Psykoanalysen er ein av dei raude trådane i Slavoj Zizeks tenking. Marxismen er ein annan. No er den omstridde filosofen og forfattaren på veg til Bergen for å delta på Holbergdebatten. Foto: Antonio Olmos

Superstjernefilosof­kommunist

Han er ein av verdas største og mest originale filosofar. Eventuelt ein irriterande klovn. Slavoj Žižek kjem til Bergen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(Sjå direkte fra klokken 15.00, lørdag 7. desember .)

Blodfansen bør komme tidleg, to tusen har meldt si interesse for dei tre hundre og femti stolane i Universitetsaulaen i Bergen.

Eit scoop?

— Heilt klart, seier Ellen Mortensen, litteraturprofessor og fagleg leiar for Holbergprisen i Bergen, som står bak arrangementet. Ho høyrde han sjølv i London i 2010, der var det 1500 menneske frå klokka ti om morgonen til seks om kvelden.

— Han har vore på blokka i mange år, seier Mortensen.

Nei, han er ikkje eksentrisk. Men uortodoks, ja. Han er ikkje den vanlege akademikartypen.

Gisle Selnes

Det er det årlege arrangementet Holbergdebatten som er ramma for besøket i Bergen. For eit par år sidan var det Julian Assange, av praktiske grunnar, på Skype. Mortensen seier det er eit mål at dei som deltar på Holbergdebatten skal vere profilerte, noko dei altså ser ut til å lykkast med.

I år er det Slovenias mest berømte borgar, etter Melania Trump og skiflygaren Peter Prevc, sin tur: Fritenkaren, filosofen, provokatøren, marxisten, postmodernisten, lacaniaren, vitsemakaren, hegelianaren, filmmakaren, og altså eventuelt den irriterande, turnerande klovnen, Slavoj Zizek.

«Filosofiens rockestjerne», blir han kalla i omtrent kvar einaste avisartikkel, så også i denne. Og «kulturteoriens Elvis», med alle sine implikasjonar. Og «filosofisk superstjerne».

Halloi med Slavoj

«Vestens farligste filosof», føyer Holbergprisen til i programmet – underforstått, må ein gå utifrå, det finst andre som er endå farlegare i andre delar av verda.

Det risikable elementet har samanheng med tittelen på foredraget han skal halde på scenen i Bergen: «Kvifor eg framleis er kommunist». Etterpå skal han intervjuast av økonomen Tyler Cowen, ein ikkje heilt uprofilert fyr, han heller, fødd i Bergen, rett nok Bergen New Jersey, og kåra til ein av verdas viktigaste intellektuelle i 2011 av Foreign Policy Magazine. Men det er ikkje tilfeldig kven som intervjuar kven, Zizek er blitt kåra til det same av det same magasinet tre gonger.

Det blir ikkje noko intervju med Khrono.

Nei, det går berre ikkje, seier arrangøren, berre eitt intervju i Noreg, det går til Klassekampen, ikkje mogleg med rockestjerneprat i drosjen frå Flesland, eit spørsmål backstage, Zizek blir skyssa direkte til målet, så blir han skyssa bort igjen, thank you and good night, til ei anna scene i verda, eller til Stalins blikk frå portrettet han har hengande i gangen heime, «kulturteoriens Elvis» has left the building.

«Til Klassekampen sier han at han først og fremst vil more folk», sa Zizek til Klassekampen i 2008, så får vi sjå kva han seier i 2019.

Lat oss først rygge tilbake til eit røykfullt venterom ein stad i Paris for 35 år sidan.

Venterommet

(Det intellektuelle) Paris 1984. Tre år er gått sidan den berømte franske filosofen og psykoanalytikarane Jacques Lacan er gått bort. Bak dørene, inne på kontoret, sit svigersonen, Jacques-Alain Miller, også han psykoanalytikar, i tradisjonen etter Lacan, og slik nødvendigvis etter psykoanalysens far, Sigmund Freud. På venterommet, under ei diger lysekrone, sit Kjell Roger Soleim, ein ung filosof frå Universitetet i Bergen på ein nedsliten sofa og venter på time.

