forskingsfridom

Reaksjonar mot FFI-rapport «var på sin plass», meiner Hoel

Statssekretær Oddmund Hoel støttar statsråd og partifelle Sigbjørn Gjelsvik og er sterkt kritisk til FFI-rapporten.

Oddmund Hoel er statssekretær for forsking og høgare utdanning og støtter sin partikollega Sigbjørn Gjelsvik som har hamna i storm om publisering av ein forskingsrapport på heimesida til Kommunaldepartementet. — Det absurde spørsmålet er om det er «sensur» når Gjelsvik ikkje vil publisere ein gong til ein rapport som alt er publisert av FFI, meiner Hoel..

Dagbladet, derimot, meiner statsråden må angre og beklage til FFI-forskarar etter ikkje å ha publisert rapporten deira.

«I ytterste konsekvens er han (Sigbjørn Gjelsvik (Sp)red.mrk) en fare for demokratiet.» skriv Dagbladet på leiarplass sundag og krev at statsråden må angre og beklage til forskarar ved Forsvarets forskingsinstiutt (FFI).

Nekta publisering

Saka det handlar om, og som satte fyr på kommentarfelta i enkelte sosiale medium sundag, er at kommunal-og distriktsministeren ikkje ville publisere ein bestilt FFI-rapport om kva som kan påverke val i Norge, på heimesida til Kommunaldepartementet.

Departementet har ansvar for gjennomføring av val i Norge.

Det var Nationen som først omtalte saka som sidan spreidde seg til fleire medier.

Gjelsvik, som sjølv er tidlegare leiar i Nei til EU, meiner at eit scenario frå forskarane om at moglege konsekvensar av motstand mot norsk EU- og EØS-medlemskap kan gi rom for vekst av konspirasjonsteoriar.

Bidreg måteleg til tillitt

Også statssekretær for forsking og høgare utdanning i Kunnskapsdepartementet, Oddmund Hoel (Sp), kasta seg inn i debatten med eit langt innlegg på Facebooksida til Khrono, og gir full støtte til sin parti- og regjeringskollega Gjelsvik.

«Eit viktig punkt i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning er å halde oppe den breie tilliten til forsking som me er velsigna med her i landet. FFI-rapporten om uønskt påverknad på norske val bidreg berre måteleg til det, og reaksjonen frå kommunal- og distriktsministeren var på sin plass», skriv han.

Anine Kierulf viser til same plan i sin Twittertråd om saka, men kjem med motsett konklusjon enn Gjelsvik og Hoel:

Førsteamanuensis Anine Kierulf, UiO

«En slik tilnærming til forskning, fra en sittende statsråd, er egnet til den tillitsundergraving av vitenskap som @Regjeringens nye langtidsplan advarer mot» skriv ho.

Kritisk til metode

Oddmund Hoel skriv vidare i debattråden på Khrono sine sider at han har meir metodiske enn politiske innvendingar etter å ha lese FFI-rapporten. Og han meiner at dei same innvendingane ville ein kvar kritisk lesar i ein rettleiingssituasjon eller fagfellevurdering kome fram til.

I resten av innlegget skriv han:

Margareth Hagen, rektor ved Universitetet i Bergen)

«Ut av Nato», «ut av EØS» og «inn i EU» blir i innleiinga trekt fram som døme på «politisk omveltning», så langt alt vel, men i det følgjande forsvinn «inn i EU» ut over sidelinja medan «ut av EØS» går inn i eit større scenario utan at det blir framført ein einaste grunn for utvalet/prioriteringa. Under «eksempler på endret styresett» blir «ut av Nato» og «ut av EØS» nemnde som døme, men ikkje «inn i EU», som ein skulle tru var ei større endring av styresettet. I EØS-scenariet heiter det at «På samme tid tar flere politikere, eksperter og kommentatorer til orde for at Norge bør vurdere å bli medlem av EU for å sikre europeisk samhold..», som lesaren må oppfatte som at det er fornufta som talar».

Ikkje balansert

Vidare skriv Hoel:

«Rapporten drøfter ikkje inn i det heile om dette alternativet i ein tilkvesst situasjon også kan bli fremja av illegitim uønsk påverknad, t.d. med sterke økonomiske interesser i bakgrunnen. Det einaste som står om økonomi i EØS-scenariet er at «Etablerte organisasjoner som er mot EØS og EU mottar betydelig økonomisk støtte gjennom folkefinansiering på nett.» Så kan ein jo spørje seg med bakgrunn i dei to førre EU-kampane kva side som truleg har dei største økonomiske ressursane å stille opp med også i den neste.»

Han viser til side 35 i rapporten der han meiner det stillest eit godt spørsmål: «Hvordan balansere en legitim politisk diskusjon rundt spørsmålet om EØS-avtalen, samtidig som man hindrer fremmedstatlig påvirkning?»

Og han svarar:

«Dette er diverre ikkje ein balanse rapporten bidreg til på noko punkt. Det blir ikkje gått opp eit naudsynt skilje mellom kva som er legitime og illegitime påverknadsformer og argument. FFI har truleg som mål at FoU-arbeida som går ut, skal nyte brei tillit, særleg i miljø som i utgangspunktet har eit noko frynsete forhold til forsking og er meir mottakelege for uønskt illegitim påverknad.»

Uakseptabel sensur

Og statssekretæren avsluttar:

Thomas Hegghammer er forskningssjef ved Forsvarets Forsvarets forskningsinstitutt.

«Eg legg velviljen til og har ikkje framført andre innvendingar her enn det som burde ha kome frå ein kritisk lesar i ein kvar normal rettleiingssituasjon eller fagfellevurdering for at arbeidet skal framstå som mest mogleg tillitsvekkjande,» skriv Hoel og legg til heilt til slutt:

«Med enkle grep, atterhald, presiseringar og kontekstualiseringar kunne ein ha oppnådd dette i ein rapport om eit uhyre viktig tema. Det tek vonleg FFI med seg til framtidig kvalitetssikring. Dette var mitt bidrag.»

Fleire var i sosiale media sundag kritiske til Sigbjørn Gjelsviks handtering og synspunkt på FFI-rapporten, blant andre UiB-rektor Margareth Hagen og jurist og førsteamanuensis Anine Kierulf.

Sjefsforskar i Forsvarets forskningsinstitutt, Thomas Hegghammer skreiv på Twitter sundag:

«I alle dager. Denne typen politisk sensur hører helt andre steder hjemme. Totalt uakseptabelt.

Powered by Labrador CMS