Statens reisebyrå på «svarteliste» i fn
Regjeringa vil ikkje bryte med omstridd reisebyrå
Rektorar er kritiske til reisebyrå med aktivitet i ulovlege israelske busetnader, men regjeringa gir grønt lys. – Eit brot med eigen politikk, meiner forskar.
OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.
I samråd har Kommunal- og moderniseringsdepartementet og Utanriksdepartementet konkludert med at reiseselskapet Egencias aktivitet på israelsk-okkupert palestinsk territorium er så liten at det ikkje er nødvendig å gjere noko med saka.
I e-post til Khrono seier kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) at avtalen med Egencia «ikke vil bryte med Norges folkerettslige forpliktelser om å avstå fra å yte assistanse til Israel i forbindelse med bosetningene. Egencias aktivitet i de aktuelle områdene synes å være så begrenset at det ikke utløser noen slik folkerettslig forpliktelse».
Det får forskar ved Institutt for fredsforskning (PRIO), Jørgen Jensehaugen, til å reagere.
— Vil bidra til okkupasjonen
— Dette blir eit altfor lettvint svar. Dersom alle statar tenker slik – «så lenge det ikkje er stort nok, kan det berre fortsetje», vil det bidra til at okkupasjonen berre kan halde fram, seier Jensehaugen til Khrono.
— Det er heilt klart at regjeringa her går imot Noregs linje, som i lang tid har vore tostatsløysinga. Regjeringa unnvik sine eigne politiske standpunkt. Det er eit brot med eigen politikk, seier han.
Det var i februar at FNs menneskerettskontor (Human Rights Council) sette reisebyrået Egencia, gjennom sitt morselskap Expedia på ei liste med 112 selskap som tener pengar i israelske busetnader på okkupert, palestinsk territorium. Okkupasjonen er ifølgje storparten av det internasjonale samfunnet, Noreg inkludert, i strid med folkeretten.
Samstundes har den norske staten fornya kontrakten med Egencia som eitt av selskapa som skal selje reiser til 166.000 statstilsette i åra framover. Det har ført til kritikk frå både fagforeiningar og leiarar i universitets- og høgskulesektoren, ein av dei største kundane i staten.
Egencia tapte anbod
Denne veka blei det klart at dei fire eldste universiteta i landet, som har oppretta eit eige innkjøpssamarbeid på sida av staten, ikkje vil bruke Egencia. Der kom Berg-Hansen best ut av anbodsrunden, på grunn av høg score på funksjonalitet og miljø, men dårlegast på pris. Dette var hovudkriteria for tildelinga.
Men også Egencias lite flatterande plassering på FNs liste over selskap som opererer på okkupert land, var del av vurderingane då selskapet rauk ut av konkurransen.
BOTT (NTNU, Universitetet i Oslo, Universitetet i Bergen og UiT Noregs arktiske universitet) har i tillegg kriteria som kjem fram i tildelingsbrevet lagt vekt på etikk og kva konsekvensar kontrakten kunne få for omdømmet til dei fire universiteta. Også Universitetet i Agder er omfatta av kontrakten BOTT har signert med Berg-Hansen for dei neste to åra, med opsjon på ytterlegare tre.
«Plikt til å motvirke »
— Alle offentlege innkjøp bør vektleggje at selskapet ein teiknar kontrakt med følgjer internasjonale lover og reglar og operer i tråd med menneskerettane, uttalte leiar i Universitets- og høgskulerådet, Dag Rune Olsen, i samband med innkjøp av reisetenester til BOTT.
I staten er det Statens innkjøpssenter under Digitaliseringsdirektoratet som har ansvaret for å forhandle kontraktar på vegne av staten. Astrup «forutsetter at Digitaliseringsdirektoratet vurderer saken ut fra anskaffelsesjuridiske hensyn».
Til Bistandsaktuelt har statssekretær i Utanriksdepartementet, Audun Halvorsen (H), tidlegare sagt at Noreg generelt har «plikt til å motvirke aktiviteter som støtter opp under de ulovlige bosettingene. Selskaper som opererer på okkupert område kan risikere å støtte opp under folkerettsbrudd».
Kunnskapsdepartementet, som er ein av institusjonane som er pålagde å bruke Egencia gjennom statens avtale, har ikkje ønskt å kommentere saka. Det vil heller ikkje Statens innkjøpssenter, utover å vise til at dei ikkje har «anskaffelsesjuridisk» mandat til å avvise Egencia.
— Unekteleg problematisk
Den norske staten burde bruke makta den har som storkunde, meiner PRIO-forskar Jensehaugen, til å krevje at Egencia held seg innanfor folkerettslege standardar.
Slik Jensehagen ser det, er avtalen med Egencia ikkje mindre uakseptabel fordi juristane i regjeringa meiner den er innanfor, teknisk eller juridisk sett.
— Avtalen er unekteleg problematisk. For det første dreier det seg om okkuperte territorium, dei hotella det er snakk om er med på å bygge opp under dei ulovlege busetnadene og dermed med på å normalisere dette som ein del av okkupasjonsøkonomien. I tillegg til at busetnadene i seg sjølv er ulovlege, er dei til direkte hinder for ei tostatsløysing. Dei er dermed i vegen for ei løysing som også den norske regjeringa stiller seg bak, seier Jensehaugen.