khrono helg

— Eg tek forskinga mi seriøst, men eg tek ikkje meg sjølv så høgtideleg, seier Svein Østerhus. Møt forskarar som formidlar på ein ny måte.

Klimaninja er her ved Eastgrip-basen midt inne på Grønland. I dette området er isen 2600 meter tjukk, og dei eldste laga kan vera 80.000 år gamle. Forskarane forklarar ein del ting i bileta, men meir teoretiske emne er lagt inn i eigne, gule boksar i dei tre bøkene. — Då kan ein hoppa over dei om ein vil, seier Elin Darelius.

Slik gjekk det til at ein legomann hamna i Antarktis

Dersom Svein Østerhus ser blod på snøen i Antarktis, veit han at han skal halda avstand. Faren er stor for at ein leopardsel er i området — eit dyr som kan verta tre meter langt og 400 kilo.

Og faren er reell. Kort tid etter at Østerhus besøkte den britiske forskingsstasjonen Rothera i 2003, vart ein kvinneleg biolog drepen av ein leopardsel.

Men å kunne fortelja om leopardselar, eller om dinosaurar og andre spanande dyr, det er ein fordel når ein vil formidla forskinga si til komande generasjonar.

Alternativt kan ein ta på seg ein hatt.

Fekk ein million frå Forskingsrådet

Det er det Østerhus har gjort i dag. Han møter Khrono ein septemberdag i Bergen.

— Eg skal formidla, så då har eg teke hatten på, seier seniorforskaren ved Norce i Bergen.

For eit par år sidan fekk han og Gunn Janne Myrseth, som er senior kommunikasjonsrådgivar, midlar gjennom Forskingsrådet si Forsterk-ordning. Målet med ordninga, som ikkje finst lenger, var å forsterka norske verknader av Horisont 2020 og Horisont Europa-prosjekt. 

Millionen Norce fekk, gjekk mellom anna til å framstilla forskaren i teikneserieformat. Med hatt.

Under Arendalsuka i år vart teikneserien «Antarktis og oss» første gong presentert.

— Det er veldig sjeldan ein deler kunnskap utanfor tunnelen, seier Myrseth.

For å formidla kunnskapen frå prosjektet Søris, har ein brukt både film, teikneserie og vore i skuleklassar. I teikneserien møter ein, altså i tillegg til ein forskar med hatt, dinosaurar og teikneserieskaparen sjølv i ein pingvin-suit.

Gav først ut bok

Serieskaparen, det er Øystein Runde. Han skreiv i Klassekampen at Cecilie Gjerde burde vore kjendis.

— I ein lab i Bergen skjer det ting som kan få superheltfilmar til å bleikne, skreiv han. 

Øystein Runde måtte sjølv læra seg ein god del naturvitskap før han kunne teikna Antarktis og oss. I teikneserien vert både ein serieskapar og ein forskar teleportert til Antarktis. Teikning frå heftet Antarktis og oss av Øystein Runde

Cecilie Gjerde er no førsteamanuensis ved Institutt for klinisk odontologi ved Universitetet i Bergen, og vann i 2015 Forsker Grand Prix. Gjerde forskar på stamceller, og viste i formidlings­konkurransen korleis stamceller frå kroppen kan nyttast til å laga nytt kjevebein.

— Eg fekk koma på besøk og sjå laboratoriet, og så vart det samarbeid om ei bok, seier Runde.

I 2017 kom boka «Stamceller — kroppens superheltar». Seinare har Runde mellom anna gitt ut bok om antibiotika saman med professor Dag Berild.

— Alt me vaksne trur me veit, veit me ikkje før me har prøvd å formidla det til ein 10-åring, seier Runde.

Han meiner teikneserie er den beste måten å få inn informasjon på.

— Her kan ein styra farten sjølv. Tenk på ei brukarrettleiing frå Ikea: Her må ein forstå alt, elles kollapsar det ein skal bygga. Og desse bruksanvisningane, det er teikneserie.

Forskar med hatt, og i heftet Svein Østerhus held, teikna forskar med hatt. Gunn Janne Myrseth har slått opp på sida med den teikna teikneserieskaparen — før han får på seg pingvin-suit.

Ikkje svartmåla

Gunn Janne Myrseth kjende til arbeidet Øystein Runde og Cecilie Gjerde hadde gjort, og tok kontakt med han for å teikna frå Søris-prosjektet. 

Runde fortel at det som var krevjande for han, var å ikkje svartmåla. Kva kan ein seia om Antarktis som folk ikkje går rett inn i depresjon av?

— Menneske på flukt, meir ekstremvêr, problem med å dyrka mat, nemner den teikna versjonen av Svein Østerhus.

— Eg skal opplysa, eg skal ikkje frelsa verda. Eg vil ikkje koma med utsegner av typen «dersom me ikkje sluttar å bruka CO₂ går alt til helvete», seier menneskeversjonen.

— Ja, havet vil stiga, og ja, det vil verta meir smelting i Antarktis. Dette er konsekvensar dei komande generasjonane må leva med. 

Under Arendalsuka var Svein ØSterhus og Gunn Janne Myrseth på skulebesøk. Dei erfarte at elevane ikkje må vera for unge når dei skal lesa den ferske teikneserien, men å ha med nokre dyr — til dømes ein dinosaur, er eit gode når ein skal formidla. Teikning frå heftet Antarktis og oss av Øystein Runde

Forskaren nemner stormfloa i Nederland i 1953, same år som han sjølv vart fødd. Ein kombinasjon av springflod og sterk storm frå nordvest råka kysten av Nederland, England, Belgia, Frankrike og Danmark då januar vart februar. 

Over 2000 menneske omkom. Denne hendinga vart dramatisert i høyrespelet «Da helikopteret kom», sendt i NRK første gong i 1959. Det gjorde inntrykk på ein ung gut.

— Men det finst òg håp, seier både forskaren og teikneserieforskaren.

Om samarbeidet med teiknaren seier Østerhus at han sa til Runde kva han ville formidla, og så vart det teiknaren si oppgåve å gjera det.

— Korleis er det å sjå seg sjølv i teikna versjon?

— Eg tek forskinga mi veldig seriøst. Men eg tek ikkje meg sjølv så høgtideleg. 

Myrseth seier at ho håpar fleire forskarar vil tenkja formidling, til dømes i skulane, og målet er at det kan verta laga undervisningsopplegg som lærarane kan bruka.

— Men då må me ha med sel og kval og pingvin, smiler Østerhus.

— Eg håpar at når det er lesetid i klassane er det ei av bøkene våre elevane vel, seier Petra Langebroek (til høgre). Saman med Elin Darelius har ho gitt ut tre Klimaninja-bøker. Dei finst mellom anna på biblioteket i Vestland fylke og er delt ut som klassesett på nokre skular.

Skulle berre visa familien …

Dei neste forskarane som har tenkt nytt om formidling, møter Khrono på Sydpolen. Nei, ikkje Sydpolen som Antarktis, men på kafeen med dette namnet hos Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved Universitetet i Bergen.

Petra Langebroek og Elin Darelius har begge hatt med seg små legofigurar ut på forskingsoppdrag.

Også dette prosjektet har hatt støtte frå Forskingsrådet. Darelius og kollegaer fekk ein halv million kroner frå KLIMAFORSK-programmet. Men det var ikkje der det starta. 

Det starta med at Langebroek, som er forskingsleiar hos Norce, men òg knytt til Bjerknessenteret, skulle reisa langt vekk frå barna sine. Forskaren jobbar til vanleg med klimamodellar, men fekk vera med på feltarbeid på Grønland, for å få ta prøvar midt inne på isen sjølv.

— For meg var det nytt med feltarbeid. Eg var nok litt uroleg; eg skulle langt vekk, eg skulle reisa med militærfly … Eg ville samstundes fortelja familien min om kva eg skulle gjera når eg var vekke, fortel Langebroek.

Sidan barna var i perfekt lego-alder, pakka ho med seg nokre figurar, mellom anna den blå ninjagoen Jay. Ninjaen og ein kompanjong i vinterklede vert deretter brukte til å fortelja ei historie om kva det eigentleg var mor gjorde då ho var vekke.

