studiestart

Ringjer alle ferske studentar

Nytt av året: Ved Universitetet i Søraust-Noreg ringjer fadrane til ferske studentar for å ønska dei velkommen til universitetet, og å få dei med.

Her er bilete frå studiestart i Vestfold i 2017. Slik blir det ikkje under korona-studiestart i 2020. Foto: USN
Her er bilete frå studiestart i Vestfold i 2017. Slik blir det ikkje under korona-studiestart i 2020. Foto: USN
Publisert Oppdatert

Det er berre ei veke att før mange tusen ferske studentar skal møta på studiestaden for første gong. Etter ein vår som har vore heilt annleis enn vanleg, er det framleis usikkert kor mykje fysisk undervisning det vert. Men fleire institusjonar har sagt at dei prioriterer dei ferske studentane, og vil ta ekstra godt vare på dei.

Universitetet i Søraust-Noreg (USN) tek no kontakt med ferske studentar for at dei skal kjenna seg velkomne. Det skreiv universitetet på eigne nettsider.

Tausheitsplikt

— Me veit at mange studentar kjenner seg einsame og synest det er vanskeleg å ta kontakt med andre. Ein telefon frå fadderen før dei kjem gjer det kanskje òg lettare å vera med på fadderordninga og lettare å få nye venner på campus.

Det seier Victor Simonsen til USN sine nettsider. Han leiar fadderstyret ved USN sin campus i Vestfold.

Fadrane har fått tilsett- og tausheitskontrakt, og skal ringa dei studentane som byrjar på bachelorprogram og integrerte masterprogram.

— Eg jobbar aktivt med lista mi, seier Simonsen til Khrono.

Han tek bachelor i historie, og har sjølv ei liste over studentar han skal ringa.

— Tema kan vera hjelp til registrering, om dei har spørsmål knytt til det å vera student, det kan vera pensum og korleis koma seg til og frå campus, seier Simonsen.

Til USN seier han at planen er mindre faddergrupper i år, og ikkje store fysiske festar.

— Me har planlagt ei fadderveke der hovudfokuset er å inkludera alle nye studentar og på den måten bidra til at studentane vert kjende med kvarandre og får ein god studiestart.

Det å ringa nye studentar trur han kan vera med på å gi dei ein god start.

— Dei slepp å slita med til dømes registering på eiga hand, og me kan ønska dei velkomne frå starten av. Eg trur dette er noko som trengst, seier fadderleiaren til Khrono.

FHI: Ikkje risikofylte festar

Før helga sa Line Vold i Folkehelseinstituttet at tida ikkje er inne for risikofylte festar. Då regjeringa hadde pressekonferanse om koronasituasjonen, understreka ho at råda for kor mange som skal samlast til arrangement òg gjeld for fadderveka, og at ei avdempa markering av nytt studieår er klokt no.

Khrono har tidlegare skrive om både digitale samlingar og eigne smittevernvakter som skal gjera faddervekene trygge. Det vert òg lagt opp til mindre grupper, og nokre av utdanningsinstitusjonane har laga retningslinjer for kor mange studentar som skal samlast privat.

Assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad har tidlegare sagt til Khrono at han ikkje meiner at faddervekene bør avlysast. Men:

— Dei treng ikkje å verta kjende med absolutt alle. Hald deg til dei som du skal studera med. Det vil være særs viktig for å minska konsekvensane av eventuell smitte i fadderveka.

(Oppdatert 3.8 kl 20.10 med kommentarar frå Simonsen)