direkte

Sjukefråver på dagsorden i Volda

Sjukefråveret ved Høgskulen i Volda har gått ned siste kvartal — då dei tilsette var heime.

Rektor og styreleiar Johann Roppen skal ta imot styret til det første fysiske styremøtet sidan mars.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Sjukefråveret ved Høgskulen i Volda har vore høgt, særleg ved Avdeling for mediefag. No får høgskulestyret igjen ei sak om sjukefråver på sitt bord, når dei har haustens første møte 10. september. Tala frå andre kvartal i 2020 viser at sjukefråveret har gått noko ned, frå 8,7 til 5,7 prosent. Avdeling for mediefag har gått ned frå 16 til 10,7 prosent.

— Alle er glade for at sjukefråveret er lågare. Om det er ei varig ending eller vender attende, er uråd å vita, seier rektor Johann Roppen til Khrono.

Mediebygg og korona

Av andre saker på dagsorden er status for mediebygget. Som Khrono har skrive, fryktar Roppen at koronapandemien fører til at det ikkje kjem pengar over statsbudsjettet til utstyr i nybygget.

Styret skal, som dei andre universitets- og høgskulestyra no vert i tur og orden, verta orienterte om koronasituasjonen. Høgskulen i Volda har hatt svært få smittetilfelle.

Sjå direkte

Møtestart er klokka 9, og du ser møtet direkte her.

Dette er sakslista:
64/20 - Godkjenning av innkalling og sakliste

65/20 - Godkjenning av protokoll frå 11. juni 2020
66/20 - Orientering frå rektor
67/20 - Etatstyringsbrev 2020 - orientering til høgskulestyret
68/20 - Organisatorisk plassering DKL
69/20 - Namn og status mediebygget
70/20 - Godkjenning av campusutviklingsplan for HVO
71/20 - Plan for strategiprosess og styreseminar
72/20 - SJUKEFRÅVÆR
73/20 - Rapport om opptaket 2020
74/20 - Status studiestart og koronasituasjonen
75/20 - Orientering om vedtak jamfør sommarfullmakt rektor
76/20 - Status dekansaka
77/20 - Styreevaluering
78/20 - Ymse

Orienteringssaker
4/20 - Revidert årshjul for høgskulestyret

Powered by Labrador CMS