Språk
Sjå direktesendinga frå Språkdagen
Fleire kjende namn frå universitet- og høgskulesektoren skal i ilden under Språkdagen 2021.
Den nye språklova trer i kraft ved nyttår, og med den får språkbrukarane i Noreg lovfesta rettar, og det offentlege får plikter.
Språkvala blant andre universiteta og høgskulane gjer har stor rekkevidde i samfunnet. Kva treng dei for å kunne oppfylle krava som lova stiller? Og kva rammer kan vere med på å sikre det norske fagspråket i akademia når forskingsmiljøa er internasjonale?
Dette er blant spørsmåla som skal opp til debatt under årets Språkdag, arrangert av Språkrådet, som går føre seg fysisk frå Det Norske Teateret i Oslo og digitalt frå klokka 09 til 11.30 tysdag.
Fleire namn
NRK-programleiar Espen Aas er debattleiar og spørsmålsstillar under dagen.
Både jussforsker Sofie Høgestøl, professor Marte Blikstad-Balas og professor Mariel Aguilar-Støen frå Universitetet i Oslo skal i ilden.
Også Universitets- og høgskulerådet-styreleiar Sunniva Whittaker, områdedirektør i Forskingsrådet, Kristin Danielsen, og divisjonsdirektør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, Harald Nybølet, står på lista over debattantar.
Kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen avsluttar dagen.
Nyeste artikler
OM HÅP
Bedre rekruttering skjer gjennom bedre utdanninger
Kom i mål etter tre månaders strafferunde
Tror Norge blir taperen når studieavgift nå er innført
Ber om 550.000 kroner i erstatning for utestengelse
Mest lest
Politivold-saken på Kongsberg: — Jeg mistet skoleplassen
Arbeidsgivers fagforening?
Har gyldig bachelor, men OsloMet vil ikke godta den
Innførte masterkrav. Halvparten av søkerne forsvant
Fikk utstedt vitnemål. Et halvt år senere ble han funnet uskikket