Dag Rune Olsen, Anna Elisa Tryti, Gunnar Hæreid og Øystein Thøgersen tok debatten om samarbeid mellom Universitetet i Bergen og resten av Vestlandet. Foto: Dag Hellesund Foto: Dag Hellesund
Dag Rune Olsen, Anna Elisa Tryti, Gunnar Hæreid og Øystein Thøgersen tok debatten om samarbeid mellom Universitetet i Bergen og resten av Vestlandet. Foto: Dag Hellesund Foto: Dag Hellesund

«UiB nesten irrelevant for folk i Sogn og Fjordane»

Assisterande fylkesmann, Gunnar Hæreid, er ikkje imponert over innsatsen Universitetet i Bergen gjer i Sogn og Fjordane, særleg når han samanliknar med Høgskulen på Vestlandet.

Publisert   Sist oppdatert

Assisterande fylkesmann Gunnar Hæreid meiner at Universitetet i Bergen er nesten usynleg i Sogn og Fjordane, og UiB-rektor Dag Rune Olsen, vedgår at universitetet kan hende er meir opptekne av det internasjonale enn det lokale.

Dette kom fram i ein debatt då Hæreid spissformulerte synet sitt på UiB under den årlege leiarsamlinga for Universitetet i Bergen (UiB), som blei halde på Solstrand nyleg, skriv På Høyden.

Naturleg å dra til Oslo

— Universitetet i Bergen som institusjon er lite synleg i Sogn og Fjordane. Det er ikkje mykje skriving om UiB i avisene der, og dette er til dømes berre mitt andre personlege møte med Universitetet i Bergen som assisterande fylkesmann, fortel Hæreid, som har vore assisterande sidan 2011.

Hæreid er utdanna jurist – frå Universitetet i Oslo. Som årdøl var det mest naturleg å dra austover då han var student. I ein ny Vestlandsregion - der Hordaland og Sogn og Fjordane er slått saman - ønskjer Hæreid seg eit universitet som er meir synleg.

Det er muleg at vi viser større engasjement rundt det internasjonale enn det lokale.

Dag Rune Olsen
Rektor, Universitetet i Bergen

Så langt har vi ikkje heilt sett kva Universitetet i Bergen kan gjere for oss, og heller ikkje omvendt.

Gunnar Hæreid
Ass. fylkesmann, Sogn og Fjordane

— Skulda ligg sjølvsagt på oss òg. Men så langt har vi ikkje heilt sett kva Universitetet i Bergen kan gjere for oss, og heller ikkje omvendt, seier Hæreid.

Høgskulen på Vestlandet flinkare

Han ser at tidlegare Høgskulen i Sogn og Fjordane og no Høgskulen på Vestlandet (HVL) er flinkare til å løfte fram viktige problemstillingar for fylket.

— Men på nokre område, som medisin og juss, har universitetet monopol, seier Hæreid.

Og nettopp på slike fagfelt ønskjer han meir samarbeid.

UiB-rektor Dag Rune Olsen er open for meir samarbeid:

— Eg trur det for lenge sidan er slutt på at forskarar sit i elfenbeintårna sine. Men det er mange ting vi kan arbeide med. Vi har til dømes for få studentar som har eit praksiselement i utdanninga si. Universitetet ønskjer å vere ein samfunnsbyggar, understreker Olsen.

— Men det er muleg at vi viser større engasjement rundt det internasjonale enn det lokale, legg han til.

Viktig med fri forskingstradisjon

Byråd for byutvikling i Bergen, Anna Elisa Tryti, meiner UiB må kombinere det internasjonale og det lokale:

— Det er utruleg viktig at UiB både har god kontakt med Høgskulen på Vestlandet, òg dyrkar vidare det internasjonale forskingsuniversitetet. Universitetet i Bergen og den nye høgskulen bør setje seg ned saman, og finne ut kva dei er gode på. På den internasjonale biten er UiB ekspert.

Og når Bergen kommune no skal lage ein eigen, internasjonal strategi, er det viktig at universitetet koplar seg på. Likevel, det vi har aller mest bruk for er at UiB held oppe den frie forskingstradisjonen, som ikkje først og fremst tenker nytte, meiner Tryti.

NHH framleis for seg sjølv

Øystein Thøgersen tek over som rektor på NHH (Norges Handelshøgskole) i august, og blir den første tilsette rektoren, etter ei lang rekke med demokratisk valde. Og ved NHH har dei erfaring med å vere internasjonale.

— Det er ingen motsetnad mellom å vere veldig internasjonal og å gjere ein veldig god jobb for den regionen ein er i, seier han.

Og jobben gjerast best aleine, meiner Thøgersen, når spørsmålet om samanslåing med UiB kjem opp:

— Eg trur vi klarer oss slik som vi er, med godt samarbeid. Vi er to ulike institusjonar, seier Thøgersen

Attraktiv studiestad

Då assisterande fylkesmann Hæreid møtte UiB-leiarane på Solstrand før helga fekk han fleire innspel på samarbeidsprosjekt etter debatten.

– Eg er særs glad over at det kjem initiativ, og vi har allereie gode ting på gang med medisin. Men eg kunne godt tenkt meg at universitetet kjem og presenterer seg, og at vi òg viser kva vi kan tilby dei. Eg trur at Bergen uansett er ein attraktiv studiestad for folk frå Sogn og Fjordane. Og så er det jo den finaste byen i landet!