høgskulen på vestlandet

På jakt etter tre prorektorar

Høgskulen på Vestlandet skal tilsetja både dekanar og prorektorar denne våren.

Gunnar Yttri er fersk rektor ved Høgskulen på Vestlandet. Denne våren skal det tilsetjast fleire leiarar.

OBS! Denne artikkelen er mer enn tre år gammel, og kan inneholde utdatert informasjon.

Høgskulen på Vestlandet skal ha ei ordning med tre prorektorar. Dette vedtok styret i eit ekstraordinært møte denne veka.

Dei fire første åra av høgskulen sitt liv har dei hatt tre prorektorar som kvar har hatt nærregionansvar i tillegg til fagleg ansvar. Desse tre har vore fysisk plasserte i Sogndal, Haugesund og Bergen.

I styresaka vart det presentert to modellar: Anten ei ordning med prorektorar, eller ei ordning der ein i tillegg til to prorektorar skulle ha tre viserektorar, som kvar skulle ha nærregionansvar.

Geografi avgjer ikkje

— No knyter me ikkje noko særskilt geografisk ansvar til prorektorstillingane, seier rektor Gunnar Yttri til Khrono.

Han seier òg at det ikkje er bestemt kvar prorektorane skal ha sin daglege arbeidsstad. Rektor har hovudarbeidsplass i Bergen, men sa i eit større intervju med Khrono at han vil vera synleg på alle dei fem campusane.

— Me er ein moderne institusjon, med fem campusar som kan byggast. Prorektor kan sitja alle desse stadane, seier Yttri.

Det er prorektorar for utdanning, forsking og regional utvikling, campusutvikling og innovasjon som no skal tilsetjast. Styreleiar Arvid Hallén seier, ifølgje ei pressemelding frå høgskulen, at styret særleg var opptekne av korleis spørsmålet om campusleiing og campusutvikling vert løyst. Styret har bede om at det vert gjort ei vidare konkretisering av modellen som no er valt. Rektor gjekk inn for viserektormodellen.

— Det handlar om å finne gode og tenlege løysingar, roller og funksjonar som tek i vare heilskapen, og som samstundes tar inn det campusspesifikke, det som omhandlar stadleg leiing og det som ligg i å vera eit tydeleg og godt kontaktpunkt for arbeids- og næringsliv, seier Hallén.

Tilsetjing i april

I styremøtet 4.februar skal styret vedta utlysingstekstar for både prorektorstillingar og for fire dekanstillingar. Planen er at desse skal tilsetjast i styremøtet i slutten av april.

— Stillingane vert lyst ut eksternt. Me er verkeleg i eit godt driv, og ønskjer oss både gode interne og eksterne søkjarar, seier Yttri.

Powered by Labrador CMS