Sommar i Khrono
— Søkelyset på gjennomstrøyming har blitt for sterkt
— Det må vere mogleg å «trø feil», og å bytte utdanning undervegs, utan at det er «krise», seier professor Jens Johan Hyvik når vi spør om studentar og psykisk helse.
— Det dreg seg til økonomisk i akademia, merkar du det i kvardagen din på jobb? Eventuelt korleis?
— Ja, det er merkbart mindre pengar også ved Universitetet i Søraust-Noreg (USN). Korleis institusjonen og instituttet kan spare er stadig eit tema på møte og i ymse samanhengar.
— Fleire universitet og høgskular vurderer nedbemanningar og eventuelt sluttpakkar til tilsette. Vil du takke ja dersom du får tilbodet?
— Nei. Eg er godt nøgd med jobben min og meiner kollegaene mine og eg driv gode og viktige historiefaglege utdanningsløp, forsking og formidling. Ikkje minst i vår tid er det viktig med historiefagleg kunnskap, og dessutan metodiske og kritiske ferdigheiter som står sentralt i faget. Det gjeld yrkes- og samfunnslivet generelt, men historiefaget har også mykje å bidra med til andre studiar innanfor høgare utdanning.
— Kva gode råd vil du gje forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) for å styrkje akademia framover?
— Eg meiner både universiteta og politikarar bør bli flinkare til byggje opp om eigenverdien til høgare utdanning, ikkje minst bachelorutdanningane. Ofte får grunnutdanningane for lite merksemd.
— Stadig fleire unge og studentar slit med psykisk uhelse, syner fleire undersøkingar. Bør universiteta og høgskulane endre på noko i utdanningane eller i undervisninga si for å leggje betre til rette for studentar som slit?
— Mi erfaring er at dei fleste som underviser innanfor høgare utdanning på ulike vis tek omsyn til studentar som slit. Studentar kan også få vedtak om tilrettelegging. Men eg meiner også at hovudansvaret for oppfølging av helseproblem bør liggje hos helsevesenet (og eventuelt studentsamskipnaden).
— På eit meir generelt nivå meiner eg at søkelyset på gjennomstrøyming har blitt for sterkt. Det er tale om unge menneske som vel utdanning, og det er ikkje alltid at ein veit kva ein vil gjere i livet når ein er 19 eller 20 år gamal. Det må vere mogleg å «trø feil», og å bytte utdanning undervegs, utan at det er «krise». Eg har naturlegvis forståing for at det er viktig at studentar blir ferdige med studia, men ein må hugse på at studentar er menneske og ikkje tal.
— To tidlegare statsrådar er blitt avslørte i fusk på masteroppgåvene sine, regjeringa har anka ei sak mot ein student inn til høgsterett for sjølvplagiering - og saka kjem opp i september. Blir plagiering/sjølvplagiering godt nok handtert i akademia?
— Når det gjeld sjølvplagiering, meiner eg systemet har vore alt for strengt, og eg trur dei fleste no er einige i det. Generelt har statsrådssakene skjerpa merksemda når det gjeld plagiering, og det er det jo mykje bra med. Samstundes er mi erfaring at ein del studentar no er blitt så redde for å gjere den minste feil, at det fører til mykje stress og av og til kan gå ut over evna til å gjere fornuftig fagleg arbeid. Men eg har også tru på at dette forhåpentlegvis vil rette seg etter ei tid.
— ChatGPT og kunstig intelligens er komne for å bli og utvikla seg vidare. Kva slags moglegheiter / trugsmål ser du for høgare utdanning og forsking når det gjeld KI?
— Det er liten tvil om at KI er ei stor utfordring, ikkje minst for et fag som historie. Eg trur vi må sjå på eksamensformene, men korleis dette vil utvikle seg vidare er vanskeleg å spå. Generelt er eg optimist og trur at både fagmiljø, institusjonar og studentar vil tilpasse seg den teknologiske røynda og at ein kan finne gode løysingar. KI vil aldri kunne erstatte menneske, og den menneskelege evna til tilpassing er ofte undervurdert.
5 kjappe
1. Vald eller tilsett rektor?
– Vald, uavhengig av storleik og geografisk spreiing på institusjonen
2. Sensor på skriftleg eller munnleg eksamen?
– Munnleg
3. Forskingstermin i Paris eller Svalbard?
– Paris
4. Studentar som protesterer eller studentar som gjer som dei blir fortalt?
– Studentar som protesterer
5. Kven frå norsk akademia ville du helst ha stranda med på ei aude øy, og kvifor akkurat desse?
– Thomas Hylland Eriksen, fordi eg alltid har beundra hans engasjement og evne til å sjå ei sak frå fleire sider. Inger Marie Okkenhaug, fordi vi nyleg har gitt ut ei bok saman – Historia til Palestina og Israel i moderne tid (2024) - og det hadde vore flott med ei «debrifing», med Hylland Eriksen som opponent og moderator.