Zizek har både skrytt av Stalin og støtta Trump, og det sikrar plass i media.

Jostein Gripsrud

På venterommet sit ein jamaldrande filosof frå Ljubljana og venter på det same.

— Eg kjente jo godt til han. Han skreiv i nokre av dei tidsskrifta som vart gitt ut i krinsen rundt Lacan på den tida og hadde sett han på foredrag og innlegg på kongressar, fortel Soleim.

Soleim var i Paris, på Paris-universitetet/Paris 8. for å undervise om Knut Hamsun og den umoglege kjærleiken. Der heldt også Zizek til.

Dette til orientering: Det var eit universitetet med ei spesiell og radikal historie, stifta etter studentopprøret i Paris i 1968. Gilles Deleuze, Michel Focault og nemnde Jacques Lacan var blant dei som var der, gigantar for mange i det kultur- og litteraturteoretiske feltet.

I den slitne sofaen på venterommet snakka dei to mennene i trettiåra om laust og filosofisk fast. Zizek fortalde, i sitt litt maniske tempo, om det intellektuelle livet i heimlandet, Jugoslavia, hugsar Soleim. Dei møttest nokre gonger etterpå, så mista dei kontakten. Heilt til Soleim ein dag tok kontakt igjen. Kunne Slavoj ta turen til Bergen?

Det er vanskeleg å seie noko om Zizek utan å nemne filosofen og psykoanalytikaran Lacan. Lacan tolka Freud, Zizek tolkar Lacan.

På nabokontoret til Ellen Mortensen ved Universitetet i Bergen tolkar kollega og professor i litteraturvitskap Gisle Selnes Zizek. I andre enden av telefonen, etter eit par mislykka forsøk på å få kontakt på universitets telefonsystem tolkar Khrono Selnes frå mobil.

Rockestjerne, nei, meir Mozart

Blodfan?

Fakta

Slavoj Zizek og Holbergdebatten

Slavoj Zizek er ein slovensk filosof og kulturkritikar. Han er seniorforskar ved det filosofiske instituttet ved Universitetet i Ljubljana og internasjonal direktør ved Birkbeck Institute ved Universitetet i London.

Zizek har publisert meir enn 50 bøker om mellom anna politisk teori, kulturstudiar, Lacan og psykoanalytisk teori, film, marxisme, hegelianisme og teoelogi. Han har også vore med i ei rad filmprosjekt.

Tyler Cowen, som skal intervjue Zizek i Bergen, er Holbert L. Harris Professor of Economics ved George Mason University og direktør ved Mercatus Center. Han er rekna som ein av dei mest viktigaste økonomane i verda det siste tiåret av ei kåring i The Economist.

Holbergdebatten er laurdag 7. desember klokka 15.00 i Universitetsaulaen i Bergen. Dørene opar klokka 14.30. Arrangmentet er gratis, men det er ingen registrering eller plassgaranti.

Kjelde: Holbergprisen

Nei, det er ikkje terminologi Selnes ser seg tent med.

— Ein heiar ikkje på filosofar slik ein heiar på fotballspelarar. Men ja, eg har lese han i snart 20 år, skrive artiklar basert på tenkinga hans, undervist i tekstane hans og intervjua han ein gong.

— Korleis var det å intervjue han?

— Det var ei hyggeleg oppleving. Intervjuet var både langt og grundig. Han er lett å prate med i den forstand at han pratar mykje, men han utrykker seg konsist, også når han improviserer.

— Han er litt eksentrisk?

— Nei, han er ikkje eksentrisk. Men uortodoks, ja. Han er ikkje den vanlege akademikartypen. Han er lite opptatt av det vanlege, akademiske, seremonielle og høgtidelege. Først og fremst har han ein ekstrem produktivitet, nesten sjukeleg høg produktivitet, med eit par bøker i året, han har laga fleire filmar. Han gjentar seg sjølv ein del, men det er likevel ein produksjon som skulle vore nesten umogleg.

