Debatt ● Anne-Grethe Naustdal
Rangeringa av studiepoeng viser ikkje fram heile biletet
Utviklinga dei siste åra både i institusjonstypar, studieprogram og studentmasse gjer at ei breiare tilnærming til studiepoengproduksjon har noko for seg. Det ville gitt perspektiv, nyansar og etterlengta kunnskapsdeling.

Det er bra at Khrono tek opp utviklinga av studiepoengproduksjon blant universiteta i ein artikkel førre veke. Men vi hadde stått oss betre på å vise fram heile spekteret av høgskular og universitet. Det kunne forløyst grunnlaget for eit breiare og meir interessant ordskifte om både studiekvalitet, fråfall, gjennomstrøyming, eit heilskapleg læringsmiljø — og gjerne finansiering for den saks skuld.
Utgangspunktet for lista som Khrono presenterte i oppslaget 21. august er òg verdt å merke seg. Her bereknar ein tal studiepoeng per student utifrå alle registrerte studentar på den enkelte institusjon. Så om ein til dømes har mange studentar på kortare tilbod, ja så går dette måltalet naturlegvis ned. Det treng i og for seg ikkje vera negativt, men igjen det viser at det kan bli litt enkelt å berre fokusere på ein variabel. Hentar ein tal for studiepoeng per heiltidsekvivalent, så blir bilete noko annleis.
Utviklinga dei siste åra både i institusjonstypar, studieprogram og studentmasse, og sett i lys av pandemi og politiske signal, gjer at ei breiare tilnærming har noko for seg. Det ville gitt perspektiv, nyansar og etterlengta kunnskapsdeling.
Vi veit vi går mot færre studentar i høgare utdanning. Alle universitet og høgskular arbeider med studieporteføljen sin. Årets søkjar- og opptakstal viser at store samfunnsberande profesjonsutdanningar som utdannar til læraryrket og sjukepleiaryrket, rekrutterer færre studentar enn før. Fleksible tilbod er i vinden og fangar inn nye målgrupper. Så ser vi at studentanes behov, ønskje og studiepreferansar ikkje alltid treffer arbeidslivets og samfunnets behov for kompetanse.
Det grunnleggjande er likevel god studiekvalitet. Vi veit at det grunnlagt som ligg klart alt frå første studiedag der vi tek i mot studentar som skal dannast og utdannast, er avgjerande. Difor gjer vi klokt å løfte debatten om studiekvalitet og bevege oss bort frå ufullstendige framstillingar og rangeringar.
Høgskulen på Vestlandet har både før og under pandemien hatt stort fokus på å sikre at nye studentar får ein god start på studiet og at dei tidleg får gode studievanar. Ordninga med studentassistentar for førsteårsstudentar har vore ei av fleire viktige satsingar dei siste tre åra som blei styrka under pandemien. Ut frå gjennomføringstala i Database for statistikk om høyere utdanning (DBH) kan det sjå ut som fleire av tiltaka retta mot bachelorstudentane våre har hatt rimeleg god effekt langs fleire viktige variablar.
Nyeste artikler
Humaniora i møte med virkeligheten
Blar opp milliardar for å lokke amerikanske forskarar til EU. — Godt nytt for oss
Gransking: Norges mest publiserende forsker opptrådte vitenskapelig uredelig
Studentene krever akademisk boikott
Da de nektet å forlate rektors kontor ringte NTNU politiet. — En skamplett
Mest lest
Fransk kjendisfilosof om Trumps utdanningspolitikk: — Rent ut latterlig
To små streker ødela for Victorias eksamen. Nå beklager Kristiania
Mener Langeland bør få jobbe i akademia. — Han fortjener en ny sjanse
130 upopulære studier. Flere kan bli trukket
Medisin, sykepleie og juss blant de mest populære