kompetansebehovsutvalet

Slik skal fagskulane gi den kompetansen samfunnet treng

Høgare yrkesfagleg utdanning bør ha ein tydeleg og sjølvstendig posisjon som alternativ til universitets- og høgskoleutdanning, heiter det i den ferske rapporten frå Kompetansebehovsutvalet.

Tilsette frå oljeindustrien er blant dei som kanskje kan gå over til batteri eller havvind som fagfelt. Det finst allereie ein eigen batterifagskule.
Publisert Oppdatert

Kva er, og kva kan vera, høgare yrkesfagleg utdanning si rolle i å koma noverande og framtidige kompetansebehov i møte?

Spørsmålet vert stilt i den ferske rapporten frå Kompetansebehovsutvalet: Høyere yrkesfaglig utdanning for et arbeidsliv i endring.

Rapporten vert presentert 14. juni klokka 9.30, og du kan sjå framlegginga her.

Det første Kompetansebehovsutvalet vart sett ned i 2021. No er det Sveinung Skule, direktør for Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir), som leiar det fram til 2027.

«Dersom arbeidslivet ikke får tilgang på arbeidskraften som trengs eller ikke selv har en god forståelse av egne kompetansebehov, vil ikke arbeidslivet og samfunnet kunne få planlagt og løst oppgavene på best mulig måte. Dersom høyproduktive næringer som resultat ikke får vokse frem, kan Norge gå glipp av store fremtidige inntekter», heiter det i utvalet sitt mandat.

Praksisnære

Ein av konklusjonane i rapporten er at høgare yrkesfagleg utdanning bør ha ein tydeleg og sjølvstendig posisjon som alternativ til universitets- og høgskuleutdanning, slik at høgare yrkesfagleg utdanning og universitets- og høgskulesektoren har ulike, likeverdige og komplimenterande roller.

— Litt tabloid sagt gir fagskulane kompetanse som trengst her og no, medan universitet og høgskular førebur oss på arbeidslivet slik det vert i framtida og bidreg til å skapa nye jobbar. I den omstillinga me skal gjennom treng me veldig mange med høgare utdanning, i tillegg til dei som kan dekka kortsiktige behov, har Sunniva Whittaker, rektor ved Universitetet i Agder og leiar i Universitets- og høgskulerådet, tidlegare sagt til Khrono.

Men samstundes er det mogleg å gå frå fagskule til universitet eller høgskule. I rapporten vert det peika på den såkalla Stord-modellen, der Høgskulen på Vestlandet og næringsliv på Stord har eit samarbeid om å utdanna ingeniørar.

— Det er veldig viktig at fagskular er praksisnære og arbeidslivsnære. Men det kan òg vera fornuftig med overgangsmoglegheiter som gir kortare løp i andre studium dersom fagskuleutdanninga gir relevante kvalifikasjonar for studiet, seier Sveinung Skule, som leiar utvalet.

Han er oppteken av at fagskulane skal forsyna regionane med kompetanse.

— Det kjem ein del nye næringar, som batterifabrikkar. Desse ligg ikkje akkurat i Oslo sentrum, seier Skule.

Vil utdanna fagfolk til batterifabrikkane

Fagskolen Viken har laga ein eigen batterifagskule, saman med fleire andre fagskular. Som Khrono har skrive kan det verta vanskeleg å få tak i fagfolk til batterifabrikkane som skal byggast. Både NTNU og Universitetet i Stavanger vil no tilby bachelorutdanning innan batterifag. Men dei fleste som skal jobba på ein batterifabrikk kjem til å vera fagarbeidarar, melder Fagskolen Viken, og viser til EU.

Også Kompetansebehovsutvalet skriv om batterisatsing: Fagområde som sorterer under tekniske fag i høgare yrkesfagleg utdanning kan spela ei viktig rolle i å møta kompetansebehov drive av grøn omstilling, mellom anna omstilling frå fossil til fornybar energi, heiter det, og vidare:

«For batteriverdikjeden i Norge blir det fremhevet at høyere yrkesfaglig utdanning har alle forutsetninger for å bygge opp etterspurt kompetanse (Norsk Industri, 2022). Det er sannsynlig at høyere yrkesfaglig utdanning også kan spille en viktig rolle for grønn omstilling gjennom andre industrietableringer og satsing på for eksempel havvind, hydrogen, karbonfangst og - lagring samt bionæringer».

— Kartleggingar viser at ein treng utdanning på alle nivå til desse nye næringane. Men noko av det som vert viktig er å kunne vidareutvikla fagarbeidarar frå mellom anna petroleum, seier Skule.

Fagskulane skal vera ein reiskap for fylkeskommunane sin regionale kompetanseutvikling, seier utvalsleiar Sveinung Skule.

Flest menn

60 prosent av dei som tek høgare utdanning i dag, er kvinner. For nokre av studieretningane er det så stor del kvinner at det er diskutert, eller innført, ein eigen kvote for mannlege søkjarar.

For fagskulane er det annleis. Her er det eit lite fleirtal, 54 prosent, av studentane som er menn.

— Er fagskulane ein måte å «fanga» unge menn på?

— Svaret på det er definitivt «ja». Mange av søkjarane til fagskulane er gutar, som har bakgrunn frå yrkesfag, seier Skule.

Ein finn òg at blant dei som studerer ved ein fagskule har langt færre foreldre med høgare utdanning. Talet i 2021 var her tretti prosent, medan over halvparten av studentane ved universitet og høgskular hadde foreldre med høgare utdanning.

— Ved fagskuleutdanning utvidar ein høgare utdanning og får slik òg sosial mobilitet for nye grupper, seier Skule.

Mange studerer via nettet

— Frå eit distriktsperspektiv er fagskulane viktige. Dei er veldig gode på nettbasert utdanning, slik at folk kan ta utdanning der arbeidsplassane er. Dei tilbyr kortare utdanningar og er gode på tett kontakt med arbeidslivet, og dei eignar seg godt for vidareutdanning og spesialisering, sa Oddmund Løkensgard Hoel (Sp), statssekretær for forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe, då det vart kjent at Sveinung Skule skulle leia Kompetansebehovsutvalet frå 2021.

Men gjennomgangen som no er gjort, viser at den geografiske plasseringa av fagskular ikkje er meir desentral enn for universitet og høgskular. Likevel er fagskulane meir distriktsorienterte, meiner utvalet, og skriv at ein mykje større del av studentane tek nettbasert undervisning, faktisk gjorde nær halvparten av alle fagskulestudentane det i 2020.

«Utvalget vurderer at høyere yrkesfaglig utdanning bør styrke sin distriktsprofil for å ivareta kompetansebehov i det lokale arbeidslivet. Utvalget vurderer at analysene gir grunnlag for å se nærmere på behov for ekstra stimulans for å fylle distriktsmandatet. Samtidig vurderer utvalget at det er viktigere at det høyere yrkesfaglige utdanningstilbudet er tilpasset regionale arbeidsmarkedsbehov, enn at det er desentralisert, og det er avgjørende at man styrker dialogen mellom fylkeskommune og lokalt/regionalt arbeidsliv», heiter det i rapporten.

28 000 studentar

Det finst både private og offentlege fagskular, og utdanningane ein kan ta der spenner vidt. Mange av utdanningane kan ein plassera inn under paraplyane «tekniske fag» og «helse- og velferdsfag», med økonomiske- og administrative fag som kategorien på tredje plass når det gjeld søkjarar.

Totalt er det no 28 000 studentar på norske fagskular - 300 000 på høgskular og universitet. Men talet på fagskulestudentar har auka, både etter pandemien og etter at mange av fagskulane kom inn under Samordna opptak.

For å kunne ta fagskuleutdanning, er det som hovudregel krav om at ein har eit fagbrev. Ein del av utdanningane er ei direkte vidareutdanning, som til dømes ein helsefagarbeidar som tek vidareutdanning innan demensomsorg. Personar med tekniske utdanningar kan byggja på og slik kunne få prosjektleiaransvar.

— Særleg innanfor tekniske fag ser det ut til å vera ein stor etterspurnad etter personar med fagskuleutdanning, heiter det i rapporten.

Den første av fleire

Neste rapport frå Kompetansebehovsutvalet kjem i juni 2023. Då er tema kompetansebevoh knytt til grøn omstilling.

Powered by Labrador CMS