I fleire år har interiørarkitekten snikinnført julelys på Nygårdshøyden. I år kom det litt større pynt på plass.

Så gjer ein så når ein pyntar eit universitet
— Instagramvennleg, seier Kristina Kvareng Skorpen og humrar.
Ho er interiørarkitekt og overingeniør i eigedomsavdelinga ved Universitetet i Bergen.
Skorpen snakkar om den store julekula som er komen på plass på Nygårdshøyden i Bergen, ved inngangen til Muséhagen. Allereie før 1. desember hadde kula fått omtale i Bergensavisen og dessutan vorte peika på som eit av Bergens Tidende sine tips til koselege, gratis førjulsaktivitetar i byen mellom dei velkjende sju fjella.
For det Skorpen og kollegaene har gjort, er rett og slett å få på plass ei svær julekule som ein kan sitja inni, og som bokstaveleg tala lyser opp i mørketida. Her er det plass til at fleire kan samlast samstundes.
Lys imot mørketida
— Eg har jobba ved UiB i åtte år, og har kjent på at ein treng litt julelys på Høyden. Så eg har snikinnført litt, både med lys i trea og på Studentsenteret, fortel Skorpen.
Men i år ville ho få på plass noko som vart lagt merke til, rett og slett ein juledestinasjon der ein mellom anna kan ta julebilete.
— Eg var i kontakt med dei som driftar Muséhagen. Den er freda, så me ville ha noko som gjer at ikkje alle skal trakka på plenen. Konklusjonen vart noko ein kan gå gjennom. Og då landa me på ei julekule, altså ikkje ein veldig installasjon, seier Skorpen.

Ljos, ljos og meir ljos
Kula er utvikla av eit fransk firma, i berekraftig materiale. Det er rett og slett sukkerrøyr som er brukt, og i tillegg er dekorasjonen i led-lys. Lyssetjinga er innstilt med timar, så kula lyser nokre timar om morgonen og nokre om ettermiddagen. Frå klokka 18 er det mørkt, då stengjer hagen.
— Eigedomsavdelinga har kjøpt kula, så dette vert ein fast installasjon, seier Skorpen.
— Så får me sjå kor ho dukkar opp neste år …
Tilbakemeldingane så langt har vore veldig positive, seier interiørarkitekten.
— Heile lyssetjinga me har på Høyden har me for å spreia litt glede og lys i kvardagen til alle som bevegar seg i området. I dei mørke tidene me er inne i no varmar det ekstra med litt lys.
Eigedomsavdelinga har òg pynta inne på Studentsenteret. Men elles er det opp til dei einskilde einingane å pynta sine bygg og kontor.

Bake, bake, bake …
Men sjølv om det neppe er så mange andre universitet eller høgskular som har si eiga julekule, er det fleire som pyntar. UiT Noregs arktiske universitet har lagt ut eit flott boktre på si Facebook-side. Same universitet har sett opp ein stor nisse for å muntra opp studentane som skal ha eksamen, og i Narvik har campus vorte ein del av ein peparkakeby.
Og korleis pyntar ein ved din institusjon? Send oss ein tips anten på Instagram, Facebook eller send ein e-post til redaksjonen@khrono.no

Nyeste artikler
«En for alle og alle for en»-pakt for universiteter mot Trump
Saksøker universitetet etter KI-utestengelse
Det han såg som lektor vart utgangspunkt for doktorgraden
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Ny studie: Gollum lever — i akademia
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære
Etikkutvalg: «Stipendiaten er berettiget en unnskyldning fra veileder»