Slavoj Zizek i aksjon i filmen «The Pervert’s Guide to Ideology», der han snakkar om Full Metal Jacket og Stanley Kubrick på do. Zizek har også levert ein ideologisk analyse av korleis franske, tyske og engelske toalett er bygd for å handtere driten på ulike måtar. Foto: NTB scanpix / Zeitgeist Films/courtesy Everett Collection

— Ein slags filosofiens Mozart, ikkje berre rockestjerne – eg tenker på den vanvitige produktiviteten?

— Vel, han har også god peiling på klassisk musikk, i tillegg til alt det populærkulturelle, opera er favorittsjangeren hans.

— Er det noko han ikkje har skrive om?

— Tja, det er sikkert mogleg å komme opp med noko. Men som hegelianar og lacanianar seier han at han kan ta kva som helst posisjon i systemet han opererer innanfor, det er ei dialektisk binding mellom omtrent alt … Eg har høyrt han forelese om ting eg aldri har sett igjen i bøkene, om arkitektur, for eksempel, så det er meir «der ute» enn det som finst i bøkene.

Selnes går djupare i materien, fortel om intervjuet han gjorde for tidsskriftet Agora, der Zizek insisterte på at Lacan berre er eit verktøy for å få betre grep på Hegel (den tyske filosofen Georg Wilhelm Friedrich Hegel), så sjølv om mange gjerne vil kalle Zizek for «lacansk, psykoanalytisk filosof», så er han hegelianar, det er slik han vil bli forstått.

— Psykoanalysen handlar i stor grad om psykiske mekanismar, måten subjektet ser på seg sjølv, på omverda og på andre subjekt. Sjølv om Lacans stil er konvolutert, av og til på grensa til det uforståelege, viser Zizek at poenga hans likevel kan illustrerast ved hjelp av populærkultur og relativt enkle Hollywood-filmar, seier Selnes.

Zizeks første bok var om Hollywood-filmar, bada i «lacansk» analyse.

Eigentleg er det kanskje like greitt å intervjue Gisle Selnes som Zizek for å få litt meir taket på Zizek og alle skuldrane han står på. Men rockestjernefaktoren blir trass alt ikkje den same.

«Kommunisten»

— Zizek er ikkje rockestjerne, seier Selnes.

Så var det dette med kommunismen. Det er dette Holbergdebatten vil ha utdjupa, kvifor det er viktig for Zizek å kalle seg kommunist.

— Det er nok eit omgrep han brukar for å provosere litt. Omgrepet minner jo alle som tenker i radikale baner om at kommunismen i det 20. århundre var ein gigantisk katastrofe, eit mislykka eksperiment. Men dersom kapitalisme er det einaste spelet som er lov å spele, vil vi ikkje kunne løyse dei verkeleg store problema, som den økologiske krisa, migrasjonsproblem, utvikling innan biogenetikk og meir. For å ta vare på det felles livsgrunnlaget vårt, både det økologiske og sosiale, det som på engelsk gjerne blir kalla commons. Det er det vi kan kalle «allmenningen» på norsk. Det er dette Zizek vel å kalle kommunisme, ifølgje Selnes.

Det er eit forfall utan like ved universiteta. Berre det å invitere til ein slik debatt som Holbergprisen gjer her er teikn på tiltagende hjerneødeleggelse.

Bernt Hagtvet

Zizek koketterer litt med totalitær tenking, meiner Selnes, og peikar mellom anna på Stalin-portrettet han skal ha, og liker å fortelje at han har, hengande heime i gangen.

— Men han er overhovudet ikkje stalinist, tvert imot har han skrive sterkt kritiske analysar av Sovjet under Stalin.

Zizek er altså omstridd, litt forsiktig sagt, utan at arrangøren eller Zizek-eksperten Selnes har det heilt store trongen til å reklamere for motstandarane.

Men vi kan sikkert prøve ein telefon til Jostein Gripsrud. Eller Bernt Hagtvet.

Vi prøver først Hagtvet.

Opponent 1

— Ja, hallo?

— Vi ringer fordi … Slavoj Zizek …

Stort sukk.

— Patetisk klovn. Viser kor djupt Holbergprisen har sokke.

— Korleis då?

— Jeg orker ikke svare. Livet er for kort.

— Men kva …?

— Forfallsteikn! Det begynte med Kristeva (Julia Kristeva, red. merkn., vinnar av den første Holbegprisen i 2004). Nei, eg held meg langt unna universitetet no.

— Kva gjer du om dagane då?

— Skriv bøker, for eksempel.

— Om?

— Om fascismen, for eksempel, men det er ikkje noko vits, det er ingen som les dei. Det er eit forfall utan like ved universiteta. Berre det å invitere til ein slik debatt som Holbergprisen gjer her er teikn på tiltagende hjerneødeleggelse. Det er ei gåte at Universitetet i Bergen har gått på den limpinnen, det seier noko om forfallet ved den institusjonen. Nei, eg går heller ein tur i skogen og ser på blomar.

Klikk!

Opponent 2

— Han har kanskje nokre gode idear, det sprutar jo ut av han heile tida. Men eg har ikkje sett noko som reviderer førsteinntrykket.

Professor i medievitskap, Jostein Gripsruds førsteinntrykk av Zizek stammar frå vestkysten av Amerika, der han forska på film og fjernsyn tidleg på nittitalet.

Han var på ein konferanse på UCLA (University of California, Los Angeles, red.merkn.) arrangert av den nasjonale filmforskingsorganisasjonen og den nasjonale foreininga for psykoanalyse. Der var også Zizek. Dette var etter han hadde gitt ut boka «Enjoy your symptom», som skulle vere ei bok om Hitchcock bygd på psykoanalytisk teori, fortel Gripsrud.

— Han viste til dømes ei scene frå ein Hitchcock-film, der ei dør opna og lukka seg, og så snakka han lenge hit og dit om det å opne og lukke seg, om det opne og det lukka generelt, som han hevda var lacaniansk inspirert teori. Han tok ikkje filmane på alvor som kunstverk i det heile, brukte dei berre som tilfeldig illustrasjonsarsenal. Og så koste han seg mykje med sine eigne vitsar og heldt på altfor lenge. Nei, han var jævlig irriterande, rett og slett.

Gripsrud seier han etter «Enjoy Your Symptom» og denne erfaringa las lite av Zizek. Men han har lese artiklar og utsegner og høyrt han på YouTube. Han har registrert at han har utvikla seg til ein «sånn altmogleg-ekspert, marxismens håp i ei post-marxistisk tid, eller liknande». I alle fall ein medie-attraktiv enfant terrible:

— Zizek har både skrytt av Stalin og støtta Trump, og det sikrar plass i media. Han er for meg ikkje til å stole på verken som psykoanalytikar, filosof eller politikar, seier professor Gripsrud.

Vitsen med vitsen

Mangelen på koloritt som ein mangel på eit intervju med Slavoj Zizek medfører, kan hentast inn med å høyre på andre som har gjort intervju med han, og der er som nemnt fleire enn Selnes.

Det blir ein del spytt når han snakkar, det blir veldig engasjert, impulsiv, han er ikkje akkurat nokon dandy, den utvaska og kanskje heller ikkje nyvaska t-skjorta og dongeribukse og det rufsete skjegget, seier ei kjelde. Men dette er han jo ikkje åleine om i den intellektuelle verda, eller verda generelt, og hyggeleg er han, stort sett, og i situasjonar der små hordar frå lågare grad stimlar og spør om han kan skrive namnet sitt på ei av bøkene sine, er han som regel vennleg og signerer med signaturen, som kanskje kan lesast som eit underbevisst uttrykk, eller kanskje heilt konkret, for kroppsspråket generelt.

Og så fortel han han altså vitsar heile tida.

Kva er vitsen?

— Vitsane eg hengde meg opp i då eg første las bøkene hans, var vel meint å illustrere eller dramatisere nokon av argumenta og resonnementa hans. Eg har fått inntrykk av at Zizek ser på daglegdags vitsing som ein sosial boksopnar som kan skape tillit og få begge partar til å senke guarden. Den du ikkje kan eller tør å fornærme, kan du ikkje ha ein likeverdig relasjon til, seier Audun Mortensen.

