Rektor ved Høgskulen i Volda, Johann Roppen. Foto: Skjalg Bøhmer Vold

Nes utan høgskule?

Struktur. Eg trur vi neppe har færre – heller fleire – studiestader i dag enn før Hernes sine samanslåingar tidleg i 1990-åra, skriv HiVolda-rektor Johann Roppen, som slår eit slag for dei lokale høgskule- og universitetsfilialane.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

På den årlege kontaktkonferansen for høgskular og universitet heldt Torbjørn Røe Isaksen (kanskje) sin avskjedstale til sektoren, 16. januar 2018. Han synte der ein viss kunnskap i nynorsk då han siterte frå ein plakat som visstnok hang på tidlegare AP-statsråd Gudmund Herne sitt kontor. Bildet var var av eit fagert nes, og teksten på bildet var visstnok: «Nes utan høgskule». Og salen svarte med «lett humring» som det heiter.

Tida vil vise om det blir færre akademiske nes.

Johann Roppen

Hernes la ned ein stor innsats for å slå saman dei rundt hundre dåverande statlege høgskulane til omtrent fjerdeparten så mange. Og så kunne ein kanskje tru at det har blitt færre nes med høgskule som følgje av dette, og av Isaksens strukturreform.

Men har det eigentleg skjedd? Eg trur vi neppe har færre – heller fleire – studieSTADER i dag enn før Hernes sine samanslåingar tidleg i 1990-åra. Det er rett at vi har fått færre og større institusjonar.

Kanskje har skilta på husa på nesa endra namn til høgskuleavdeling eller universitetsfilial.

Tida vil vise om det blir færre akademiske nes. Det er opp til styra på høgskular og universitet å avgjere. Men nesa har sterk regional støtte, fordi lokal- og regionalpolitikarar ser at ein høgskule- eller universitetsfilial er viktig. Ikkje minst om ein ønskjer å styrke vidareutdanning for folk som er i arbeid og ikkje kan studere på heiltid.

Regjering og storting har sjølv styrka somme nes. Høgskuletilbodet i Kristiansund har det siste året fått betydeleg midlar og blitt vidareutvikla som ei avdeling av Høgskolen i Molde. Dette er eit tiltak som er bra for Møre og Romsdal og eg håper verkeleg at dette blir vellukka. Kristiansund og Nordmøre treng og fortener god tilgang på utdanning, og det oppnår ein ved å styrke studietilbodet i nærområdet. Slik tenkjer dei også mange andre stader i landet og regionale og lokale politikarar arbeider for å støtte sine byar og bygder som studiestader.

Med dei mange nye universiteta med alle sine avdelingar i byar og bygder bør kanskje Hernes i dag lage eit nytt bilde: «By utan universitet». Eg trur ikkje det blir oppfatta som eit artig historisk tilbakeblikkk, men heller som eit hinder for regional- og byutvikling, busetnad – og kunnskapsutvikling.

Innlegget vart først publisert på Johann Roppen sin blogg.

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS