Kortnytt

Smitta student hadde praksis

Publisert

To klassar og ein lærar ved Rothaugen ungdomsskole i Bergen må i karantene etter at ein lærarstudent som hadde praksis ved skulen har fått påvist covid-19. Dette skriv Bergens Tidende.

Ein lærarstudent i Bergen har testa positivt på koronaviruset.
Ein lærarstudent i Bergen har testa positivt på koronaviruset.

Det vert framleis rapportert om smitta studentar fleire stader i landet. BA skriv at det i Bergen har vore omlag 20 smitta studentar dei siste par vekene, flest ved BI. Ved Høgskolen i Innlandet er undervisning for nokre studentar gjort digital etter at ein student har testa positivt. Det skriv Hamar Arbeiderblad.

(Hilde Kristin Strand / Khrono)

Powered by Labrador CMS