Zizek er uendeleg mykje kulare enn Jordan Peterson,

Torgny Amdam

Han er kunstnar og forfattar og har gitt ut ei heil bok med Zizek-vitsar på Flamme forlag.

— Er vitsane vittige?

— Eg veit ikkje. Eg har i alle fall ledd av vitsane i bøkene hans.

Før vi gir oss med dette teoretisk orienterte fråveret av intervju med Slavoj Zizek må vi ta praksis i betraktning.

Spørsmålet om han er «rockestjerne» må gå til ei rockestjerne utan hermeteikn.

Freuds Frankenstein

— Ja, korfor ikkje, meiner medievitar Torgny Amdam, eller berre Torgny, som i desse dagar er ute med sitt nye album «Bathroom Stall Confessional», så er det sagt. Han er kjent som rockestjerne og vokalist Amulet, no går det i soloprosjekt, filmmusikk.

— Verda har godt av ein fyr som heile tida pirkar i den sjølvtilfredse kapitalismen som falsk naturtilstand.

Torgny har gått «seks laaaange år i psykoanalyse» by the way. Og han har vore på to gigs med Zizek, ein gong på Blindern med nokre få sjeler i rommet, neste gong i 2008 med 300 i salen på det no nedlagde museet for samtidskunst i Oslo.

— Han var den same begge gonger, det er jo noko av det som kjenneteiknar ein god artist, han er driven av den same indre motivasjonen uansett kor mange eller få som er i rommet. Zizek er rowdy, det liker eg. Det er herleg med desse ticksa han har heile tida. Han har presence, han er tydeleg, mykje meir engasjerande enn Jordan Petersons nasale besserwisserhet, seier Torgny.

Peterson, ja, han har vi visst gløymt.

Jordan Peterson er truleg minst like berømt på YouTube som Zizek om dagen, berre med eit heilt anna publikum, forsiktig sagt. Peterson er like kontroversiell, men kjem aldri til å bli kommunist og er ein harsk kritikar av «det politisk» korrekte. Noko for så vidt også Zizek er, men på ein anna måte. Tidlegare i år møttest dei to til det som var annonsert som hundreårets debatt, utan at resultatet levde opp til annonsen.

— Zizek er uendeleg mykje kulare enn Jordan Peterson, danna, liksom, med sløyfe. Zizek er meir som ein glorius Frankenstein, seier Torgny, eller vent.

— Ein freudian Frankenstein!

Rockestjerna utan hermeteikn ler litt raspete på telefonen frå Oslo.

— Men Sizek verken røyker eller drikk?

— Det er jo akkurat som rockestjerner på hans alder. Som Mick Jagger som joggar og slutta å røyke tidleg på 1980-talet.

For dei som er meir orienterte mot heimekos, Torgny har også vore sjangerekspert i «Stjernekamp» på NRK. Går Zizek vidare i filosofisk stjernekamp?

— Ja, heilt klart!

Kjell Roger, Mick, Slavoj

Slavoj kom til Bergen, etter at Kjell Roger, nordmannen frå venterommet ringde, først ein gong på tidleg nittital, og igjen til filmseminar i 1997.

Deretter kom Zizek til Oslo, etter at nokon ringde Soleim frå Oslo og fekk telefonnummeret.

— Han slutta på universitetet i Paris, så vi snakka ikkje saman før eg tok kontakt og ville ha han som forelesar i Bergen.

Då var Zizek på god veg til å få dei dei første merkelappane. Rockestjerne. Superfilosof.

— Sidan har han gått andre vegar, så eg har ikkje hatt kontakt etter han var her sist, fortel Soleim.

Soleim, som no er pensjonert professor, har planar om å sikre seg ein stol i aulaen, no som kompanjongen frå venterommet kjem til Bergen for tredje gong.

— Eg har notert det i min Syvende sans. Det hadde vore artig å treffe han igjen, seier Soleim, som reknar med at det blir full gass frå Zizek, som vanleg, trass i at han no berre er seks år yngre enn Mick Jagger.

— Eg hugsar at han brukte å bestille koffeinfri kaffi, seier Soleim.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS