Mennene bak appen Hold slo ut både snigle- og stigbøye-innovasjonar under austlandsfinala i forretningsplankonkurransen Venture Cup.
Mennene bak appen Hold slo ut både snigle- og stigbøye-innovasjonar under austlandsfinala i forretningsplankonkurransen Venture Cup.

Skal skape innovasjon på tvers av studiestad

Studenter meiner tverrfagleg samarbeid styrker innovasjon og trur på det nye tiltaket Oslo studentinnovasjon.

Publisert   Sist oppdatert

Oslo studentinnovasjon vart lansert under onsdagens delfinale i Venture Cup. Venture Cup jaktar på dei beste forretningsplanane. Konkurransen er for studentar og målet er å hjelpe morgondagens entreprenørar.

Vinnarane av austlandsfinala av konkurransen meiner innovasjonsinitiativet er viktig for å skapa nettverk mellom forskjellige fagfelt. 

— Sjansen for innovasjon aukar når fleire fagfelt møtes, seier Vinoth Ninaya som saman med Maths Mathisen og Anders Holm vant austlandsfinala i Venture Cup. Ninaya og Mathisen studerer innovasjon ved Copenhagen Business School, medan Holm studerer ved BI i Oslo. 

Nyvinning for å halde studentar unna telefonen

Dei tre står bak appen Hold, som skal halde studentar unna mobilbruk når dei eigentleg burde konsentrere seg om å studera. Gjennom appen opparbeider ein seg poeng når ein ikkje brukar telefonen som seinare kan løysast ut i varer og tenestar som brus og kinobillettar.

Det er vanskeleg å kjenne moglegheitene ein har for å drive med innovasjon.

Maths Mathisen
Student

Vi vil gje studentane arenaer å vise seg fram på. 

Are Bye-Andersen.
Prosjektleiar for Oslo studentinnovasjon

Innovasjon skjer ofte i grenseflate mellom forskjellige fag. 

Inge Jan Henjesand
Rektor ved BI Oslo

— Som student er det vanskeleg å opparbeide seg nettverk, seier Holm.

— I tillegg er det vanskeleg å kjenne moglegheitene ein har for å drive med innovasjon, supplerer Maths Mathisen.

Dette skal nå Oslo Studentinnovasjon  ta tak i.

Skal få vise seg fram

Kunnskap Oslo står bak prosjektet Oslo studentinnovasjon her som har som mål å stimulere til auka aktivitet innan innovasjon og entreprenørskap blant studentar i Oslo. Initiativet er eit samarbeid mellom Oslo kommune og utdanningsinstitusjonane i byen.

— Vi vil gje studentane arenaer å vise seg fram på. Gi dei tilbakemeldingar, hjelpe dei å finne samarbeidspartnarar og starte opp, seier prosjektleiar for Oslo studentinnovasjon Are Bye-Andersen.

Framover vil Oslo studentinnovasjon arrangere konkurranser og andre eventar for å innspirere til innovasjon og entrepenørskap. I tillegg vil dei oppfordre studentar til å bygge lag med forskjellige kunnskapar og ferdigheitar. Inntil ti lag vil belønast med bistand frå Ungt Entrepenørskap til å etablere studentbedrift.

Kompatibilitet

Bye-Andersen fortel at då dei sat seg ned for å sjå på kva dei skulle gjere for å bli flinkare på nyskaping i Oslo vart samarbeid eit nøkkelord.

— Vi har sett på kva studiestadane tilbyr og det er mykje kompatibilitet. HiOA er gode på praksis, UiO på teori og BI på business, seier prosjektleiaren.

Leiaren i studentorganisasjonen Start BI, Henrik Holth, trur det er lurt å samle kreftar frå ulike studiestadar.

BI er gode på business, men vi er avhengige av dei som er gode på produkt. Difor er eit slikt samarbeid utruleg viktig, seier han (bilete under).

Start BI-leiaren får støtte av arrangementkoordinatoren for regionsfinala i Venture Cup, Jon Laugen.

— Det er eit veldig bra initiativ. Ein ser korleis det går i oljebransjen for tida, og innovasjon er det som skal hjelpe Noreg framover i framtida.

Utdanningsinstitusjonane positive

— Vi treng innovasjon for å få forskinga vår ut til folk, sa prorektor ved UiO, Ragnhild Hennum frå scena då Oslo studentinnovasjon vart lansert onsdag kveld.

Ho og rektorane ved BI og HiOA, Inge Jan Henjesand og Curt Rice, var einige om at studentar har gode idear og at det er viktig at desse vart dyrka fram.

— Innovasjon skjer ofte i grenseflata mellom forskjellige fag. Oslo studentinnovasjon er ein arena der dei kan møtast, seier Henjesand.

God skaparånd i studietida

Og ein arena for studentinnovatørar er kanskje på sin plass. Dei åtte deltakarane i austlandsfinala i Venture Cup viste vertfall skaparånd.

Som Geir Lippestad, som hadde gått tidleg frå bystyremøte onsdag kveld for å presentere Oslo studentinnovasjon, sa:

— Etter å ha høyrt kveldens «pitchar», må eg seie at dykk er litt meir innovative her.

App-skaparane og kveldens Venture Cup-vinnarar trur ikkje det finns noko betre tid for innovasjon enn i studietida.

— Før har det vore slik at ein må gå 100 prosent inn for å starte selskap eller satse 100 prosent på studia. Med Oslo studentinnovasjon får ein moglegheit til å kombinere dei to, seier Vinoth Ninaya.

Finale i oktober

I oktober skal dei møte konkurrentar frå heile landet i finala av Venture Cup. Framover skal androidversjonen av appen på marknaden og lansering av appen i Danmark er like rundt hjørnet.

— Å vinne i kveld er ein god motivasjon for vidare arbeid, seier Anders Holm.