Israel-Palestina

Pris til NTNU frå israelsk partnar. Akseptabelt, meiner rektor

NTNU har vedtatt å kutte banda til israelske institusjonar. Det er ikkje til hinder for at ein forskar på NTNU blir tildelt forskingspris på 100.000 kroner.

Weizmann Institute Israel
Chorafas Foundation, basert i Sveits, deler årleg ut vitskapsprisar i samarbeid med Weizmann Institute of Science i Israel.

Dimitris N. Chorafas Foundation deler årleg ut pris til unge forskarar innan medisin, realfag, teknologi og IKT på i alt 21 «partnaruniversitet» i Europa, Asia og USA.

Eitt av desse partnaruniversiteta er NTNU. 

Chorafas-stiftelsen har sitt opphav i Sveits, men er nært knytt til Weizmann Institute og Feinberg Graduate School, som ligg i Rehovot, sør for Tel-Aviv i Israel. Chorafas-prisen er «rekna som ein av dei mest prestisjefulle prisane gitt av Feinberg Graduate School», heiter det i ein artikkel på nettstaden Weizmann Compass frå 2015, som høyrer til Weizmann Institute.

NTNU-styret vedtok i juni 2024 å stanse institusjonelt samarbeid med israelske forskings- og utdanningspartnarar. Bakgrunnen er Israels krigføring i Gaza, som NTNU «fordømmer», ifølgje referatet frå styremøtet 18. juni.

«Ikkje institusjonelt»

Professor og styrerepresentant ved NTNU, Aksel Tjora, var ein av dei som tok til orde for å kutte banda til Israel. Han er lite komfortabel med å vere «partnaruniversitet».

Aksel Tjora er kritisk til partnarskapet med Chorafas-stiftelsen.

— Dersom det eksisterer ein partnarskap, vil eg seie at NTNU bør følgje vedtaket som er gjort om å ikkje ha institusjonelt samarbeid. Dersom ein ikkje reelt er partnar, og ein annan institusjon tar seg fridomen til å kalle NTNU for ein partnar, bør NTNU gå i dialog og sørge for at det ikkje blir framstilt slik, seier Tjora. 

Rektor ved NTNU, Tor Grande, meiner relasjonen er uproblematisk.

«Vår vurdering er at dette ikkje er i strid med vedtaket i styret. Dette er ikkje eit institusjonelt samarbeid knytt til kjerneverksemda vår», skriv han i ein e-post til Khrono.

Han understrekar at NTNU i dag ikkje har nokon institusjonelle avtalar med israelske partnarar. Grande skriv vidare:

 «Vi har siden 2013 hatt en partnerskapsavtale med Chorafas Foundation, som er en sveitsisk stiftelse (...) Chorafas Foundation benytter seg av en israelsk partner, Weizmann Institute of Science, i rollen som sekretariat. Vi har en intern nominasjonsprosess ved NTNU der alle fakulteter er involvert, og det er en intern NTNU-komite som velger ut den ene kandidaten som vi sender inn til stiftelsen. Det er altså NTNU som bestemmer hvem som skal få prisen».

«Ser fram til samarbeid»

Grande fekk 18. september melding om prisen frå styreleiaren i Chorafas-stiftelsen, Eva-Maria Binder, med kopi til Feinberg Graduate School. 

«Som i tidlegare år vil eg kontakte prismottakarane direkte for å høyre korleis dei ønsker å få oversendt prispengane», skriv Binder. Ho opplyser vidare om fristen for å nominere kandidatar til neste års prisutdeling og «ser fram til vidare samarbeid».

Det er greitt å vere partnaruniversitet, meiner rektor Tor Grande. Han understrekar at NTNU ikkje har nokon institusjonelle avtalar i Israel.

Vinnaren av prisen for 2024, Josef Matous, er postdoktor ved Institutt for teknisk kybernetikk ved NTNU.

Som partnarinstitusjon betalar NTNU ei årleg avgift, som gir rett til å nominere kandidatar til den sveitsisk-israelske prisen. 

«Eg vil understreka at NTNUs styre ikkje har vedteke ein akademisk boikott av Israel. NTNUs styre har bestemt at NTNU ikkje skal engasjera seg i institusjonelt samarbeid med israelske partnarar, slik situasjonen er no. Chorafas-stiftelsen er basert i Sveits — men dei nyttar seg av ein israelsk institusjon som vitskapleg rådgivar og administrator», legg NTNU-rektoren til i ein annan e-post.

På spørsmål om han er komfortabel med å bli omtalt som «partnaruniversitetet», svarer Grande dette: 

«Vi ønsker åpenhet rundt samarbeidsrelasjonene våre. Vi har en partneravtale med Chorafas Foundation, og da er det også akseptabelt at vi blir omtalt som partneruniversitet».

Finansiell støtte

Dr. Dimitris Chorafas (1926-2014), som oppretta prisen, støtta gjennom fleire tiår Weizmann Institute finansielt, og stod mellom anna bakt opprettinga av eit omfattande vitskapeleg utvekslingsprogram. Den årlege forskingsprisen blei etablert i 1996. 

Feinberg Graduate School er utdanningsdelen av Weizmann Institute, og instituttet signerte i 2013 ein avtale med Chorafas-stiftelsen i Sveits om å fungere som sekretariat og vitskapeleg rådgivar.

Weizmann Institute er ein av fleire forskingsinstitusjonar i Israel som i kjølvatnet av Gaza-krigen opplever ein sterk nedgang i talet på internasjonale studentar og forskarar, ifølgje den israelske avisa Haaretz.

Powered by Labrador CMS