Lang veg mot mål om master i farmasi

– Eg opplever at eg ikkje har fått kreditt for at eg frå før var utdanna bachelorfarmasøyt, seier Silje Andrea Feet.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Silje Andrea Feet (bildet under) skal levere masteroppgåva i farmasi ved Universitetet i Oslo (UiO) i november i år. Ho var ferdig utdanna bachelor i farmasi ved HiOA i 2010, og gjekk direkte vidare til masterstudiar ved UiO.

– Det har vore ein lang veg mot målet, seier ho.

– Eg opplever at eg ikkje har fått kreditt for at eg frå før var utdanna bachelorfarmasøyt. Eg har studert farmasi i 6,5 år. Det har for min del ført til mykje repetisjon av ting eg kunne frå før. Eg får trøyste meg med at eg kanskje blir ein enno betre farmasøyt til slutt, seier Feet.

Feet vedgår at masterstudiet er krevjande, og ho trur den nye studiemodellen bør stille høge opptakskrav.

– Eg er meir usikker på kva nivå opptak til bachelor bør ligge på, sjølv om òg bachelor i farmasi er eit krevjande studie. Den nye studiemodellen krev stor tilpassing av både bachelor- og masterstudiet, men det er på høg tid at omlegginga skjer. Eg skulle gjerne ha valt eit 3+2-løp om det hadde vore mogeleg i 2007, seier Feet.

Eitt år for seint

Torbjørn Jonassen (bildet under) er student på andre året på farmasi ved HiOA, og sit som student­representant i Nasjonalt profesjonsråd for farmasiutdanning /styringsgruppa for 3+2-modellen. Der blir det arbeidd med ein plan for å tilpasse farmasiutdanningane til hovudmodellen i den norske gradstrukturen (3+2). Den nye, samordna studiemodellen i farmasi er truleg klar frå 2015.

– Eg har tenkt å studere vidare til master i farmasi, og den nye studiemodellen skulle gjerne ha vore klar allereie frå neste haust for min del, seier Jonassen.

– Men det er i det minste greitt å kunne bruke året fram til 2015 til å utforske kva moglegheit eg har som farmasøyt med bachelor framfor å måtte bruke det på «tap av tid» for å ta master i mitt eige fagområde, seier han. 

Eg har studert farmasi i 6,5 år.

Silje Andrea Feet

Jonassen er leiar i Studentenes Fakultetsråd og leiar av studentforeininga Pharma Quod. 

– Berre eg no får tid til å gjera det eg eigentleg er her for – å studera – stiller eg som søkjar til det første +2-programmet i farmasi på Universitetet i Oslo (UiO) i 2015, seier Jonassen.

Farmasøytar med bachelorgrad må bruke 3 – 3,5 år på å ta master i eige fag. Dette paradokset har vore til debatt i det farmasøytiske miljøet i mange år. No har regjeringa pålagt farmasiutdanningane å tilpasse seg hovudmodellen i den norske gradstrukturen (3+2).  

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS