Debatt ● tone magnussen
Samarbeid eller collaboration?
Kravet om søknad på engelsk gjer det utfordrande å få til reell involvering av partnarar frå forvaltning, næringsliv og frivillig sektor, skriv Tone Magnussen.


Denne teksten er et debattinnlegg. Innholdet i teksten uttrykker forfatterens egen mening.
Eg står bak ein av dei totalt 348 søknadene som blei sendt inn til NFR-fristen 17. februar. I eit inspirerande samarbeid med partnarar frå forvaltning, næring og sivilsamfunn har eg utvikla eit såkalla «samarbeidsprosjekt for å møte utfordringer i samfunn og næringsliv». Undervegs i søknadsarbeidet møtte vi på kvist, i form av det eg oppfattar som motstridande krav i Forskingsrådet si utlysing.
Bli varslet om debatt og nyheter
Last ned Khrono-appen og få varsel om de viktigste debattinnleggene og de viktigste nyhetssakene.
-

På NFR sitt webinar i desember, der fleire av oss prosjektpartnarar deltok, blei det sterkt understreka at denne søknadstypen set krav til reell medverknad frå samarbeidspartane. Når ein forskingsorganisasjon søker, skal det skje i forpliktande samarbeid med minst to andre partar som ikkje er forskingsorganisasjonar, men som representerer t.d. offentleg sektor, frivillige organisasjonar eller næringsliv. Sjølve utlysinga poengterer at alle samarbeidspartar skal delta aktivt i planlegging og oppfølging av prosjekt, og i spreiing av resultat. I tillegg er det eit krav at søknad og vedlegg skal skrivast på engelsk.
Dette oppfattar eg som motstridande krav i utlysinga. Korleis sikre reell involvering når engelsk er arbeidsspråk? Dei siste åra har eg vore del av fleire søknadsprosessar til NFR i samarbeid med partar i næringsliv, offentleg sektor og sivilsamfunn. Eg har opplevd det som krevjande, men svært meiningsfylt å jobbe saman på tvers for å skape ei felles fagleg plattform. I dette arbeidet har eit felles norsk fagspråk vore ein nøkkel. Eg tok derfor kontakt med NFR for å høyre korfor kravet til engelsk no har kome inn. Svaret er enkelt; internasjonale ekspertar skal vurdere søknadene.
Kva er det som skjer når NFR stiller krav til engelskspråklege samarbeidssøknader? For det første inneber det å pulverisere Forskingsrådet sitt ansvar for norsk fagspråk. Omsynet til ekstern søknadsvurdering av engelskspråklege ekspertar ser ut til å vege tyngre enn omsynet til å ta vare på og vidareutvikle norsk fagspråk. Som forskarar formidlar vi internasjonalt og sørger for å oppnå tellekant-poeng i dei anerkjente tidsskrifta. Men, vi formidlar også i lokalavisa, på webinar og i forsking.no. For å sikre samfunnet sin tilgang til forskingsbasert kunnskap, treng vi det norske fagspråket.
Mi oppleving er at engelsk fagspråk ikkje er det som pregar arbeidskvardagen hos tilsette i små kommunar, lokale faglag eller hos regionale næringsaktørar.
Tone Magnussen, Nordlandsforsking
Kravet om søknad på engelsk gjer det utfordrande å få til reell involvering av partnarar frå forvaltning, næringsliv og frivillig sektor. Mi oppleving er at engelsk fagspråk ikkje er det som pregar arbeidskvardagen hos tilsette i små kommunar, lokale faglag eller hos regionale næringsaktørar. Engelsk som arbeidsspråk føreset visse ressursar hos samarbeidspartane, ressursar som truleg er på plass i store og robuste organisasjonar. Ei openberr fare er dermed at mindre aktørar fell frå, og at viktig idekraft blir forhindra frå å utvikle viktige og relevante prosjekt for å møte utfordringar i samfunn og næringsliv.