Slavoj Zisek og Tyler Cowen på scenen under Holbergdebatten i Bergen. — Lykke er for hallikar, seier Zizek. Foto: Tor Farstad

Slik talte Slavoj: — Optimisme er oppskrift på sjølvmord

Fullt hus. Det kling i utgangspunktet ikkje som ei oppskrift på fulle hus: aldrande filosof forklarer korfor han er kommunist.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Men det er det.

Fakta

Slavoj Zizek

Slovensk filosof og kulturkritikar. Han er seniorforskar ved det filosofiske instituttet ved Universitetet i Ljubljana og internasjonal direktør ved Birkbeck Institute ved Universitetet i London.

Zizek har publisert meir enn 50 bøker om mellom anna politisk teori, kulturstudiar, Lacan og psykoanalytisk teori, film, marxisme, hegelianisme og teoelogi. Han har også vore med i ei rad filmprosjekt.

Køen var av sovjetiske proporsjonar der den strekte seg frå den eine enden av Musehagen til den andre då den slovenske filosofen Slavoj Zizek skulle på scenen i Universitetsaulaen i Bergen laurdag. Gratis, men ingen billettar og først til mølla, var det litt kaotiske konseptet, i alle fall for dei lågare «klassane», som møtte tidleg for å prøve å sikre seg ein av dei 350 plassane innomhus.

Det var spørsmålet om poenget med å vere kommunist tretti år etter murens fall som lokka fram ei lita folkevandring på Nygårdshøyden i Bergen denne laurdagen i desember.

— Eg likar ideane hans, forklarte Valerio Rossetti, italienar og student på Det humanistiske fakultet, og ja, kommunist, med ein tjukk thriller av Stephen King under armen.

— Og akselerasjonist, la han til, utan å gå i detalj, det var berre å håpe at også køen skulle akselerere.

Apokalypse no

I kjent, rufsete stil og foredragsfart over fartsgrensene rakk Zizek i løpet av dei fem første minutta å snakke om dagens Kina (med sine «wild cat strikes», konsentrasjonsleirar og korrupsjon»), murens fall, Polen og general Jaruzelski, og eit knippe andre tenkarar Zizek tenker med og mot, som Habermas, Freud, Fukuyama, Badiou, og for dei lesande massane kanskje meir kjent i dag, Piketty, samt to vitsar.

— No kjem ein «trigger warning til dei politisk korrekte», no kjem som vanleg provokasjonane mine … heldt Zizek fram.

Ei for dei ikkje marxistisk skulerte ikkje heilt rett fram tankerekke om framandgjering i forskjellige fasettar førte så fram til korfor-er-eg-kommunist-spørsmålet.

— Vi lever i ei tid med apokalyptiske utsikter, sa Zizek,

Og kapitalistiske, sosialistiske, liberale eller i det heile tatt, det meste av det som er på marknaden eller i pent brukte marknadskritiske tankebaner, er ubrukeleg om vi skal klare å unngå apokalypsen, ifølgje Zizek.

Valerio Rossetti har lese mange av bøkene til Slavoj Zizek, men i køen til foredraget gjekk det i Stephen King. Foto: Tor Farstad

— Men det er ei spesiell glede med å leve i endetidene. Og paradokset med fikseringa på ei komande katastrofe er at det er ein av måtane måte å unngå å konfrontere katastrofen på, sa Zizek.

Han peikte på høgrepopulistar, som framstiller immigrasjon som ein trussel mot Europa, som hevdar utviklinga vil føre til ein katastrofe: ein muslimsk provins, eit Europastan.

— For høgrepopulistar er vestlege feministar og muslimske fundamentalistar to sider av same mynt.

Men dei eigentlege katastrofene – klimaendringar, den verkelege migrasjonen, digital manipulasjon – dei har heller ikkje den liberale venstresida noko fornuftig å stille opp med for å løyse, meiner Zizek.

Køen strekte seg eit par hundre meter rundt og inn i Universitetsmuseet og aulane der Slavoj Zizek venta. Foto: Tor Farstad

— Den nye frykta for apartheid er venstresidas frykt for immigrasjon.

— Lykke er for hallikar

Foredraget berre akselererte, ein smule sikksakk, på vegen mot eit mogleg svar, kanskje til den unge italienske kommunistens glede, dersom han sleppte inn.

Ein imponerande flaum av ord og omgrep per sekund og nokre sitatvennlege stopp:

— Trump, det er eit marginalt fenomen, ikkje ver redd, det kjem til å forsvinne.

— Eg hatar den maniske jakta på det gode liv. Lykke er for hallikar.

— Den aller verste ideen er såkalla djupøkologi. Når vi er uroa for miljøet, lat oss vere ærlege, vi uroar oss for vårt eige miljø. Moder jord? Kva moder jord? Jorda er likegyldig. Korfor kjøper vi økologisk mat? Trur du verkeleg at dei halvrotne, økologiske epla er sunnare for deg? Nei. Dette er ideologi på sitt verste.

— Det finst inga etnisk reinsing utan poetar.

— Unnskyld for at eg snakkar for mykje.

Men kva kan vi eigentleg gjere, for å unngå dei reelle katastrofane?

Holbergdebatten, nokre dagar etter Ludvig Holbergs 335-te fødselsdag. Foto: Tor Farstad

Her slo pessimisten Zizek til.

Bli pessimist!

— Verken markanden eller noko statsapparat som vi kjenner det kan løyse dette, sa Zizek, som verka til å fortsatt vere kommunist mot slutten av foredraget, utan at det nødvendigvis var eit krystallklart svar i lufta på kvifor.

— Men det er bra å vere pessimist, sa Zizek, med alle katastrofane og den eventuelle apokalypsen som bakteppe.

— I dag må du vere pessimist for å halde på humøret, og av til skjer det jo små, bra ting, og det blir til «herregud, det er fint!», fordi du ikkje forventar så mykje. Optimisme er oppskrifta på sjølvmord.

Etterpå var det tid for intervju på scenen og spørsmål frå «ein av vår tids største økonomar», Tyler Cowen, om ikkje Zizek eigentleg er ein nostalgikar, og ikkje nokon ordentleg kommunist.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS