undervisning
Seks meritterte undervisarar i Sør-øst
Universitetet i Sørøst-Norge har fått sine første meritterte undervisarar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
«En merittert underviser er en som utpreger seg med sitt gjennomgående og tydelige søkelys på studentenes læring i all sin undervisningsvirksomhet. Den meritterte underviseren legger også en utforskende tilnærming til grunn for sitt arbeid med å planlegge, gjennomføre, vurdere og justere sin undervisningspraksis for at den på best mulig måte skal støtte opp under studentenes læring».
Dette heiter det om kva ein merittert undervisar er og skal vera, på Universitetet i Sørøst-Norge sine eigne nettsider. I vår kunne vitskapeleg tilsette i første- eller toppstilling søkja om slik status, og no har ein sakkunnig komité plukka ut dei seks første.
— Dette er ikkje ein undervisningspris. Meritteringsordninga er eit sentralt tiltak i det kontinuerlege arbeidet med å styrkje utdanningskvaliteten ved USN. Dei meritterte undervisarane blir viktige aktørar for oss, og eg set difor stor pris på at vi har fått meritterte på plass på alle fakulteta våre, seier rektor Petter Aasen i ei pressemelding.
Nettverk
Nicolai Nyland er førsteamanuensis ved institutt for økonomi, marknadsføring og jus, Gerrit Muller er professor ved institutt for realfag og industrisystem og Hilde Larsen Damsgaard er dosent ved institutt for helse-, sosial- og velferdsfag. Saman med Jörn Klein, fyrsteamanuensis ved institutt for sykepleie og helsevitenskap, Peer Sverre Andersen, førstelektor ved Institutt for matematikk og naturfag, og Kjetil Liestøl Nielsen, førsteamanuensis ved Institutt for matematikk og naturfag, vil dei verta inviterte til å vera med i eit nettverk av meritterte undervisarar.
— Meritteringsordninga handlar om å anerkjenne god undervisning på lik line med og på same måte som vi anerkjenner god forsking, seier Cecilie Enqvist-Jensen i pressemeldinga. Ho er prosjektleiar for merittering ved USN saman med Kine Dørum.
— Ein merittert undervisar tar på seg ei rolle som kulturbyggjar, og skal vere i stand til å formidle og grunngje praksisen sin til andre, seier Enqvist-Jensen.
Fleire har ordning
Ordninga med meritterte undervisarar er ganske ny. I 2018 skreiv Khrono at sju universitet hadde fått på plass ei slik ordning. Universitetet i Tromsø - Norges arktiske universitet var først ute. Nokre av utdanningsinstitusjonane har utnemnd slike undervisarar i fleire omgangar, medan andre har, som USN, førebels berre hatt ein runde.
Universitetet i Stavanger er blant institusjonane som jobbar med å få på plass ei ordning, der var saka oppe på universitetsstyremøte i fjor haust. No skal dei første meritterte undervisarane utnemnast, saka er oppe på universitetsstyremøte denne veka.
(Saka er oppdatert med informasjon frå UiS)
Nyeste artikler
Forskaren vaks opp i Israel. No veit han ikkje om han vil reisa tilbake
Nordisk Østforum legger ned. Forskere vil ikke lenger skrive skandinavisk
Khronos store julequiz
Fagskoledebattens blindsoner — mer enn ren kvalifisering for arbeidslivet
Frykter for kurstilbudet. Blir det svekket, kan det bli flere tomme studieplasser
Mest lest
Dette er Lise Øvreås sitt lag til rektorvalet ved UiB
ChatGPT fikk A på eksamen. — Skulle nesten bare mangle
Tidligere har hun fått drapstrusler for forskningen sin. Men nå har det skjedd noe
Cecilie Hellestveit vurderer å slutte å snakke med media: — Klikkhoreri
Professor ber studentene forplikte seg: Du vil bli sett på som en forræder om du dropper ut