Samlar seg for å klara nye helseutfordringar

Alle helseutfordringar kan ikkje løysast på sjukehus, seier medisinprofessor. I Bergen er no helseutdanningar og forskingsmiljø samla under same tak.

Med helseministeren på storskjerm kunne tilsette endeleg markera opninga av det siste byggetrinnet av Alrek helseklynge.
Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

«Alrek helseklynge skal skape innovative helse- og omsorgsløsninger for hele mennesket, ved hjelp av fremragende forskning og utdanning, fullverdige praksisarenaer og tverrfaglig samhandling».

Fakta

Alrek helseklynge

  • Universitetet i Bergen er initiativtakar, og i 2015 vart klynga etablert.
  • Det har vore tre byggetrinn, og tre ulike bygg: Eit ombygging av Overlege Danielsens Hus, eit nytt bygg på tomten der det gamle odontologibygget var, og eit nytt bygg på det som tidlegare var ein parkeringsplass. Totalt utgjer dei tre bygga omlag 25 000 kvadratmeter. I tillegg ligg det nye odontologibygget like ved.
  • Dette er partnarane: Bergen kommune, Haraldsplass Diakonale sykehus, Helse Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Norce Helse, UiB, FHI, Vestland fylkeskommune, VID. Andre samarbeidspartnarar er VIS Innovasjon, offentlege instansar, Norwegian Smart Care Cluter, legemiddelindustri og næringsliv.
  • Klynga er eit svar på både samhandlingsreforma og Forskingsrådet sin strategi HelseOmsorg21

Dette skriv Alrek helseklynge om seg sjølv. Plassert på Årstadvollen i Bergen, eit steinkast unna både Haukeland universitetssjukehus, Haraldsplass sjukehus, og med VID vitskapelege høgskule, Universitetet i Bergen sitt medisinske fakultet like ved — og Høgskulen på Vestlandet ein liten trimtur unna, er målet klart: Her skal det utviklast innovative helse- og omsorgsløysingar for heile mennesket.

Utbygginga har skjedd i trinn, og tysdag kunne Universitetet i Bergen formelt overta nøkkelen til bygget.

Folkehelse

Det er forsking, utdanning og innovasjon knytt til primærhelse og kommunehelseteneste — altså dei helsetenestene som skjer utanfor institusjon — som er i fokus i helseklynga.

— Det er ikkje alle utfordringar som kan løysast i spesialishelsetenesta, seier Robert Bjerknes.

Han er viserektor for tverrfagleg verksemd og store satsingar ved Universitetet i Bergen (UiB), ansvarleg for UiB si satsing på kunnskapsklyngjer og i tillegg medisinprofessor.

— Skal me betra folkehelsa, treng ein óg auka fokus på førebygging, meir forskningsbasert kunnskap om folk sine vanlegaste helseproblem og betre samhandling mellom de ulike helsetenestene, seier Bjerknes.

Han peikar på UiB sin strategi når han skal forklara utgangspunktet for helseklynga.

— Det har vore ein klar tanke at me treng meir tverrfagleg verksemd, og kunnskapsklyngjer vert trekt fram for at UiB skal nå sine mål, både når det gjeld forsking, utdanning og innovasjon. Men då treng me å samarbeida med andre, seier Bjerknes.

På plass i Alrek helseklynge er no fleire fagmiljø frå UiB, mellom anna medisin, odontologi og fleire institutt frå Det psykologiske fakultetet. Men Bjerknes er oppteken av at òg Bergen kommune og alle dei andre partnarane har ein naturleg plass i klynga.

— Det handlar om å møta dei utfordringane som vil koma saman, anten det no gjeld demografi eller livsstilssjukdomar, med ny kunnskap og nye brukarorienterte utdanningar og løysingar, seier Bjerknes.

Pandemi og dårleg vatn

— Me veit kor me finn kvarandre når me tenkjer at me treng kompetanse me ikkje har sjølve, seier Guri Rørtveit.

Ho er medisinprofessor, instituttleiar ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin, og temmeleg nyinnflytta i det nyaste klyngjebygget.

Professor og instituttleiar Guri Rørtveit har allereie konkrete døme på samarbeid som har utgangspunkt i helseklynga.

— Me kan få samarbeid i gang lynraskt, seier Rørtveit, og nemner ei stor spørjeundersøking som nyleg er gjennomført blant bergensarane i samband med pandemien. Der var kommunen initiativtakar, og UiB vart raskt med.

Andre samarbeidsprosjekt er den store studien på giardia. I 2004 fekk mange bergensarar skikkeleg magesjau — som viste seg å skuldast ein parasitt i drikkevatnet. Her har forskarar frå Norce og UiB jobba saman. I 2019 fekk ein ein liknande situasjon på Askøy — Bergen sin nabokommune. Her viste det seg at det var campylobacter, som er ein bakterie, i drikkevatnet. Forskarane hadde no god kunnskap, og eit etablert samarbeid.

— Me får ei svært praksisnær forsking. Det er me svært nøgde med, sa Arild Iversen under den digitale opningsseremonien.

Iversen er fastlege på Askøy — og tek no òg doktorgrad knytt til nettopp utbrotet.

Rørtveit har òg bakgrunn som fastlege.

— Klynga rettar seg primært mot kommunehelsetenesta og samfunnet utanfor sjukehuset, seier ho, og nemner helseproblem som demens, diabetes, kols og psykiske lidingar. Det er fastlegane og anna helsepersonell i kommunane som først og fremst møter desse pasientane.

Tverrfagleg utdanning

I tillegg til forskarar er det òg studentar i helseklynga. Rørtveit understrekar at studentane i tillegg til å ha undervisning i bygget, er svært velkomne til å bruka bygga.

— Me har mellom anna Senter for tverrprofesjonell samarbeidslæring (Tveps), der studentar frå ulike profesjonsutdanningar jobbar saman og løyser oppgåver knytt til kommunehelsetenesta. Dette er eitt døme på måtar me ønskjer å samarbeide om utdanning på, seier Rørtveit.

Bergen kommune sin helsebyråd Beate Husa peika under opningsseremonien på at håpet er at helseklynga kan bidra til å skapa ny kunnskap om korleis tenestene kan organiserast best mogleg. Men korleis skal ein sikra at dei ulike aktørane faktisk finn kvarandre, og ikkje berre er samla fysisk? Det skal Berit Angelskår bidra til. Ho er tilsett som klyngefasilitator, og har frå før røynsle frå Bergen kommune. Der jobba ho med kunnskapssatsinga innan helsetenestene.

— Dette er ei unik kunnskapssatsing, seier Angelskår om helseklynga.

— Mi oppgåve vert mellom anna å bidra til betre samarbeid mellom partnarene, og stimulere til at tverrfagleg forskning og utdanning fører til nye og betre helse- og omsorgstjenester.

Ho peikar på praksisfeltet, der kommunen har ei viktig rolle, og på eit brukarpanel. Å ha dei som faktisk skal nytta tenestene med på laget, har vore viktig.

Helseklynga har flytta inn i to nye og eit ombygd bygg.

Vil ha forskingsbasert kunnskap i kommunane

Under opningssendinga vart det vist fram fleire nye tenester, der pasientar sjølve viste korleis dette verkar: VR-teknologi, utvikla av mellom miljø ved Høgskulen på Vestlandet, vert nytta av fysioterapeutar på Haukeland universitetssjukehus, og VR-briller kan òg vera eit hjelpemiddel når barn og unge skal trena på sosiale situasjonar.

— Når ein er på eit sjukehus, tek ein for gitt at behandlinga ein får er forskingsbasert. Men ein har ikkje fått bygga opp eit godt system for kunnskapssatsing på same måte i dei kommunale helse- og omsorgstenestene, seier Angelskår.

— Ein vert eldre enn før, noko som er positivt, men som også gir fleire utfordringar. Det vert færre skattebetalarar per person som mottar helse- og omsorgstenester. Men når ein skal utvikla helsetenester må ein ha brukarar og pårørande med på laget. Ein kan ikkje berre effektivisera, ein må også gi gode helse- og omsorgstenester til dei som har behov for det.

Powered by Labrador CMS