Adventspraten
Skulle gjerne hatt Draghi som forskingsminister
Steinar Sæther skal snart ta pause frå forskinga på gullrushet i Canada, og kjempa for høgare løn og betre arbeidsvilkår for medlemene i Forskerforbundet. Då skulle han gjerne sett at ein italienar som sin statsråd.

Khrono har e-postintervjua eit knippe interessante personar i akademia på e-post om året som snart er over og om året som kjem. Intervjua kan du lesa fram mot jul.
Steinar Sæther er nyvald leiar i Forskerforbundet.
— Kva er det beste og det verste som har skjedd deg i jobbsamanheng i 2024?
— Beste: Interessa for det eg skriv om skandinavar i California under gullrushet og leiarvalet i Forskerforbundet. Verste: Samtalane med mellombels tilsette og deira uro for framtida
— Kva er det beste og verste som kan skje i 2025?
— Beste: Varig fred i Ukraina og Midtausten. Verste: at ein norsk Trump tek kontroll over oljefondet
— Korleis pregar den økonomiske situasjonen i sektoren arbeidskvardagen din?
— Vårt institutt er ikkje mellom dei som er hardast råka. Likevel vert det planlagt for betydelege innstrammingar. Mange er uroa.
— Kven i akademia fortener ei julestjerne?
— Guro Lind, for å ha vore modig og prinsippfast som leiar av Unio stat i lønsforhandlingane.
— Om du kunne valt heilt fritt, kven vil du ha som den neste statsråden for forsking og høgare utdanning?
— Mario Draghi.
Fire kjappe:
— Fullfør setninga: Om eg var rektor for ein dag ville eg …
… lese om rektorperioden til matematikaren Antanas Mockus og late meg inspirera.
— Kva står på julemenyen?
— Ribbe, trur eg. Eg skal feira jul i Steigen for fyrste gong og gler meg stort.
— Kva gler du deg minst til med jula?
— Slaps og regn.
— Kva MÅ vere på plass for at det skal bli ekte jul?
— Godt selskap
Nyeste artikler
Skrev dikt til statsråden da Stortinget vedtok fagskolereform. — Knallbra!
Demonstrerte mot avtale med Kongsberg
Fagfolk for en ny tid — kompetanse er ikke farlig!
UiB-rektor: — Løftebrudd
Kan bli helt andre planer for Senter for psykisk helse
Mest lest
Slår knallhardt tilbake: — Verre enn under den mørkeste middelalderens inkvisisjon
Navnet mitt på en artikkel jeg aldri skrev — med data som aldri fantes
Publiserte én artikkel i uken. Nå blir professoren gransket
Vendte underskudd til overskudd
Nerdenes hevn: Ble landets raskeste akademikere