Dette tek ein juksefantane for

Dette er fusk. Her får du hugselappen om kva du ikkje må gjere på eksamen.

Publisert Oppdatert

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

(VIDEO: HiOA-studenter anno 2013 (øverst) og 2014 (nederst) om fusk.)

Plagiat, jukselappar og medhjelparar på do, slikt må ein halde seg unna om ein ikkje vil risikere å bli utvist både eitt og to semester ved HiOA. 26 studentar møtte denne skjebnen sist skuleår.

Skuleåret 2014/2015 var det 28 juksesakar ved HiOA viser rapporten til klagenemnda, som behandlar desse tilfella. 22 tilfelle dreidde seg om plagiering, mens resten var ulovlege hjelpemiddel.

Klagenemnda kom fram til at det i 19 av sakane var snakk om forsetteleg juks frå studentens side. I sju sakar var det grov aktlausheit.

Medhjelpar på do

I eit tilfelle i år hadde ein av kandidatane ein medhjelpar som henta oppgåva og leverte svar via ein pose inne på toalettet.

Rapport om klagenemdas arbeid studieåret 2014-2015

Det viktigaste er at du stoler på seg sjølv, har tru på at du kan klare det. Eg har sjeldan sett at nokon har fått god bruk for det dei har med seg av ulovlege
hjelpemiddel.

Betty Jacobsen

Vi har mange tusen heime-eksamenar i året og det er krevjande for mange studentarå hugse kjelde-tilvisningar og vi veit grensene kan vere vanskeleg.

Claudia Steidl Talgo

Det er plagiering under heimeeksamen som er det største problemet. Dette har ein dataprogrammet ePhorus til å plukke opp.

— Korleis vert dei andre juksarane tatt?

— Nå vil ikkje eg røpe alt, seier Betty Jacobsen som er seniorrådgjevar ved HiOA. Ho er sekretær for klagenemda og går gjennom alle fuskesakane før dei går vidare til klagenemnda.

— Men vaktene får opplæring, og vi prøver heile tida å forbetre sikkerheit. Vi har strenge regler for kva studentane har lov å ha med seg under eksamen, seier Jacobsen.

I fylgje rapporten til klagenemnda var det førre skuleår både tilfelle av mobiltelefonar og fuskelappar. Rapporten viser òg at det er dei som tek juksinga enda eit steg vidare:

«I eit tilfelle i år hadde ein av kandidatane ein medhjelpar som henta oppgåva og leverte svar via ein pose inne på toalettet».

Jacobsen har sett det meste, det er til og med dei som limer inn ekstra sider i ordbøkene sine eller tek med seg notat i store mengder.

— Vi har ikkje hatt «propp i øret»-situasjonar her, men eg ser ikkje bort frå at det også kan komme, seier Jacobsen.

Jacobsen har litt humor rundt dei kreative metodane understrekar Jacobsen viktigheita av at juksemakerana blir tatt.

— Det er viktig at studentane kan det dei skal kunne når dei kjem ut i arbeidsmarknaden. Tanken på at dei ikkje gjer det er heilt forferdeleg. Eksempelvis for sjukepleierar kan det bli katastrofalt.

Tek andre sitt arbeid

Før 2004 var det berre nokre få sakar i året ved Høgskulen i Oslo. Jacobsen har sett ein markant auke i juksesakar sidan da.

— Eg trur det har samanheng med endra eksamensordning og fleire innleveringer av heimeoppgåver.

Jacobsen trur at mykje av problemet høgskulen har med plagiering handlar om at mange studentar ikkje kjenner godt nok til reglane.

—  Når du skal gjere eit akademisk arbeid skal det kunne etterprøves, og da må du ha presis kjeldetilvising. Mange svar kan ikkje etterprøves fordi det ikkje er kjelder. Det er ikkje forbode å bruke andre sitt arbeid, men du skal vete korleis du gjer det.

Men det er ikkje alltid det berre er kjeldetilvisinga som er problematisk.

—Vi har dei som leverar inn ei ferdig oppgåve de har funnet på eit eller anna tvilsam nettstad, det er kanskje berre namnet og fonten som er endra, utdjupar Jacobsen.

Desse juksar mest

I fylgje rapporten over fuskesakar i fjor var det studentar på Fakultet for helsefag som vart tatt desidert mest for fusk. Det var heile 17 tilfelle, derav 16 gjaldt plagiering ved heimeeksamenar. Til samanlikning var det 3 som fuska ved Fakultet for lærerutdanning og internasjonale studier, 5 ved Fakultetet for samfunnsfag og 3 ved Fakultetet for teknologi, kunst og design.

— Dette er svært beklageleg, seier dekan ved fakultetet for helsefag, Trine B. Haugen.

— Slikt må vi få fjerna, noko vi òg arbeidar med, fortel ho.

Seksjonssjef ved helsefag Claudia Steidl Talgo seier seg einig.

—  Vi informere om viktigheita av riktig sitering fleire gongar både skriftleg og i timane. Vi sender alle svar gjennom programmet ePhorus, da får vi fanga opp dei som ikkje har skjønt det og vi får fylgt opp desse.

I tillegg til å leggje vekt på å informere studentane om plagiering, meiner Steidl Talgo at dei er svært flinke til å bruke ePhorus, noko ho trur kan ha innverknad på fusketala. Likevel mistenker seksjonssjefen at dei ikkje greier å fange opp alle juksemakarane.

— Vi har mange tusen heimeeksamenar i året og det er krevjande for mange studentar å hugse kjeldetilvisningar og vi veit grensene kan vere vanskeleg.

Stol på deg sjølv

Jacobsen understrekar òg viktigheita med å informere studentane om kva reglar som gjeld.

— Vi arbeider heile tida med å prøve å avdekke og førebygge. Førebygging må det jobbast med på fakulteta og under undervisning. Det må vere opplæring i kjeldebruk, noko eg òg trur alle har. Samtidig så må ein jo gå ut frå at folk er klare over at det er noko som heiter ulovlige hjelpemidlar, seier ho.

Og til alle nervøse studentar har Jacobsen eit tips:  

— Det viktigaste er at du stoler på seg sjølv, har tru på at du kan klare det. Eg har sjeldan sett at nokon har fått god bruk for det dei man har med seg av ulovlege hjelpemidlar, avsluttar ho.

VIDEO: HiOA-studenter anno 2013 (øverst) og 2014 (under) om fusk.

Sjå meir:

Velkommen til vårt kommentarfelt
Logg inn med en Google-konto, eller ved å opprette en Commento-konto gjennom å trykke på Login under. (Det kan være behov for å oppdatere siden når man logger inn første gang)

Vi modererer debatten i etterkant og alle innlegg må signeres med fullt navn. Se Khronos debattregler her. God debatt!
Powered by Labrador CMS