Russland trekkjer 800 forskingsartiklar

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Russiske forskarar publiserer mykje i nasjonale tidsskrift - ikkje dei anerkjende internasjonale. Foto: Paul-Erik Lillholm

Det russiske vitskapsakademiet har undersøkt korleis dei etiske retninglinjene vert følgde i Russland. Resultatet er at over 800 vitskapelege artiklar no vert trekt attende. Dette skriv Forskerforum.

Forskerforum siterer ein artikkel i Science. Der heiter det at plagiering, sjølvplagiering og gåveforfattarskap er vanlege problemstillingar i Russland. Antiplagiat, eit firma som vil avsløra plagiering har funne at 70 000 vitskapelege artiklar har vore publisert minst to gongar, nokre så mange gongar som 17.

Science skriv òg at russiske forskarar i større grad enn andre publiserer i nasjonale tidsskrift - ofte på russisk. Det finst 6 000 vitskapelge tidsskrift i Russland, men standarden er ofte låg, skriv Science.

Khrono har tidlegare skrive saker om forskingsfusk.

(Hilde Kristin Strand/Khrono)

Powered by Labrador CMS