anten berre norsk eller norsk i tillegg til eit anna språk. Men berre fem av verksemdende skreiv årsmeldinga si på nynorsk.

Guro Refsum Sanden meiner manglande bruk av nynorsk undergrev den språkpolitiske målsettinga.

Undergraving

Det var forskning.no som først skreiv om Sanden sine funn. Dei skriv at dei fem verksemdene var Coop Vest SA, Bremnes Fryseri AS, Fjord1 AS, Sogn og Fjordane Energi AS og Sparebanken Sogn og Fjordane. Alle desse fem ligg i nederste halvdelen av Kapital si rangering.

– Ei årsmelding skal kommunisera informasjon effektivt til investorar og dei som er interesserte i selskapet si drift. Innenfor denne sjangeren er nynorsk lite brukt, seier Sanden til forskning.no.

I ein epost til Khrono skriv Sanden at den overordna språkpolitikken i Noreg er at nynorsk og bokmål skal vera likestilte målformer.

— Manglande bruk av nynorsk i næringslivet er med på å undergrava denne språkpolitiske målsettinga, skriv Sanden.

— Slik situasjonen er i dag, er nynorsk definitivt ikkje likestilt med bokmål i næringslivet, og for å endra dette, må det nok ei politisk avgjerd til. Verksemder som held til i område der nynorsk er det dominerande skriftspråket, kan truleg motiverast til å halda fram med å bruka nynorsk, men dersom nynorsk skal overleva som eit levedyktig språk i norsk næringsliv, må ein nok på sikt vurdera strengare språkleg regulering.

Ikkje det same som norsk og engelsk

I 2018 skreiv På Høyden at under ein prosent av dei som leverer doktorgrad skriv avhandlinga på nynorsk. For mastergrad er talet to prosent. I akademia er kampen for norsk fagspråk den som er mest omtala. Språkrådet har mellom anna arrangert frukostmøte om norsk fagspråk, og har laga ein vegvisar for det dei kallar gode språkval.

Språkforskar Sanden meiner at ein ikkje utan vidare kan jamføra debatten mellom nynorsk og bokmål med debatten mellom norsk og engelsk. Sjølv om mange i næringslivet nyttar engelsk, viser hennar forsking at ein ikkje kan skildra næringslivet som «tapt» domene for det norske språket.

Nynorsk er svært lite nytta i næringslivet generelt og har aldri fått rotfeste innanfor dette domene

Guro Refsum Hagen

— Men for nynorsk er situasjonen ein ganske annan; nynorsk er svært lite nytta i næringslivet generelt og har aldri fått rotfeste innanfor dette domene, skriv Sanden.

Til forskning.no seier ho at nynorsk kan verta ytterlegare marginalisert.

— Språk er eit kommunikasjonsmiddel som både kan inkludera og ekskludera enkeltpersonar og grupper frå det offentlege liv. Sjølv om dei aller fleste nynorskbrukarar nok kan lesa bokmål utan problem, representerer fråværet av nynorsk ei form for symbolsk ekskludering, utdjupar ho til Khrono.

Sanden seier at verksemdskommunikasjon er eit viktig språkleg domene i eit samfunn.

— Dersom nynorskbrukarar ikkje finn støtte for skriftspråket sitt innanfor dette domenet, kan det føre til ytterligare språkleg marginalisering for denne gruppa.

Eigen språkpris

Nokre verksemder nyttar nynorsk. Noregs Mållag delar ut ein eigen språkpris til verksemder som har valt mindretalsspråket når dei kommuniserer. Dei siste åra har denne prisen mellom anna gått til Sogndal Fotball, Fjord1 og Skogstad Sport. Mållaget skriv på eigne nettsider at dei håpar prisen vil verka inspirerande for verksemder i mange næringssektorar.

Powered by Labrador CMS