— Eg sendte bilete til familien, men la dei òg ut på Instagram, seier Langebroek.

Professor Elin Darelius kjenner Langebroek. Og då professoren ved Geofysisk institutt skulle på nytt tokt til Antarktis, tok ho kontakt med Langebroek. 

I boka Klimaninja reiser sørover er dette skildra slik: «Kjære Dr. Elin, Jeg vet at du skal på en reise til Antarktis i vinter. Kan min venn Ninja bli med? Hilsen Petra»

— Eg har døtre, og dei er ikkje så interesserte i ninjago. Dessutan var dei nok litt for store, så eg måtte låna figurar, humrar Darelius.

Ho syntest nemleg det var ein god måte å fortelja dei heime om kva ho dreiv på med på tokt. Då ho kom heim sette ho saman materialet til ei bok og sendte til Amazon for sjølvpublisering — eigentleg mest for at ho sjølv skulle kunne få historia i bokformat. Men etterpå såg ho at Forskingsrådet hadde ei utlysing til forskingsformidling som passa.

Etter ein lang karanteneperiode, som er skildra i boka, kom Klimaninja seg til Antarktis. Her ser ein eit isfjell i det fjerne. Elin Darelius har vore fem gongar i Antarktis. Svein Østerhus har vore 15.

Barn har vore konsulentar

No eksisterer det tre fotonoveller med Klimaninja. I den siste er han med på tokt i ein vestlandsfjord. Felles for alle tre prosjekta er at barn har vore konsulentar.

— Me har samarbeidd med elevar frå Landås skole i Bergen, og dei har gitt ei slags fagfellevurdering. Kva fungerte, kva fungerte ikkje? Kva likte dei, kva var gøy, seier Langebroek.

Darelius seier at ho prøvde å skriva på ein måte som gjorde at hennar eigne barn kunne forstå.

— Målet med desse tre bøkene er å få opp interessa for naturvitskap, og i tillegg gi eit innblikk i korleis ein forskar jobbar. Me er vanlege menneske me òg, seier Darelius.

— Kva må ein tenkja på når ein formidlar for barn?

— Ein kan forklara ganske avanserte ting for små barn, ein må berre passa litt på kva ord ein nyttar. Barn er smarte.

— Og kanskje er det ikkje så annleis å formidla til barn enn til vaksne som ikkje kjenner til fagfeltet og kvardagen vår, legg Langebroek til.

Klimaninja fekk vera med på tokt i Masfjorden. Her er alle deltakarane på toktet i legoformat.

Formidling over heile landet

Det er ikkje berre i Bergen at forskarane vil ut og visa forskinga si på nye måtar. No er årets Forskingsdagar, i regi av Forskingsrådet, i gang.

— Det har vore ei positiv utvikling. Fleire og fleire forskarar melder seg og vil vera med på arrangement. Det verkar som om dei synest det er kjekt å treffa folk og sjå korleis desse reagerer på forskinga deira, seier Anne Riiser, spesialrådgivar i Forskningrådet.

Arrangementa som no går av stabelen over heile landet skal både begeistra og skapa forståing for forsking. Det er arrangement for vaksne, i form av mellom anna føredrag, og forskingstorg for skular og barnefamiliar.

— Me har hatt same mantra og mål i 29 år no. Og det vert viktigare og viktigare at ein ser skilnad på kva som er forsking og kva som er fake news, seier Riiser.

Skal på museum

Klimaninja skal ut på eit nytt oppdrag. Han har allereie vore med Petra Langebroek på ein konferanse — ein for henne meir vanleg del av forskarkvardagen enn å reisa til Grønland. Men no skal han til Bryggens museum.

— Det skal vera ei utstilling der om vitskapen i Bergen. Eg er beden om å representera notida, seier Elin Darelius.

I tillegg til at ein del historiske hendingar og scener skal visast fram i lego, skal altså Klimaninja vera ein del av utstillinga. Eller er det ein klona variant? Dei to forskarane fortel at dei har fått kjøpt fleire figurar som er heilt like. 

Det hadde vorte for dumt om Klimaninja forsvann i isen.

Powered by Labrador CMS