Søknadsfristen for ny dekanstilling i Volda blir forlenga
Ny jobb. Høgskulen i Volda har hyra inn eit rekrutteringsbyrå og utsett fristen for å søkja stillinga som dekan ved Avdeling for mediefag. Det er ikkje stadfesta om det har meldt seg søkjarar til stillinga.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
Det siste halve året har det storma rundt leiarstillinga ved Avdeling for mediefag ved Høgskulen i Volda. Dekan Audhild Gregoriusdotter Rotevatn vart mellombels omplassert i august i fjor, noko høgskuleleiinga meiner dei har høve til innanfor styringsretten. Rotevatn er ikkje samd, og har klaga på saka.
No er saka hos Kunnskapsdepartementet, etter at høgskulestyret ikkje støtta Rotevatn då hennar klage vart handsama der i byrjinga av desember.
Stillinga som dekan vart lyst ut i fjor haust med frist 6. januar, ettersom Rotevatn sitt åremål på fire år går ut 1.september 2020. No er søknadsfristen forlengd til 15.januar.
Utsetjinga skuldast at me har kopla på eit rekrutteringsbyrå.
Det vart bestemt før jul, opplyser høgskuledirektør Karen Lomeland Jakobsen.
— Var det kome inn søknader då det vart bestemt at fristen skulle utvidast?
— Det kommenterer me ikkje, seier Jakobsen.
Tilsetting i mars
Då styret i oktober vedtok å lysa ut stillinga, sa rektor Johann Roppen til Khrono at tilsetjing er planlagd i mars.
— Det er framleis planen, seier Roppen no.
— Utsetjinga skuldast at me har kopla på eit rekrutteringsbyrå. Dei tilrådde å utsetja fristen noko.
— Kvifor valde ein å bruka eit byrå?
— Det var noko me bestemte etter ein gjennomgang. Dette er noko me ikkje har gjort så mange gonger før, seier Roppen.
Hunnes ber om ny dekan frå 1.juni
Fungerande dekan på Avdeling for mediefag, Odd Ragnar Hunnes sende i oktober ein e-post til mellom andre personaldirektør og HR-direktør der han ber om at den nye dekanen må tiltre før åremålet til den omplasserte Audhild Gregoriusdotter Rotevatn går ut.
Han viser til at saka har vore drøfta både i avdelingsråd og i leiargruppa på Avdeling for mediefag.
For si eiga personlege rekning legg han til i e-posten:
«Eg håpar at det eg har referert frå leiarmøtet og avdelingsrådsmøtet ovanfor ikkje underkommuniserer kor problematisk fagmiljøa meiner at eit så seint startpunkt som 01.09 vert oppfatta å vere. Er det mogleg å tenkje seg ei tilsetjing t.d. frå 01.06.20 og så leggje opp til at det kan vere ei formell overlappingsperiode 01.06 – 31.08? Eller kanskje det finst betre løysingar: det er i alle fall viktig at det verkeleg vert arbeidd for å finne ei løysing som kan fungere godt for urolege sinn (og dei er det ein del av i AMF med tanke på denne tilsetjingsprosessen)».
Seier ikkje kven som skal leia
I søknadsteksten til dekanstillinga heiter det at det vert stilt krav om høgare utdanning på masternivå eller høgare, og at søkjarar bør ha kompetanse tilsvarande førstenivået for sektoren.
Før jul var det eit allmøte ved Avdeling for mediefag. Odd Ragnar Hunnes er konstituert som dekan ved avdelinga fram til 1. februar.
— Kven skal leia Avdeling for mediefag frå måndag 3. februar?
— Det kan eg ikkje svara på i dag, men eg er sikker på at avdelinga vil verta teken vare på på ein god måte, seier Roppen.
— Når kan du svara?
— Det kan eg heller ikkje svara på.
Nylige artikler
Universitetsansatte slår alarm: Mener de har fått munnkurv av ledelsen
Ulike utfordringer viser behov for flere stemmer
Lærerstudenter uten karakterkrav stryker mest
En femtedel av OsloMet skal til Lillestrøm sentrum
Ødelegger Trump et av verdens viktigste forskningssamarbeid?
Mest leste artikler
Texas-universitet ville sensurere Platon på pensum
Studenten hadde kun én eksamen igjen da han ble tatt for fusk
Nobelprisvinner ut mot amerikansk akademia: — De har seg selv å takke
«Forskningsdetektiv» får 26 millioner etter å ha avslørt fusk
Universitet må selge splitter ny milliard-campus for å dekke underskudd