etikk

«Pornoprofessor» sparka for andre gong

Første gong mista han jobben som toppleiar for universitetet etter å ha spelt inn og publisert pornofilmar saman med kona. 

Joe Gow fikk sparken ved University of Wisconsin-La Crosse for å ha spelt inn pornografiske filmar
Saman med kona produserte Joe Gow sexfilmar mellom annan under vignetten Sexy Healthy Cooking, der dei også hyra inn profesjonelle pornoskodespelarar.

Då styret ved University of Wisconsin-La Crosse i desember 2023 fekk informasjon om kva Joe Gow heldt på med på fritida, var det ingen nåde. Etter 17 år som chancellor, øvste leiar for universitetet, vart han oppsagd på dagen.

På pornografiske nettstader hadde det då dukka opp videoar som Gow hadde produsert saman med kona og andre under profilen «Sexy Happy Couple».

Etter at nye skuldingar mot han vart sett fram før sommaren, har styret no einstemmig konkludert med at Gow også blir fråteken undervisningsstillinga han hadde ved fakultetet han kom ifrå.

Leiarane meinte det ikkje ville vere akseptabelt at han kom tilbake som lærar for studentane.

«Uetisk»

Eit «fullstendig og uomtvisteleg brot med rolla hans», var dommen frå styret i 2023.

Gow hevda derimot at avgjersla om å avsetje han ikkje var rett, og braut med ytringsfridomen. Den gongen fekk Gow lov til å gå tilbake til jobben der han underviste i kommunikasjon.

Ifølgje Inside Higher Education var det bekymringar frå styraren ved Department of Communication Studies, som i denne omgangen vart avgjerande for styret.

Offisielt får han sparken for «uetisk og potensielt ulovleg åtferd», knytt til dei pornografiske aktivitetane. Gow skal ifølgje styret også ha nekta å samarbeide om ei gransking som vart sett i verk etter at han vart sparka som leiar for universitetet.

Sexy kokekunst

Gow og kona laga i mange år pornografiske videoar som vart delte på ulike pornonettstader. På YouTube hadde paret ein serie innslag under vignetten «Sexy Healthy Cooking», der dei lagar mat saman med inviterte pornostjerner, og deretter har sex. Ifølgje Gow var målet mellom anna å vise fram dei menneskelege sidene til pornoskodespelarane på «måtar dei ikkje har høve til i arbeidet sitt».

Gow og kona har også gitt ute i bok om samlivet sitt, under pseudonym, med tittelen Monogamy with Benefits: How Porn Enriches Our Relationship.

Gow har også protestert på avgjerda om å fjerne han frå stillinga på fakultetet.

I ei erklæring i etterkant av vedtaket, der Gow kallar styret for eit «hyklarstyre», seier han at «styremedlemmene hevdar dei vil beskytte og fremje ytringsfridom, men avgjersla i dag viser at det ikkje er sant».

Inside Higher Education skriv at dei ikkje har fått svar på førespurnad om kommentar frå styret til Gows erklæring.

Powered by Labrador CMS